— Bevisa for at jorda er ei spinnande kule har eg enno til god å sjå, seier Christian Paaske i Alternativmessen. Foto: Privat
— Bevisa for at jorda er ei spinnande kule har eg enno til god å sjå, seier Christian Paaske i Alternativmessen. Foto: Privat

Er jorda flat? Vil ha forskarar frå UiB til å møte i debatt

Alternativmessen ber Universitetet i Bergen stille med fagperson som kan dokumentere at jorda ikkje er flat.

Published   Updated

«Dette er et tema stadig flere er opptatt av», heiter det i brevet som er gått til Institutt for Geovitenskap ved Universitetet i Bergen (UiB), signert Christian Paaske – Alternativmessen Sunn livsstil.

Debatten skal etter planen gå føre seg under Alternativmesssen i Bergen i tidsrommet 22.-24. mars. I panelet er det tenkt at det skal vere ein person som «vil fremlegge fysiske beviser» for at jorda er flat. No søker debattarrangøren i tillegg etter «en fagperson til å fremlegge hvilke konkrete beviser som finnes for at jorden er rund».

Videre heiter det i brevet til instituttet at ein vil «gi publikum mulighet til å gjøre seg opp sin egen mening. Det handler altså om å belyse en sak fra begge sider». Den potensielle debattsamtalen skal ifølgje arrangøren vare i 50 minutt, med ei 15 minutt lang innleiing frå kvar av sidene.

Forskar: Jorda er rund

– Eg har vanskeleg for å sjå dette som seriøst, og eg reknar med at dette ikkje er noko vil kjem til å stille på, seier professor og leiar for geodynamikk-gruppa på instituttet i Bergen, Ritske S. Huismans.

Det er, forsikrar Huismans, ingenting nytt som har dukka opp i løpet av dei siste hundreåra som tyder på at jorda har flata ut.

– Nei, dette oppfattar eg ikkje har med kunnskap å gjere. Det er eit syn som utelukkande handlar om tru, seier Huismans.

– Frå tid til annan blir vi konfrontert med slike ekstreme idear som ikkje har noko som helst med vitskap å gjere. Vi ser på det som ein slags spam.

- Til gode å sjå bevis

Christian Paaske i Alternativmessen seier han ikkje er overraska over at han blir stempla som ekstrem og uvitskapeleg.

– Men vi ser at det er ein debatt på internett om dette, og vi ønskjer å presentere synspunkt frå begge sider. Sjølv er eg komen til den konklusjonen at flat-jordargumenta fortener å bli tatt på alvor.

Paaske seier han har gått gjennom argumenta på begge sider og har til gode å sjå bevis for at jorda er ei kule. På spørsmål kva han tenker om fotografi av ein trill rund jordklode frå verdsrommet, svarer Paaske at desse fotografia er forfalska. Han har halde to foredrag i Stavanger der han har argumentert for at jorda er flat.

Men lite tyder altså på at han får drahjelp frå vitskapsfolk ved Universitetet i Bergen.

Ifølgje Alternativmessa vil 80 utstillarar ta plass på Radisson Blue Royal i Bergen 22. mars. Det vil bli 80 foredrag og arrangøren venter 3500 besøkande.