Bollar, kaffi og strategi til folket

Kanskje smakar eit universitetsdokument betre med ein bolle til?

Publisert

Ein kan seia mykje om måndagar, og til og med gi dei ein eigen farge. Men denne måndagen vart UiB-tilsette møtt av både kaffi og bollar på veg inn på arbeidsplassen.

— Eit ernæringstiltak, humrar rektor Dag Rune Olsen.

Sjølvsagt er det ikkje berre det. I førre møte vedtok universitetsstyret UiB sin reviderte strategi. No skal strategien ut til folket.

— Då strategien vart vedteken i 2015, hadde me både oppstartmøte på Litteraturhuset i Bergen og deretter møte med ulike fagmiljø. Slik har me ikkje gjort det denne gongen, sidan me har hatt ein strategi i botn. Men det er likevel viktig å gjera dei tilsette merksame på strategien, seier Olsen.

To morgonblide herrar les strategien til frukost. Dekan Karl Harald Søvig og rektor Dag Rune Olsen. Foto: Tor Farstad
To morgonblide herrar les strategien til frukost. Dekan Karl Harald Søvig og rektor Dag Rune Olsen. Foto: Tor Farstad

Stortingspolitikar

– Eg er oppteken av at me skal heisa dei ambisjonane eit slikt strategidoument er meint å vera. Me treng å visa til heile organisasjonen, men òg til omverda, kva me har tenkt å gjera.

Det sa kommunikasjonsdirektør Tor Godal då styret vedtok den reviderte strategien i februar-møtet. Og måndag er representantar frå omverda inviterte til aulaen for å seia noko om strategien. Eit blikk utanfrå, seier rektor Olsen, og håpar panelet, der mellom anna Norce-direktør Elisabeth Maråk Støle og stortingspolitikar Ove Trellevik sit, kan seia noko om korleis UiB kan fylla samfunnsoppdraget sitt på ein best mogleg måte.

Ove Trellevik (H) er blant dei som skal meina noko om UiB sin reviderte strategi. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Ove Trellevik (H) er blant dei som skal meina noko om UiB sin reviderte strategi. Foto: Ingvild Festervoll Melien

— Å dela kunnskapen vår med samfunnet meiner eg er endå viktigare enn før. Tittelen på strategien, «Kunnskap som former samfunnet», har vorte meir aktuell, seier Olsen.

— Trengs forskarar i større grad enn før i den polariserte samfunnsdebatten ein no ser?

— Ja, det meiner eg. Forskarar kan koma med objektive sanningar. Det er viktig, både i den pågåande debatten, men òg i utforminga av politikk, seier Olsen, og viser til debatten i Aftenposten om eit berekraftsråd, som han og viserektor Annelin Eriksen saman med klimaforskar Tore Furevik går inn for.

Politisk grunnlag

Eigne koppar til strategikaffien. Foto: Tor Farstad
Eigne koppar til strategikaffien. Foto: Tor Farstad

Sjølv om innhaldet i strategien i hovudsak er likt som før, har det kome inn fleire konkrete tiltak. Prorektor Margareth Hagen, som har leia revideringsarbeidet, har tidlegare sagt at ein har rydda opp litt i teksten. I tillegg har nye punkt, som innovasjon og berekraft.

— Med ansvaret for berekraftsmål nummer 14 har UiB fått ei ny samfunnsrolle. No dannar vår forsking grunnlag for politiske debattar i FN, seier Olsen.