Alette Gilhus Mykkeltvedt etterlyser tydelegare retningslinjer for når ein kan servera alkohol i UiB-samanheng. Foto: Tor Farstad
Alette Gilhus Mykkeltvedt etterlyser tydelegare retningslinjer for når ein kan servera alkohol i UiB-samanheng. Foto: Tor Farstad

SV-direktør seier nei til alkohol i arbeidstida

— Det kan ikkje vera automatikk i at kvar gong me har eit arrangement så skal det serverast alkohol, seier fakultetsdirektør Alette Gilhus Mykkeltvedt.

Publisert   Sist oppdatert

— Eg hadde ikkje hatt noko imot at UiB ikkje hadde servert alkohol i arbeidstida, seier Alette Gilhus Mykkeltvedt.

Ho er fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet.

Som På Høyden har skrive, tek UiB-rektor Dag Rune Olsen til orde for ein gjennomgang av skjenkepolitikken ved UiB. Dette skjer etter at arbeidsmiljøutvalet (AMU) diskuterte alkoholpolitikk på førre møte. Prorektor Margareth Hagen sa då at ho synest det vert drukke for mykje ved UiB. Ei fersk undersøking viser òg at forskarar drikk oftare i arbeidstida enn andre.

Tal På Høyden har henta inn, viser at UiB handlar varer på vinmonopolet for om lag 260 000 kroner i året.

Mozell til prisutdeling

Mykkeltvedt var òg i AMU-møtet, og etterlyste klarare retningslinjer. Ho er samd med Margareth Hagen i at det bør gjerast ei vurdering av i kva samanhenger det skal serverast alkohol og kor mykje som skal serverast.

— På fakultetet diskuterer me konkrete rekningar knytt til innkjøp av alkohol, sa Mykkeltvedt.

Til På Høyden seier ho at fakultetet ho leiar prøver å ha eit medvite forhold til når ein serverer alkohol og når ein ikkje gjer det.

Det er viktig at det ikkje vert sett på som eit avvik å ikkje drikka alkohol.

Alette Gilhus Mykkeltvedt

— Eg opplever at det er eit aukande medvit kring å servera alkohol, i forlengelsen av metoo-rørsla vart det sett på agendaen på ein annan måte. Me hadde nett ei prisutdeling ved fakultetet, og då serverte me mozell. Det kan ikkje vera automatikk i at kvar gong ein har eit arrangement så skal ein servera alkohol, seier Mykkeltvedt.

Ho seier at ein ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet støttar seg til reglane for bevertning som finst ved UiB. Dei seier mellom anna at ein kan servera alkohol i moderate mengder. På SV har dei òg sagt at alkohol skal serverast saman med mat.

— Som UiB-tilsett er ein saman med unge menneske, det gir oss eit ekstra ansvar. Studentmiljøet er nok òg meir mangfaldig enn før. Det er viktig at det ikkje vert sett på som eit avvik å ikkje drikka alkohol, seier Mykkeltvedt.

På bar - med brus: Det vart ikkje servert sterke saker då SV-fakultetet sin nye Diskuterbar opna i vår. Her Alette Gilhus Mykkeltvedt (t.h.) saman med Peter Rolfsen og Oddrun Samdal. Foto: Hilde Kristin Strand
På bar - med brus: Det vart ikkje servert sterke saker då SV-fakultetet sin nye Diskuterbar opna i vår. Her Alette Gilhus Mykkeltvedt (t.h.) saman med Peter Rolfsen og Oddrun Samdal. Foto: Hilde Kristin Strand

To eller tre glas

På Høyden har sendt spørsmål om alkoholservering til alle fakultetsdirektørane, samt direktør for Universitetsmuseet. Av fakulteta er det berre Det humanistiske som ikkje har svara. Det som går att, er at direktørane skriv at det er få tilfelle i løpet av året der fakultetet serverer alkohol, og at når ein gjer det, er det vanleg å servera to eller tre glas til kvar person.

— Me hadde ein forskingsdag med middag i november, og har tradisjonelt stipendiatsamling kvar haust. Me hadde òg ei samling i september, der mellom anna fakultetsstyret deltok. Det vart servert to einingar alkohol til middag. I år vil det truleg ikkje verta gjennomført arrangement med alkoholservering der serveringa er betalt eller mav fakultetet, skriv Ørnulf Lillestøl, fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultetet.

På Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet vert det servert alkohol i samband med seminar der middag er inkludert, og i samband med jule- og sommaravslutning.

— Ved markering av spesielle hendingar kan det òg i nokre tilfelle verta servert eit glas. Det er alltid tydelege alkoholfrie alternativ, skriv fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo.

— Typisk er det ved middagar knytt til årlege seminar eller representasjon elles, at alkohol vert inkludert. Representasjon er meir sporadisk, og varierer difor over tid, skriv Heidi Espedal, fakultetsdirektør ved Det medisinske fakultetet.

Vil inkludera alle

I år vil det truleg ikkje verta gjennomført arrangement med alkoholservering der serveringa er betalt eller arrangert av fakultetet.

Ørnulf Lillestøl

Ved Fakultet for kunst, musikk og design serverer ein alkohol i samband med opning av master- og bachelorutstillingar, og eit glas musserande i samand med masterseremoni, opplyser fakultetsdirektør Synnøve Myhre. I tillegg serverer fakultetet alkohol etter staten sine retningslinjer i samband med sommarfest og julebord.

— Drikk ein for ofte eller for mykje i akademia?

— Det synest eg det er vanskeleg å seia noko generelt om, men at me må gå føre som gode rollemodellar som tilsette for studentar er noko me dsikuterer jamnleg med institutta og studentutvalet, seier Myhre.

Ved Det juridiske fakultetet ønskjer ein å inkludera alle.

— Me har difor sosiale arrangement som er heilt alkoholfrie, seier fakultetsdirektør Øystein Iversen.

Eit døme er semesterpizza. Dette vert arrangert ein gong kvart semester. Om hausten er dette eit heilt alkoholfritt arrangement, om våren vert det servert to einingar alkohol til maten. To einingar er det fakultet serverer når dei fem gongar i året har tilstellingar der det er tilbod om alkohol.