Når skal UiB skjenka alkohol? Rektor vil ha ein gjennomgang av skjenkerutinane, prorektor synest det vert drukke for mykje på UiB. Foto: Tor Farstad
Når skal UiB skjenka alkohol? Rektor vil ha ein gjennomgang av skjenkerutinane, prorektor synest det vert drukke for mykje på UiB. Foto: Tor Farstad

Rektor vil sjå på skjenkerutinar

Forskarar drikk oftare i jobbsamanheng enn andre. Rektor Dag Rune Olsen vil ha ein gjennomgang av UiB sin skjenkepolitikk.

Publisert   Sist oppdatert

— Eg synest det vert drukke for mykje på UiB.

Det sa prorektor Margareth Hagen då arbeidsmiljøutvalet (AMU) hadde møte tidlegare i mai. Ho viste til undersøkinga frå Folkehelseinstituttet, som fortel at forskarar drikk oftare i jobbsamanheng enn andre. 21 prosent rapporterer at dei har drukke alkohol meir enn ein gong i jobbsamanheng det siste året, skriv Aftenposten.

Prorektor Margareth Hagen har tidlegare tatt til orde for at tilsette ikkje bør gå på nachspiel med studentar, og er opptatt av samanhengen mellom seksuell trakassering og alkoholbruk. Foto: Hilde Kristin Strand
Prorektor Margareth Hagen har tidlegare tatt til orde for at tilsette ikkje bør gå på nachspiel med studentar, og er opptatt av samanhengen mellom seksuell trakassering og alkoholbruk. Foto: Hilde Kristin Strand

— Eg synest me generelt bør gjera ei vurdering av i kva samanhengar UiB skal servera alkohol, og vurdera å ha fleire alkoholfrie tilstellingar, seier Hagen til På Høyden.

Ho synest tala frå Folkehelseinstituttet er skremmande.

— Kva seier dei noko om?

— Det er ikkje bra – men samstundes seier det noko om at forskaryrket er ein spesielt yrke, der ein har mange arbeidsmiddagar og treff utanfor kontortid, og der det kan vera flytande grenser mellom jobb og fritid.

260 000 i året

UiB har i dag ein rusmiddelpolitikk i fire punkt, der det mellom anna heiter at det er uakseptabelt å vera ruspåverka eller i bakrus i arbeidstida. Dersom ein deltek på kurs, konferansar eller andre arbeidsrelaterte tilstellingar, er ein å sjå på som representant for UiB, og det vert forventa at ein har ei åtferd som ikkje går utover UiB sitt omdømme.

Men det finst ingen reglar som seier i kva samanhengar ein kan servera alkohol eller kor mykje ein kan servera. Her er det staten sine satsar som styrer, dei seier noko om kor mykje pengar ein kan bruka.

På Høyden har fått innsyn i UiB sine rekningar frå vinmonopolet attende til 2016. Dei viser at universitetet brukar mellom 260 000 og 285 000 kroner på alkohol kjøpt på polet kvart av desse åra. I tillegg kjem utgifter til alkohol som er kjøpt som del av ein middag. Men alkoholinnkjøpet er langt lågare enn ved UiO. Då Universitas sjekka i 2017, viste det seg at UiO hadde brukt over 900 000 kroner på vinmonopolet i løpet av eitt år.

Meiner tala er ugreie

— Me bør ha ein gjennomgang av alkoholpolitikken vår, seier rektor Dag Rune Olsen.

Han kallar tala frå Folkehelseinstituttet «ugreie», og meiner det ikkje er nokon grunn til at forskarane skal skilja seg ut.

Eg meiner det kan vera klokt å sjå til helseføretaka. Dei definerer i større grad enn oss når ein skal servera alkohol, og kor mykje.

Dag Rune Olsen

— Der me i hovudsak serverer alkohol, er til middagar. Det vert òg servert eit glas musserande knytt til doktorpromosjon. Eg meiner det kan vera klokt å sjå til helseføretaka. Dei definerer i større grad enn oss når ein skal servera alkohol, og kor mykje, seier Olsen.

Alkoholservering i helseføretaka er noko som har vore debattert både for Stortinget sin talarstol og vore omtala i fleire aviser, mellom anna Bergens Tidende.

— Dei UiB-tilsette er vaksne folk som burde kunne ta vare på seg sjølv, meiner universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Men han meiner ikkje at det skal vera fritt fram med alkoholservering av den grunn.

