Faglærte forskalingssnekkarar har hjelpt måseparet med reirbygginga denne gongen, og lagd ein koseleg rugekasse. Her er reiret flytta til Odontologen, frå ei betongsøyle som no er riven. Foto: Dag Hellesund
Faglærte forskalingssnekkarar har hjelpt måseparet med reirbygginga denne gongen, og lagd ein koseleg rugekasse. Her er reiret flytta til Odontologen, frå ei betongsøyle som no er riven. Foto: Dag Hellesund

Redda raudlista måse med lift – men fekk millionsmell grunna japansk ugras

Det er ikkje berre enkelt å vere ansvarleg byggherre for nye Alrek helseklynge.

Publisert

Dei to første har allereie flytta inn på Alrek helseklynge. Eit fiskemåsepar syntest at tomta var så attraktiv at dei flytta inn. Etter ein intens hekkeperiode blei det egg på dei to i finvershelga 10. til 12. mai.

Problemet var berre at dei hadde plassert reiret på toppen av ei betongsøyle frå det gamle odontologibygget – som måtte rivast. Å vente ville forseinke heile prosjektet til fleire hundre millionar kroner.

Bygde kasse rundt reiret

— Då vi kom på jobb måndag hadde fiskemåkane funne ut at dei ville lage reir på ein påle, seier Helge Rekve, som er prosjektansvarleg for Alrek helseklynge.

Fiskemåsen er raudlista, og altså blant truga fugleartar. Rekve og entreprenør Skanska tok difor kontakt med ein ornitolog, som kom opp med ei løysing: Reiret kunne flyttast, om det blei gjort varsamt.

Først bygde dei ein trekasse rundt reiret. Så blei ei finerplate forsiktig skubba inn under reiret. Deretter blei reiret forsiktig flytta med ein lift frå betongsøyla som snart skulle få sin bane, over på eit utspring av taket på det nye odontologibygget.

Etter å ha halde seg unna reiret nokre timar, la den eine måsen seg til å ruge igjen. Og då dei tilsette kom på jobb dagen etterpå låg fuglane framleis på reiret, står det i bloggen til Norsk ornitologisk forening.

UiB og Skanska får mykje ros i bloggen: «Tilfeller som dette der byggeiere og entreprenører tar hensyn til hekkende fugler hører dessverre til sjeldenhetene. Som oftest taper hekkende fugler mot økonomiske interesser i slike situasjoner.»

Unntakstilfelle

— Som regel går det ikkje så greitt som i dette tilfellet. På byggjeplassar tar dei normalt ikkje hensyn til måsar. Dei berre fjernar reiret, som ikkje er lov, fortel ornitolog Arild Breistøl i Norsk ornitologisk foreining. Til dagleg jobbar han som overingeniør ved Institutt for biovitskap.

Det følgjer av naturmangfoldlovens § 15 at «unødig skade og lidelse på viltlevende dyr og deres reir, bo eller hi unngås».

85 prosents reduksjon

Ofte trur ein at det finst massevis av måsar, blant anna i parkar i byen.

— Men situasjonen for fiskemåsen er eigentleg ganske dramatisk. I løpet av dei siste 30 åra er bestanden redusert med 85 prosent på Vestlandet sør for Stadt, forklarer Breistøl.

Urban fiskemåse med to ungar, fotograferte på Marineholmen. Foto: Arild Breistøl
Urban fiskemåse med to ungar, fotograferte på Marineholmen. Foto: Arild Breistøl

Og forskarane har ikkje ei god forklaring på det.

— Men ein del av forklaringa er at det før var mykje meir fiskespisande kval, som vågekval. Og så har kystmiljøet blitt mykje meir okkupert av menneske, gjennom hyttebygging. Vannskuterar er òg veldig øydeleggjande for hekkande fugl, for dei kan gå på veldig grunt vatn, forklarer Breistøl.

Fuglane som før hekka på skjær på kysten har difor trekt inn på hustak.

— I byen ser det difor ut som det er mange fiskemåsar, men det er ikkje det. No hekkar dei fleste fiskemåsane urbant, rundt på hustak, fortel han.

70 prosent i landskap

Prosjektleiar Helge Rekve er uansett godt nøgd med at måsane har fått seg ein ny heim, og at arbeidet med bygget kan gå vidare.

— Vi er på planen for å overta bygget 10. august neste år. Vi har hatt gode brukarprosessar, og vi vil få eit flott bygg. Det skal vere tett til jul, fortel han.

Vi har hatt utfordringar med forureining i grunnen, og asbest i betongen.

Helge Rekve

No ligg bygget an til å få 30 prosent av arbeidsplassane for tilsette i einekontor, mens 70 prosent vil sitje i variantar av kontorlandskap.

Men sjølv som bygginga går etter planen, så er det alltid eit og anna problem som dukkar opp.

— Vi har hatt utfordringar med forureining i grunnen, og asbest i betongen, seier Rekve.

Alt er tatt hand om og køyrd vekk til godkjende deponi.

Parkslirekne kosta éin million

Litt meir uventa var det at ein del jord måtte køyrast vekk på grunn av ein plante.

På 1800-talet blei den japanske planten parkslirekne innført til Europa, og Norge. Men dei 1-2,5 meter høg stenglane har spreidd seg kraftig, og planten er på den svarte lista over plantar som helst skal fjernast frå norsk natur.

Parkslireknen hadde òg spreidd seg til tomta til helseklynga, og all jord med planten måtte destruerast.

— Det kosta oss éin million kroner, fortel Rekve.

Måsereiret til høgre foran. Det blei flytta frå ei søyle som sto nede i byggegropa, rundt 25 meter unna. Foto: Dag Hellesund
Måsereiret til høgre foran. Det blei flytta frå ei søyle som sto nede i byggegropa, rundt 25 meter unna. Foto: Dag Hellesund