Diskuterbar-leiar Peter Rolfsen saman med viserektor Oddrun Samdal og fakultetsdirektør Alette Gilhus Mykkeltvedt. Alle tre glade for å kunne opna den nye studentbaren. Foto: Hilde Kristin Strand
Diskuterbar-leiar Peter Rolfsen saman med viserektor Oddrun Samdal og fakultetsdirektør Alette Gilhus Mykkeltvedt. Alle tre glade for å kunne opna den nye studentbaren. Foto: Hilde Kristin Strand

No har SV-fakultetet òg fått sin eigen studentbar

Der tidlegare SV-studentar drakk kaffi frå termos, har noverande samfunnsvitarar fått ein splitter ny kafé.

Published   Updated

- Her har eg brukt mange timar. Kanskje litt for mange, vil nokon seia, humra Alette Gilhus Mykkeltvedt onsdag ettermiddag.

Fakultetsdirektøren ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet er sjølv samfunnsvitar, og har brukt mange, mange timar på lesesal i U. Pihls hus. Men der resten av huset er temmeleg likt som då Mykkeltvedt studerte på 1990-talet, er rommet der ho og medstudentane drakk kaffi frå termos no vorten ein ny, fancy kafé.

Nyvinninga heiter Diskuterbar, og onsdag kunne ein stolt leiar Peter Rolfsen ønskja velkommen til den nye samlingsplassen.

- Her skal me bygga eit godt studiemiljø, sa Rolfsen om kafeen og baren som er for alle SV-studentar.

Femti frivillige

Dei siste månadane har det gått fort, og den siste tida har Rolfsen og andre frivillige jobba hardt for å vera klare til opning. Femti frivillige er klare til innsats.

- Sjølv visste eg ikkje om at det fanst studentorganisasjonar ved SV før eg var i gang med andre året av bachelorgrada. No er målet at dette skal verta ein samlingsplass, både for studentorganisasjonar og andre studentar, sa Rolfsen til På Høyden før opninga.

Og då kafeen opna, var det rett og slett stinn brakke. Framover er planen drift måndag til fredag, med skjenkeløyve om ettermiddagen.

- Eg snakkar med folk overalt, og me har både hengt opp plakatar og brukt sosiale media for å reklamera. Mange er glade for å høyra at det skal koma ein bar her, sa Rolfsen.

Dette er pengar me brukar med glede

Oddrun Samdal

SV er det siste fakultetet som får sin eigen slike samlingsstad for studentar. Viserektor Oddrun Samdal var stolt og glad då ho kunne overlevera eit kunstverk som gåve til den nye kafeen. Klippa den raude snora fekk ho òg.

- Allereie i 2013 sa me som var i det nye rektoratet at me ville prioritera fagleg-sosiale møteplassar. Dette er pengar me brukar med glede – eg kjenner allereie no at dette er eit rom det er godt å vera i, og eg håpar dette vert ein stad der folk ønskjer å koma, sa Samdal.

Diskuterbar var heilt full under opninga tidleg onsdag ettermiddag. Foto: Hilde Kristin Strand
Diskuterbar var heilt full under opninga tidleg onsdag ettermiddag. Foto: Hilde Kristin Strand

Øvst på lista

For det har altså teke tid før SV-fakultetet fekk på plass sin eigen studentbar. Nikolai Klæboe, no leiar i Studentparlamentet, var ein av dei som tok initiativ til ein samlingsstad. Først var planen at kafeen skulle koma i første etasje i SV-bygget. Det vart praktisk vanskeleg.

- Dette er ein fin dag, sa Klæboe under opninga.

- Mange studentar har kome og gått utan at det har vorte ein eigen kafe, og eigedomsavdelinga sin prosjektleiar har sjølv fått to barn under dette lange kafé-svangerskapet, humra Mykkeltvedt.

Ho ga ros til studentane som ikkje har gitt opp.

- Ulrikke Pihl var styrar på det som heitte ein pikeskole. Ein kan tenkja seg at ho ikkje hadde likt det som går føre seg i bygget no. Men noko av det de kjem til å læra, er å servera mat og drikke, vasking og rydding – altså huslege syslar – slik ein skulle læra på pikeskolen. Men me som fakultet ønskjer at de tek nokre studiepoeng òg, altså.

Eigedomsdirektør Even Berge hadde med seg ei god nyheit: Universitetsstyret handsama førre veke ei sak om Kunnskapsdepartementet sitt tildelingsbrev for 2019. Her ligg det inne ein sum til vedlikehald i sektoren. Det er ikkje avgjort om UiB får nokre av desse pengane.

- Men dersom me gjer det, står U. Pihl øvst på lista. Det betyr at me legg opp til å kunne oppgradera resten av bygget, sa Berge.