Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, Amalie Skram-rektor Bjørn Lyngedal og UiB-rektor Dag Rune Olsen tok plass ved kateteret i eit av dei nye klasseromma på Amalie Skram vidaregåande skule for å signere intensjonsavtalen om samarbeid. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, Amalie Skram-rektor Bjørn Lyngedal og UiB-rektor Dag Rune Olsen tok plass ved kateteret i eit av dei nye klasseromma på Amalie Skram vidaregåande skule for å signere intensjonsavtalen om samarbeid. Foto: Ingvild Festervoll Melien

UiB og Amalie Skram vgs i pedagogisk partnarskap

I dag signerte partane avtalen som sikrar UiB kontakt med komande studentar. Til gjengjeld skal hardt prøvde lærarar få nytt påfyll frå forskingsfronten.

Treningssal, luftig auditorium, symjebasseng med utsikt til byfjella, kjøkken med kaffimaskiner og toastjern. Til hausten vil Amalie Skram vidaregåande skule stå klar til bruk for dei 990 elevane som får plass. Samtidig vert Amalie Skram vidaregåande også Hordalands første universitetsskule. Det betyr eit utstrakt samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB) om forsking, undervisning og vidareutdanning.

Torsdag underteikna Bjørn Lyngedal avtalen med UiB-rektor Dag Rune Olsen og fylkesordfører Tom-Christer Nilsen intensjonsavtalen om samarbeid, ein avtale som knyt tette band mellom utdanningsinstitusjonane.

– Dette er ein merkedag, seier Bjørn Lyngedal, rektor ved Amalie Skram vidaregåande skule.

Dette skal UiB og Amalie samarbeide om:

  • Forskarar frå universitetet kan forelese på skulen
  • Elevar kan besøke universitetet  og få prøve laboratorium
  • Elevar kan delta i forskingsprosjekt  innanfor språk, naturfag, samfunnsfag og andre fag
  • Lærarar kan få etter- og vidareutdanning ved universitetet
  • Forskarar kan bruke Amalie Skram som arena for å forske på ungdom, utdanning og læring
  • Studentar ved Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan ha praksis ved skulen
  • Studentar kan bruke skulen for å finne tema til bachelor- og masteroppgåver

 

Gode elevar kan bli gode lærarar
Gjennom samarbeidet sikrar UiB seg også ein praksisarena for PPU-studentar, samt ein skule der ein kan forske på ungdom og læring. Ifølgje avtalen skal UiB bidra til å heve kompetansen hos lærarane ved skulen.

For dette heng saman, forklarer Dag Rune Olsen. Ein god skule gjev sterke elevar, som seinare blir dyktige studentar. Nokre av desse kan få jobb i skulen som framifrå pedagogar.

Leiinga ved UiB og Amalie Skram vil også vurdere om ekstra flinke og motiverte elevar  kan få ta del i faglege løp ved UiB.

– Vi vil vurdere om det er muleg at elevar som treng ekstra utfordringar kan få følgje kurs ved UiB. Det er nokre formalkrav som gjer at dei ikkje kan ta eksamen før dei har fått vitnemål. Men vi vil sjå grundig på korleis vi kan få på plass eit godt opplegg for eit samarbeid med skulen, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning.

Lærarløft i praksis
Eit av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksens delmål for å heve kvaliteten på norsk skule er å gje etter- og vidareutdanning til lærarane.  

– Litt beror på kva dei faktisk vil legge fram for å innfri dette delmålet, men vi står klare til å samarbeide om å gje fagleg oppdatering og påfyll, seier rektor Dag Rune Olsen.

– Vi vil gje etter- og vidareutdanning i blant anna jus, psykologi, samfunnsfag, medisin, realfag og språkfag, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning.

Rekruttering
Samtidig har UiB eit ønske om å få synleggjort faga institusjonen tilbyr. Får dyktige elevar kontakt med fagmiljø på UiB alt mens dei enno er skuleelevar, er håpet at dei seinare skal velje UiB som studiestad.

– Her får vi høve til å rekruttere dyktige elevar til studium ved UiB, seier Dag Rune Olsen.  

Elevane kan også ta del i forskingsprosjekt, og dei vil få prøvd seg i laboratoria til universitetet.

Set elevane sine behov først
Amalie Skram vil ikkje bli ein heildigital skule der tavla er erstatta med personlege nettbrett.

– Vi har valt tradisjonelle løysingar. Blant anna har vi gått tilbake til klasseromsmodellen. Vi vil óg i hovudsak bruke bøker, men ha digitale læremiddel som supplement, seier Bjørn Lyngedal, rektor ved Amalie Skram vidaregåande skule.

Dei ulike klassetrinna vi halde hus ein etasje kvar i det nye bygget ved Storelungeren. Ein skule i skulen, kallar rektor Bjørn Lyngedal modellen.

–Lærarane skal flytte med dei etter kvart som dei rykker opp til neste klassetrinn. Det er ikkje lærarane så begeistra for. Men elevane skal stå i sentrum, seier Bjørn Lyngedal.

– Skule i skulen. Eleven i sentrum. Her har kanskje universitetet noko å lære, seier Dag Rune Olsen.

Framleis er det ein byggeplass der vernesko og hjelm er påbode. Men til hausten skal den nye storskulen Amalie Skram vidaregåande skule stå klar. Torsdag fekk Oddrun Samdal og Dag Rune Olsen sjå lokala, samt møte komande lærarar og elevar. Foto: Ingvild Festervoll Melien.