Lise Øvreås sit både i styringsgruppa for Akademiaavtalen og i Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitskap og teknologi (<span class="caps">NENT</span>). Dermed kan ho komme til å diskutere dei etiske sidene av ein avtale ho sjølv er med på å styre. Arkivfoto: Torstein Røed
Lise Øvreås sit både i styringsgruppa for Akademiaavtalen og i Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitskap og teknologi (NENT). Dermed kan ho komme til å diskutere dei etiske sidene av ein avtale ho sjølv er med på å styre. Arkivfoto: Torstein Røed

– Ikkje inhabil

Søker etikkråd om oljeforsking:

Mat.nat-prodekan Lise Øvreås er medlem av styringsgruppa til Akademiaavtalen. Ho er også medlem av komiteen som skal vurdere om oljeforsking er uetisk eller ikkje. – Intuitivt føler eg ikkje at eg har eit problem med habiliteten, seier ho.

Fredag skreiv På Høyden at Dag Rune Olsen og universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken har bedt Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitskap og teknologi (NENT) vurdere om petroleumsforsking er i strid med forskingsetiske retningsliner.  

Skal fordele 55 olje-millionar
Lise Øvreås er professor i geomikrobiologi og prodekan ved mat.nat.

Øvreås er også medlem av styringsgruppa til Akademiaavtalen, ein forskingsavtale mellom Statoil og UiB. Gjennom avtalen får UiB inntil 55 millionar av Statoil. Pengane er fordelt over  fem år, og kanalisert gjennom prosjekt som styringsgruppa godkjenner.

Nylig blei ho oppnemnt som medlem av NENT. Ei av dei første oppgåvene  som komiteen skal behandle på sitt første møte 22.januar er å vurdere om petroleumsforsking er etisk riktig. 

Sjølv meiner ho ikkje at dei to rollene som medlem av styringrgruppa til Akademiaavtalen og medlem av NENT kjem i konflikt med i kvarandre når den etiske vurderinga av petroleumsforsking skal på bordet.

– Vil du få eit habilitetsproblem her?
– Eg vil ikkje tru det. NENT behandlar overordna spørsmål om forskingsetikken. Intuitivt føler eg ikkje at eg har eit problem med habiliteten, men eg vil sjølvsagt gå nokre rundar og sjå på dette, seier Lise Øvreås til På Høyden.

– Vil du vere med på behandlinga av akkurat denne saka?
– Det var i førre veke at eg fekk beskjed om at denne saka frå UiB var meldt inn for NENT. Eg vil vurdera dette fram mot møtet og også høyra komiteen sitt syn på dette. Når ein sit i ein slik nasjonal komité som NENT vil det vere vanskeleg å finne nokon som er heilt utan bindingar, seier Lise Øvreås.

Kan vurdere å avstå frå enkeltsaker
I brevet frå  Dag Rune Olsen og Kari Tove Elvbakken ber dei om at NENT gjennomgår problemstillingane knytt til berekraft, vern av biologisk mangfald og petroleumsproduksjon sett i forhold til føre-var-prinsippet.  

Etter at ei sak er behandla, kjem NENT med ei fråsegn. Komiteen har ikkje myndigheit til å ta avgjerder.

NENT skal diskutere etiske betraktningar generelt. Dersom eg som prodekan og medlem av styringsgruppa til Akademiaavtalen skulle vere med og avgjere om petroleumsforsking er uetisk eller ikkje, hadde eg til dømes blitt nøydd til å vurdere om eg skulle vere med og behandle akkurat denne saka, seier Lise Øvreås.

Fagleg motivert
 Kva var motivasjonen din for å tre inn i komiteen?
– Motivasjonen min er reint fagleg fundert. Som mikrobiolog ser eg at fagområdet mitt er veldig nær store, etiske spørsmål. Vi arbeider inn mot livets opphav, biologisk mangfald, genetisk modifiserte organismar, evolusjon og økosystemprosessar. Dette er spørsmål som opptek meg, og her ser eg at eg har ein kompetanse å spele inn, seier Lise Øvreås.

Nordtveit: Inhabilitet vil ramme mange medlemmer
Ernst Nordtveit er professor ved Det juridiske fakultet. Han har vore komitémedlem i NENT i fire år, og har blitt oppnemnd for fire nye år.

– Ei av dei første sakene du skal vere med og vurdere er kor vidt petroleumsforsking er etisk eller ikkje. Kan du gjere det med habiliteten i behald?
– Eg har arbeidd ein del med petroleumsrett. Men det er ikkje omfatta av NENT sitt saksområde, og det er heilt andre omsyn som gjer seg gjeldande juridisk for samfunnsvitskapleg forsking på dette feltet. Eg har også retta mi forsking meir mot fornybar energi, klima og miljø. Så sett ut frå mi eiga forsking vil eg ikkje vere inhabil, seier Ernst Nordtveit.

Han meiner foreløpig at han heller ikkje er som UiB-tilsett vil vere inhabil i denne saka.

– Svaret på det meir generelle spørsmålet om petroleumsforsking ved eit universitet er etisk eller uetisk vil røre ved alle dei som er tilsett ved eit universitet som driv slik forsking eller har forsking som er finansiert av Statoil eller andre oljeselskap. Dersom alle som er tilsett ved slike institusjonar skulle vore inhabile, ville det ikkje vore mange igjen til å vurdere dette, seier Ernst Nordtveit.

Fri forsking uansett
Han minner om at UiB ikkje kan forby vitskapleg tilsette å forske på olje.

– Forskarar har ei lovfesta rett til å forske på det dei sjølv vil. Det einaste NENT eventuelt kan uttale er at UiB ikkje bør løyve pengar til petroleumsforsking, og at UiB ikkje bør ha avtaler som til dømes Akademiaavtalen med Statoil, seier Ernst Nordtveit.

Han legg til at NENT også prinsipielt kan uttale at det er uetisk å forske på petroleumsutvinning, og at dette også vil gjelde enkeltforskarar.