Gjert Kristoffersen har tidlegare vore dekan på Det humanistiske fakultetet. — Eg fekk ikkje gjort så mykje for samlingane då, fakultetet var i ein svært pressa økonomisk situasjon, seier Kristoffersen. Foto: Hilde Kristin Strand
Gjert Kristoffersen har tidlegare vore dekan på Det humanistiske fakultetet. — Eg fekk ikkje gjort så mykje for samlingane då, fakultetet var i ein svært pressa økonomisk situasjon, seier Kristoffersen. Foto: Hilde Kristin Strand

Målføresamlingar i uføre

UiB overtok språksamlingane frå UiO. Men UiB sine eigne målføre- og stadnamnsamlingar er det ingen som no har ansvar for.

Publisert   Sist oppdatert

— Eg meiner at dette ikkje går an. Me snakkar om verdifullt materiale, like verdifullt som det som kom frå Oslo.

Språksamlingane

Samlingane er sette saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.

Språksamlingane ligg mellom anna til grunn for Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.

UiO fekk ansvaret for språksamlingane på 1970-talet. Då fekk dei òg ein øyremerka sum til å drifta samlingane.

Hausten 2014 blei det klar at styret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet ikkje lenger ville ha råd til å ta ansvaret for språksamlingane.

15. juni 2017 tok UiB formelt over ansvaret for å drifta bokmål- og nynorskordboka på nett. Det er òg utvikla ein app.

UiB er òg i gang med å revidera bokmåls- og nynorskordboka.

Det seier Gjert Kristoffersen. Han er professor emeritus i nordisk språkvitskap. Fram til han gjekk av med pensjon for eit år sidan, hadde han ansvar for UiB si målføresamling som del av si stilling. No er det ingen som har dette ansvaret.

Samstundes har Universitetsbiblioteket (UB) ansvar for det som vert kalla Språksamlingane. Dette er materialet som vart flytta til Bergen i 2016, etter at Universitetet i Oslo ikkje lenger ville ta ansvar for samlingane. Sommaren 2016 kjørte lastebil etter lastebil over fjellet. Innhaldet var syntaks, morfologi, fonologi, ordtilfang, stadnamn og gamalnorsk språk. Vidare kart, lydopptak, protokollar, arkivsamlingar over ord og namn, store samlingar, ordbøker og digitale forskingsverktøy.

Emeritusar ber om initativ

Mykje av det same fanst allereie ved UiB. Ved Det humanistiske fakultetet er det fleire samlingar, mellom anna målføresamling og stadnamnsamling ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Men etter at dei tre forskarane som hadde ansvar for desse samlingane gjekk av med pensjon, og arkivaren i halv stilling slutta, ligg samlingane der – utan at noko særleg skjer. Kristoffersen har saman med Helge Sandøy og Ole-Jørgen Johannessen skrive eit notat som er sendt til instituttleiinga. Dei ber om at det no vert teke eit initativ i saka.

— Alle meiner at det er naturleg å sjå dei to samlingane i samanheng, og ein hadde ein tanke om samansmelting.

Johan Myking var den som fekk språksamlingane til UiB. Foto: Hilde Kristin Strand
Johan Myking var den som fekk språksamlingane til UiB. Foto: Hilde Kristin Strand

Det seier Johan Myking. Han er professor i nordisk språkvitskap og leiar styringsgruppa for språksamlingane, og var instituttleiar då samlingane frå Oslo kom til UiB.

Myking var for nokre år sidan med på å laga ein politikk for forvaltning av UiB sine ulike samlingar. Men så fekk Det humanistiske fakultetet driftsproblem.

— Fakultetsstyret har fatta eit vedtak om at våre samlingar skal flyttast over til Universitetsbiblioteket, seier Myking.

Peikar på biblioteket

Gjert Kristoffersen peikar òg på Universitetsbiblioteket (UB).

Eg meiner den einaste rasjonelle løysinga er at UB overtek ansvaret.

Gjert Kristoffersen

— Eg meiner den beste løysinga er at UB overtek ansvaret, men det er viktig at fagmiljøet då er representert i språksamlingane si styringsgruppe, seier han.

I målføresamlingane er det i dag samla dialektanalysar og dialektprøvar. Talebanken inneheld om lag 2 000 timar opptak frå tidleg 1950-tal og fram til i dag. Her vert mellom anna opptak gjort av studentar knytt til mellom anna masteroppgåver lagt inn. Namnesamlinga inneheld minst 1,5 millionar namn, fordelt på 400 kommunar. Her ligg mellom dei såkalla skulebarnoppskriftene, der elevar samla inn stadnamn på 1930-talet.

Å driva forsking og samlingsverksemd knytt til desse samlingane vil gjera eit stort inngrep i felleskassen.

Anders Fagerjord

Kristoffersen fortel at han hadde ansvar for målføresamlingane sine som ein del av professorstillinga si, og brukte tida som er sett av til undervisning til dette. Men han hadde arkivarhjelp.

No har ikkje instituttet midlar til å drifta samlingane. Det seier instituttleiar Anders Fagerjord.

— Å driva forsking og samlingsverksemd knytt til desse samlingane vil gjera eit stort inngrep i felleskassen, seier han – og viser òg til Universitetsbiblioteket.

Nasjonalt fagråd

Noko av målføre- og stadnamnmaterialet er digitalisert, andre delar er det ikkje. Randi Neteland er postdoktor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og skal no leia eit nasjonalt fagråd for språksamlingane. Her er mandatet å utvikla samlingane til å verta ein nasjonal forskings- og formidlingsressurs.

Sjølv tok Neteland doktorgrad på talemål på industristaden Sauda. Dette var eit stort prosjekt, med fleire stipendiatstillingar og òg fleire masteroppgåver. For å vita noko om korleis ein snakka i Sauda i tidlegare tider, nytta ho materiale frå UiB sine eigne samlingar.

— Det er kjempeviktig at samlingane vert brukt, av forskarar, men òg av andre, til dømes sogelag og andre historisk interesserte. Slik det er i dag er det ikkje veldig lett å finna fram i samlingane, men det er mykje relevant her, òg for studentar, seier Neteland.

Ho har permisjon frå stillinga si ved Høgskulen på Vestlandet. Der undreviser ho lærarstudentar, og er ein av fleire forskarar som har vore med på å laga youtube-videoar der mellom anna språksamlingane vert presenterte.

— Eg trur det er best dersom dei to samlingane vert fusjonerte – på Universitetsbiblioteket, seier Neteland.

Seks millionar

Peder Gammeltoft er sjølv namnegranskar, og leiar no arbeidet med språksamlingane ved Universitetsbiblioteket. Foto: Hilde Kristin Strand
Peder Gammeltoft er sjølv namnegranskar, og leiar no arbeidet med språksamlingane ved Universitetsbiblioteket. Foto: Hilde Kristin Strand

Der sit Peder Gammeltoft. Han er leiar for Språksamlingane – altså dei som kom frå Oslo.

— Ompakking, registrering og å gjera materialet søkbart vil kosta om lag eit årsverk i året, seier han.

Dette er pengar han og UB ikkje har. Dei fekk løyvd seks millionar kroner frå Stortinget til drift av samlingane frå Oslo.

— Det er eigentleg ikkje så rart at det no er to målføresamlingar som lever side om side. I Danmark har slike samlingar vore samla ved Københavns Universitet, i Noreg har kvart universitet hatt sine. Men samlingane som kom frå Universitetet i Oslo passar fint saman med samlingane ved Universitetet i Bergen, seier Gammeltoft.

— Men så lenge ein ikkje har pengar er det vanskeleg å overta noko anna.