— Det er veldig få arrangement på dagtid der det vert servert alkohol. Dei som er invitert til 25- og 40-årsjubileum får eit glas når dei kjem dit, og pensjonistane får eit glas sherry når det er samkome for dei før jul.

— Kva med master- og bachelorseremoniar?

— Der meiner eg ein skal vera veldig forsiktig, og helst ikkje servera alkohol, seier Bernstrøm.

Fokus på avhengigheit

Arbeidsmiljøutvalet diskuterte sak om handlingsplan for avhengigheitsproblematikk ved UiB. Dette er eit tema verneomboda ønskjer å ha særleg fokus på, seier hovudverneombod June-Vibecke Knudtsen Indrevik til På Høyden.

— Generelt i samfunnet ser ein ei aukande grad av avhengiheitsproblematikk, ikkje berre når det gjeld alkohol, men òg tablettar og dataspel. Dette er noko det er viktig at ein som institusjon er klar over, seier ho.

Årsrapporten frå Akan, som AMU òg hadde oppe som sak, viser at Akan i fjor var inne i 19 saker.

Eg trur eg i snitt har invitasjon til tre kveldsarrangement i veka. Der vert det ofte servert alkohol.

Dag Rune Olsen

— Ved oppfølging får den tilsette tilbod om ei Akan-kontrakt. Denne må den tilsette sjølv takka ja til, seier Britt Karin Muri.

Ho er underdirektør hos HR-avdelinga.

— Veit ein noko om mørketal når det gjeld rusproblem?

— Nei, det veit ein ikkje. Men sett i lys av statistikk er det gjerne grunnlag for å tru og diskutera om det er mørketal seier Muri.

Ho understrekar at hennar hovudinntrykk er at alkoholbruken ved UiB er veldig fornuftig.

—Staten sine satser gir føringer som vert følgt opp med dokumentasjon.

Tre arrangement i veka

Jørgen Melve er leiar i AMU. Han seier som Muri; truleg er det UiB-tilsette som har eit alkoholproblem utan at dette er fanga opp.

— Bør UiB servera alkohol?

Det er rart å vera heilt i mot at nokon skal kunne drikka eit glas musserande.

Jørgen Melve

— Det er rart å vera heilt i mot at nokon skal kunne drikka eit glas musserande. Eg har vore med på nokre disputasar. I etterkant er det gjerne ei markering på instituttet, og dette går føre seg på slutten av arbeidsdagen. Då er det om lag halvparten som vel å drikka alkohol, den andre halvparten gjer det ikkje, seier Melve.

Han seier at for dei aller fleste tilsette er det ytterst sjeldan at dei får tilbod om alkohol i samband med jobb, og at det då vert ei hyggelig anerkjenning. For leiinga er det annleis.

— Eg trur eg i snitt har invitasjon til tre kveldsarrangement i veka. Der vert det ofte servert alkohol, seier rektor Olsen.

Rektor Dag Rune Olsen er invitert til mange arrangement der det vert servert alkohol. Her frå opninga av Media City Bergen, saman med dåverande kulturminister Linda H. Helleland, TV2-sjef Olav Sandnes og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Rektor Dag Rune Olsen er invitert til mange arrangement der det vert servert alkohol. Her frå opninga av Media City Bergen, saman med dåverande kulturminister Linda H. Helleland, TV2-sjef Olav Sandnes og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Det same seier Bernstrøm. Som universitetsdirektør er han invitert til mange ulike arrangement.

— Men om det er på kveldstid køyrer eg gjerne bil, seier han.

I UiB sine retningslinjer heiter det at det alltid skal vera eit alkoholfritt, likeveldig alternativ. Dette har ein vorte flinkare til, meiner Melve.

— Spørsmålet er jo kor tydelege retningslinjer ein ønskjer. Dersom dei er veldig tydelege, er det mindre rom for skjønn. Og eit handlingsrom kan alltid utnyttast, dersom ein går inn for det. Hovudutfordringa er, slik eg ser det, å finna ein balanse der det ikkje er forventa at ein drikk alkohol.

Det er Indrevik samd i. I AMU-møtet sa ho at ho sjølv ikkje drikk alkohol.

— Og det er vel så ofte eg som får spørsmål om det, ikkje dei som vel å drikka.