Universitetsstyremedlem Sofie Marhaug er ingen tilhengjar av Akademia-avtalen. Foto: Dag Hellesund
Universitetsstyremedlem Sofie Marhaug er ingen tilhengjar av Akademia-avtalen. Foto: Dag Hellesund

Marhaug meiner rektor har grønvaska Equinor-avtale

Då den omstridde Equinor-avtalen var oppe i universitetsstyret førre gong, fekk ikkje styret sjå sjølve avtalen.

Publisert

— Eg har heile tida vore motstandar av avtalen, seier universitetsstyrerepresentant Sofie Marhaug.

Ho har ikkje endra meining etter at ho fekk oversendt Equinor-avtalen, den såkalla Akademiaavtalen, av På Høyden:

Eg har heile tida vore motstandar av avtalen.

Sofie Marhaug

Equinor-avtalen

Universitetet i Bergen har i en årrekke hatt en forskningsavtale med Equinor, tidligere Statoil.

Selskapet bidrar med penger på forskningsområder de er interesserte i.

Det har vært en stor debatt i sektoren, og særlig på UiB, om etikken i petroleumsrelatert forskning, sett i lys av klimaeffekten og global oppvarming.

Her kan du lese selve avtalen.

Dag Rune Olsen har skrevet et notat om avtalen, men som ikke er en del av den.

— Det er først og fremst ein avtale mellom Equinor og universitetet, som ikkje seier så mykje om at det skal vere grøn forsking, seier Marhaug til På Høyden.

Både svart og grønt

I universitetsstyremøtet før påske la rektor Dag Rune Olsen fram eit notat han sjølv skreiv som eit tillegg til avtalen, men som Equinor ikkje har vore villige til å ta med som eit vedlegg. I staden er det i vedlegget til avtalen peikt på tre punkt innanfor undergrunnskarakterisering, som reservoardynamikk og forbetring av seismiske undersøkingar. Dette er sentral kunnskap i gass- og oljeutvinning, men som òg kan brukast til CO2-lagring og jordvarme.

Tre andre punkt fokuserer på grøn kunnskapsutvikling, som lavkarbon-løysingar, havvind og samfunnskonsekvensar ved overgang til grøn energi.

Kor klimavennleg prosjekta som får finansiering under avtalen til slutt vil bli er avhengig av kva forslag som kjem inn, og kva styringsgruppa avgjer.

Stille rektor i eit godt lys

I notatet Olsen har skrive fokuserer han mellom anna på berekraftsmåla til universitetet, og viser til at Equinor etter hans oppfatning «har endret sin strategi fra å være et rent olje- og gasselskap til å innta rollen som et internasjonalt energiselskap».

Marhaug blei provosert av at berre den «grøne» versjonen til rektor blei lagd fram i universitetsstyret.

— I møtet sit det folk som aldri har vore med på å framforhandle avtalen. Og så skal vi vere med og grønvaske rektor, og stille han i eit godt lys, seier Marhaug.

Ho meiner ein ikkje kan løyse dilemmaet med å gå inn i eit samarbeid med eit stort petroleumsselskap ved å i etterkant lage eit slikt følgeskriv.

Vil seie opp avtalen

— Eg tenkjer framleis at dette er ei form for grønvasking. Skrivet seier at Equinor har fått ein grønare kurs, men det stemmer ikkje når du ser kva dei investerer i.

— Men meiner du at avtalen bør seiast opp?

Eg synest ikkje det er grunn til å skamme seg over denne avtalen. Han virkar balansert og veloverveid.

Alf Erling Risa

— Eg er ikkje tilhengar av avtalen, og hadde helst sett at han blei sagt opp. Ein kan òg reforhandle avtalen, og lage ein avtale om å forske på fossilfri energi. Då må ein lage ein ny avtale, men det spørs jo då om Equinor hadde vore interessert i å vere med, seier Marhaug.

— Balansert og veloverveid

Medstyremedlem Alf Erling Risa har òg fått sjå avtalen etter møtet, men delar ikkje Marhaug sitt syn på å seie opp avtalen.

— Eg tenkjer først og fremst at det er viktig at UiB er ein avtalepartnar med truverd. Ein bør ikkje gjere for mykje med slike ting når ein først har gjort ein avtale. Dette er ein stor avtale på 70 millionar kroner, seier Risa.

Men han set heller ikkje pris på måten saka blei presentert for styret på.

— Det er problematisk å få slike ting rett over bordet i ei eventuelt-sak. Dette var vel ikkje veldig stramt førebudd, seier Risa til På Høyden.

Men avtalen i seg sjølv synest han går greitt:

— Eg synest ikkje det er grunn til å skamme seg over denne avtalen. Han virkar balansert og veloverveid.

Må få grøn dreiing, men ikkje kutte petroleumsforsking

Dag Rune Olsen avviser at avtalen med Equinor er freista grønvaska.

— Det er i alle fall ikkje noko forsøk frå Equinor si side å grønvaske seg, for dokumentet eg la fram er ei presisering frå mi side. Dei seks punkta som skal vere satsingsområde har universitetsstyret fått sjå tidlegare, seier Olsen.

Han ventar seg debatt om kva prosjekt som skal få tildelingar.

— Eg er spent på kva søknader som no kjem. For om vi ikkje får søknader som dreier mot fornybar energi og det grøne skiftet, så har vi eit problem på Universitetet i Bergen, naturlegvis.

Og Olsen avviser tanken om at petroleumsforsking må kuttast heilt ut:

— I førre runde med debatt om petroleumsforsking uttalte Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (NENT) at det ikkje er uetisk å forske på fossile energikjelder, men at det er eit institusjonelt ansvar å få ei dreiing mot fornybar energi.