Pål Næverlid Sævik måtte vri oppgåva frå jordvarme til petroleum for å få finansiering. Han vil helst forske på fornybar energi.
Pål Næverlid Sævik måtte vri oppgåva frå jordvarme til petroleum for å få finansiering. Han vil helst forske på fornybar energi.

Statoilstipendiaten

Akademiaavtalen:

Då doktorgradsprosjektet til Pål Næverlid Sævik vart dreia frå fornybar geotermi til petroleumsforsking, vart det mogleg å finne ei finansierinskjelde.

Eigentleg skulle doktorgradsprosjektet hans i anvendt matematikk handle om geotermi, også kjent som jordvarme. Geotermi er ei fornybar energikjelde, der varmen som finst i kjernen til jorda vert omdanna til elektrisk energi eller vert brukt til oppvarming.

Akademiaavtalen:

  • Akademiaavtalens hovedformål er å videreutvikle det langsiktige samarbeidet mellom UiB og Statoil
  • Den nye avtalen som trer i kraft 1. januar 2014 har en gyldighet på fem år.
  • Gjennom avtalen får UiB inntil 11 millioner kroner årlig i fem år
  • Avtalen har fire satsingsområder: Reservoarprediksjon, ukonvensjonelle ressurser, herunder produksjon av gasshydrater, energiomstilling og geotermisk energi.
  • Midlene forvaltes av en styringskomite, satt sammen av representanter fra UiB og Statoil.
  • Statoil skal ikke være oppdragsgiver for det støttede prosjektene eller forskerne.
  • Prosjekter som støtter grunnforskning og forskningsbasert utdanning er særlig ønskes prioritert.
  • Resultatene av forskningsprosjektene skal som hovedregel publiseres.
  • Midlene gå til prosjekter som er relevante for Statoils virksomhet på norsk sokkel.
  • Partene kan si opp avtalen med tre måneders varsel.

– I utgangspunktet var prosjektbeskrivelsen formulert med hovudvekt på bruksområde innan geotermisk energi, men då var det vanskeleg å finne finansieringskjelder. I staden søkte vi midlar via Akademiaavtalen,og framheva bruksområda innan petroleumsproduksjon, seier Pål Næverlid Sævik.

Fekk tilslag frå Statoil
Med ei litt annan innretning på prosjektet fekk Matematisk institutt økonomisk støtte til ein stipendiat. Gjennom avtalen mellom UiB og Statoil vert doktogradsperioden hans til saman støtta med 2 684 000 kroner. Sjølv har Pål Næverlid Sævik same løns- og arbeidsvilkår som andre stipendiatar.

Via Akademiaavtalen støttar Statoil forsking og utdanning ved UiB med 11 millionar kroner kvart år over fem år. Ifølge Akademiaavtalen mellom Statoil og UiB skal midlane mellom anna brukast til å «vidareutvikle det langsiktige samarbeidet innanfor strategisk viktige fag- og kompetanseområde både for UiB og Statoil». I avtalen heiter det at den økonomiske støtta fortrinnsvis skal brukast til grunnforsking og forskingsbasert utdanning.

Grunnforsking
Prosjektet han arbeider med er kalla «Calibration of naturally fractured reservoirs».

– Grunnen til at Statoil støttar eit forskingsprosjekt som dette, er at kunnskap om denne typen stein kan brukast til å utvinne meir olje, seier Sævik, og forklarer kva han forskar på:

– Sandstein, der mykje av oljen finnast i dag, er godt forstått. Sandstein verkar som ein svamp. Andre steinartar kan verke annleis. Eg forsøker å forstå korleis væske strøymer gjennom stein som har sprekkar og ein annan geometri. Forstår ein korleis væske strøymer gjennom denne steinen kan ein bruke denne kunnskapen til å få ut meir olje. Men den same grunnkunnskapen treng ein også for å kunne forske vidare på geotermi, forureining av grunnvatn og CO2-lagring.

Denne kunnskapen kan altså også brukast til å utvinne fornybar energi. 

Lite kontakt med Statoil
I avtalen står det at Statoil ikkje skal verte betrakta som arbeidsgjevar eller oppdragsgjevar for forskarar og forskingsprosjekta som vert støtta av avtalen.

Sjølv har han lite kontakt med Statoil. Han opplever ikkje at Statoil legg føringar på forskinga hans, eller krev at ein lojalt held ein eventuell klimakritikk for seg sjølv.

– Det legg seg ikkje opp i kvar eg publiserer, men når eg publiserer legg eg til eit notat om at doktorgraden min er finansiert av Statoil.

– Klimaskeptikarane er ganske få, men dei ropar gjerne høgt.

– Statoil fortrenger ikkje fornybar-forsking
Sjølv meiner han at delar av kritikken mot Akademiaavtalen er noko grunnlaus.

– Eg meiner det ikkje stemmer at Akademiaavtalen fortrenger forsking på fornybar energi. Hadde vi ikkje hatt Akademia-avtalen, hadde Matematisk institutt mest truleg hatt færre stipendiatar. Men vi hadde nok ikkje drive meir forsking på fornybare energikjelder.

Statoil er i dag den aktøren som bidrar med mest eksternmidlar til instituttet.

– Akademiaavtalen er innretta godt, gitt rammene den har. Som andre forskarar søker vi midlar der vi kan: Forskingsrådet, EU og andre relevante kjelder.

Klimaskeptikarar i mindretal
Doktorgradsstipendiaten er glad for at problematikken rundt dei etiske sidene ved petroleumsforsking vert teke opp.

– Helst vil eg forske på fornybar energi. Det er dette som trengs framover.

– Klimaskeptikarane er ganske få, men dei ropar gjerne høgt. Dei aller fleste forskarar er samde i at omlegginga må skje, og at den må skje raskare enn i dag dersom ein skal ha eit håp om å nå togradersmålet, seier han, og peikar på at også fleire av forskarane som i debatten har gitt si støtte til Akademiaavtalen samtidig tek til orde for ei komande energiomstilling.

Treng politisk endringsvilje
Sævik meiner det ikkje er ønskeleg å forlenge fossiltida.

– Ingen enkeltståande teknologiar kan aleine redde verda. Det er dumt å forlenge oljealderen. I dag har vi tilgjengelege teknologiar for å trappe ned oljebruken. Vindkraft og solkraft er begge relativt modne teknologiar, dei er berre litt dyrare.

Han meiner at den vidare utviklinga må skje på det på politiske planet. Ifølge Sævik er det mykje som tyder på at staten legg opp til at Norge skal ha ein oljeindustri i mange år framover.

– Geotermi er ein type fornybar energikjelde som krev bestemte grunnforhold. Sol og vind er kjelder som alltid har vore der, men dei blir ikkje billege før dei blir satt i storproduksjon.

– Kvar vil du helst jobbe når du er ferdig med avhandlinga?

– Eg ventar på kva som opnar seg. Instituttsektoren er eit godt alternativ. Helst vil eg forske på fornybar energi. Det er dette som trengst framover.