Konferansen opna torsdag, og har program fram til lørdag. Foto: Asbjørn Grønstad
Konferansen opna torsdag, og har program fram til lørdag. Foto: Asbjørn Grønstad

Konferanse om dei amerikanske monumenta

Notert: Monument fortel den amerikanske historia. No er det tema for ein tre dagars konferanse.

Publisert

Ikkje alle monument er laga av stein. Heminway har vorte kalla eit monument, Bibelen likeså. Dette heiter det på nettsida til den internasjonale konferansen om amerikastudier, som vert arrangert av UiB og Høgskulen på Vestlandet denne veka. Det er 26. gong konferansen vert arrangert, og på lista over tema står mellom anna historie, media, myter – og Donald Trump.