Næringsminister Monica Mæland tok seg av snorklyppinga under tirsdagens opning av anlegget som skal dyrka fram algar rike på omega-3. Dei første algane er allereie på plass i drivhuset.
Næringsminister Monica Mæland tok seg av snorklyppinga under tirsdagens opning av anlegget som skal dyrka fram algar rike på omega-3. Dei første algane er allereie på plass i drivhuset.

Her skal mikroalgar bli til fiskefôr

Publisert

C02 frå Mongstad skal bli til mat for mikroalgar, som igjen skal bli til omega-3-rikt fiskefôr. Så langt er det brukt 18 millionar kroner på pilotanlegget.

– Dette er ei fantastisk nyheit for det store forskings- og næringsmiljøet regionen vår. Tenk at CO2 skule koma til å bli ein ressurs. Det er ikkje mange som kunne førestilla seg det, sa rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, under opninga av det nye anlegget.

Matproduksjon er det som gir størst klimaavtrykk

Mikroalgane skal fòrast med CO2, og målet er at dei skal bli rike på omega-3. Trongen for nye omega-3 kjelder til bruk i fiskefôr er i dag stort.

Pilotanlegget er plassert rett attmed Teknologisenteret (TCM) og får CO2 levert der i frå. 

– Det er berre ei avgrensa mengde fiskeolje som er tilgjengeleg globalt. Det betyr at ein må utvikla alternative kjelder for bruk både til landbruk og oppdrett. Det er viktig å produsera betre og meir mat utan at det går på kostnad av miljø, helse og klima. Matproduksjon er det som gir størst klimaavtrykk, og det ønsker me å gjera noko med, seier Hans Kleivdal.

Pilotanlegget

  • Anlegget er plassert like ved Teknologisenter Mongstad (TCM), og får levert CO2 der ifrå.
  • Teknologisenteret er bygd for å kunne fange 100 000 tonn CO2 i året. Fram til no har gassen blitt slept ut til luft. No vil delar av den komme til nytte i produksjonen av mikroalgar.
  • I pilotanlegget vil ein utnytte fotosyntesen, kombinasjonen av næringsstoff, vatn, CO2 og sollys, til å produsere algane.
  • Selskapet CO2Bio vil stå for drift av anlegget i samarbeid med UiB, som er byggherre for anlegget, og har også det faglege ansvaret.
  • Til saman er det investert 18 millionar kroner i anlegget. 

 

Han er forskingsdirektør ved Uni Research og førsteamanuensis II ved Universitetet i Bergen, og har det faglege ansvaret for prosjektet. Selskapet CO2Bio AS vil stå for drift av anlegget i samarbeid med UiB. 

Utnyttar fotosyntesen
Produksjonen av mikroalgane føregår i eit drivhus, kor ein utnytter fotosyntesen. Kombinasjonen av sollys, CO2, næringsstoff og vatn er rekna for å vera berekraftig og trygg. Det går med 1,8 tonn CO2 for å produsera eitt tonn med algar.

Fagleg ansvarleg for prosjektet, Hans Kleivdal (t.h.), viser fram korleis teknologien verkar til Næringsminister Monika Mæland og UiB-rektor Dag Rune Olsen. 

Til no har produksjonen føregått i eit laboratorium ved institutt for biologi i Bergen, kor tusenvis av ulike algar har blitt testa ut. No er det i første omgang fem ulike algetypar som vil bli prøvd ut i drivhuset på Mongstad. Prøveprosjektet skal vara i 2,5 år.

Les også: Berekraftig algesuppe

– Me leitar etter gode algestammar som produserer høge nivå av omega-3. Pilotanlegget gjer at me vil ha gode data på berekraft og økonomi i heile verdikjeda, og ha betre grunnlag for å sjå kva veg me skal ta vidare etterpå. Det er viktig å følga med på kostnadane undervegs, og ikkje minst kva CO2-avtrykk me skapar under produksjonen, seier Kleivdal.

Klimaverkemiddel
– Kor mykje som må til for at dette skal få klimaeffekt?

– Det kjem an på ulike faktorar, men viss algar blir brukt i store delar av verda, kan det blir eit betydeleg verkemiddel for å få ned klimautslepp. Det er i alle fall nok CO2 å ta av, seier Kleivdal.

Næringsministeren er imponert over korleis forskarane har tenkt utanfor boksen, og kombinert teknologi frå fleire ulike retningar. 

– Dette er noko me må gjera i større grad i Noreg. Å knyta olje- og offshorenæring til marine næringar er verkeleg noko me kan vinna på framover. Me er verdsleiande innanfor marin næring. Me veit at etterspurnaden etter norsk fisk er stor, og me ønsker vekst, men det må skje innanfor berekraftige rammer. Det å kombinera CO2 med noko me har behov for, er ei fantastisk moglegheit for å legga til rette for berekraftig vekst, seier Mæland.

Det er millionar av tonn CO2 som blir slept ut frå anlegga på Mongstad, men Teknologisenteret er berre laga for å fanga 100 000 tonn i året. Ei fullskala industriell satsing på algeproduksjon vil krevja meir enn 100 000 tonn CO2. Mæland seier det er for tidleg å tenka i så stor skala. 

– Me er i startgropa på noko. Piloten vil visa om dette er mogleg å få til, og då må ein vurdera om det skal finansierast og vidareførast. Eg håpar det skal lukkast, så får me komma tilbake til finansieringa. 

Les også: Mikroskopisk alge kan mette tusenvis, men vegen mot lyset er lang

 – Inne i desse røyra er det fleire milliardar med mikroalgar, fortel forskar ved Uni Research, Dorinde Weinegris, som nyleg er tilsett på prosjektet.