Den aktuelle tomten ligg ved Det akademiske kvarter i Olav Kyrres gate. Foto: Hilde Kristin Strand
Den aktuelle tomten ligg ved Det akademiske kvarter i Olav Kyrres gate. Foto: Hilde Kristin Strand

Politikarane varslar omkamp om studentvillaen

For to år sidan sa Bergen kommune nei. No seier politikarane i Høgre og Arbeiderpartiet ja til studentvilla bak Kvarteret. Men universitetsdirektøren meiner ein villa der vil verta for liten.

Publisert   Sist oppdatert

I 2018 sa Bergen kommune endeleg nei til studentvilla på tomta bak Kvarteret. Argumentet frå byadministrasjonen var at bygget ville verta for dominerande i bybiletet. Før det endelege avslaget kom, hadde saka rulla og gått sidan 2013. Det første avslaget kom i 2016.

Men no, rett nok før kommunevalet, sa både Harald Victor Hove (H) og byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) ja til studentvilla. Dette skriv Studvest.

— Universitetet treng hjelp til å gjennomføra dette, men dei møter ein kommune som brukar for lang tid, seier Hove til Studvest.

— No ønskjer me å legga vekt på at dette er eit ja-prosjekt, seier Valhammer.

Nedskalert

Det dei ikkje seier noko om, er kva prosjekt dei vil seia ja til.

Dersom me endar på 500-600 kvadratmeter er det under halvparten av det me byrja med.

Kjell Bernstrøm

— Villaen er allereie nedskalert ein gong. Dersom me endar på 500-600 kvadratmeter er det under halvparten av det me byrja med, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

I fjor haust vedtok universitetsstyret at Nygård skole skal brukast som studenthus. Den gongen var det òg diskutert ei løysing der ein skulle ha ein mindre villa og samstundes bruka Nygård skole til lokale for deler av studentorganisasjonane.

— Me har ikkje begynt arbeidet i Nygård skole i det heile, seier Bernstrøm.

— Men det viktige no er å ha ein ny dialog med studentane og høyra kva som er den beste løysinga for dei.

Bernstrøm understrekar at sjølv om tomta i Olav Kyrres gate kanskje ikkje skal nyttast til studentvilla, er UiB svært interesserte i å få regulert tomta. Direktøren nemner utviding av Kvarteret som eit alternativ.

Til styret igjen

Den gamle studentvillaen vart riven i 2008. Då gjekk Andreas Trohjell på ungdomsskulen. No leier han studentparlamentet ved UiB.

— Det viktigaste er å landa noko snart, seier Trohjell.

— Dersom ein skal samla stundentane nokon annan stad enn i Nygård skole, trengst det eit nytt vedtak i universitetsstyret, seier han vidare.

Trohjell seier at det viktigaste for studentane er å kunne vera samla på ein stad, og at han ønskjer ein dialog med dei organisasjonane som skal inn i eit felles hus.

— Eg oppfattar politikarane no som at dei ønskjer ei politisk overstyring av det vedtaket som er fatta av administrasjonen. Studentvillaen har ikkje vore politisk handsama, seier Trohjell.