Christies gate 18/Keysers gate 1 var foreslått som lokale for eit samla <span class="caps">IKT</span>-miljø ved Universitetet i Bergen. Det vert ikkje noko av, seier universitetsdirektøren. I staden kan det verta rom for studentane i deler av Christies gate 18. Foto: Njord V. Svendsen
Christies gate 18/Keysers gate 1 var foreslått som lokale for eit samla IKT-miljø ved Universitetet i Bergen. Det vert ikkje noko av, seier universitetsdirektøren. I staden kan det verta rom for studentane i deler av Christies gate 18. Foto: Njord V. Svendsen

No kan det verta studentvilla i Christies gate 18

Når administrasjonen flyttar til Nygårdsgaten 5, vert Christies gate 18 ledig. Der kan det verta lokale for studentane.

Publisert

UiB-studentane sin eigen villa vart riven i 2008. Sidan den gong har soga vore lang, men ikkje så veldig konkret. Studentane har framleis ikkje eit eige hus der studentorganisasjonane kan samlast.

I tida like før kommunevalet i haust, kom både Høgre og Arbeiderpartiet på bana og ville ta tak i saka. Men no har UiB-leiinga eit forslag som kan gå mykje kjappare å praktisk gjennomføra.

Prosjekterer

— Det var min idé, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og humrar.

Han viser til forslaget om å bruka deler av Christies gate 18 til studentvilla. Dersom ombygginga av Nygårdsgaten 5 vert gjennomført, skal sentraladministrasjonen inn der. Det vil gjera at Christies gate 18 vert ledig.

— Eigedomsavdelinga er allereie i gang med å prosjektera, seier Bernstrøm.

Dersom alt går etter planen med Nygårdsgaten 5, kan ein koma i gang med ei eventuell ombygging av Christies gate 18 allereie neste haust. Studentane skal i så fall bruka 1100 kvadratmeter av bygget.

Heller Christies gate enn Nygård skole

— Dersom me får velja, er Christies gate 18 nærare Kvarteret enn kva Nygård skole er, seier Andreas Trohjell.

Det hastar med ei løysing, seier Andreas Trohjell i studentparlamentet. Foto: Silje Katrine Robinson
Det hastar med ei løysing, seier Andreas Trohjell i studentparlamentet. Foto: Silje Katrine Robinson

Han leiar studentparlamentet ved UiB.

Universitetsstyret har vedteke at Nygård skole skal byggast om til studentvilla. Men det er mange år til det kan skje. I dag nyttar Griegakademiet deler av skulen, og resten er leigd ut til Bergen kommune.

— Me var først ikkje nøgde med vedtaket om Nygård skole, men har slått oss til ro med det. No har eg vore i kontakt med mellom andre Studentersamfunnet og Kulturstyret, og me er samde om at Christies gate 18 er den beste løysinga, seier Trohjell.

Ja takk, begge deler

UiB ville ha studentvilla på ei tomt bak Kvarteret, men det sa administrasjonen i Bergen kommune nei til. Trohjell understrekar at sjølv om det kan verta lokale for studentorganisasjonane i Christies gate, så ønskjer studentane ikkje å gi opp håpet om den andre tomta.

Me var først ikkje nøgde med vedtaket om Nygård skole, men har slått oss til ro med det.

Andreas Trohjell

— Kanskje kan Kvarteret få eit tilbygg der, så kan ein elles vera i Christies gate 18. Det er ikkje langt unna, seier Trohjell.