Utanfor Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Her var Agnes Ravatn student for 15 år sidan. Eit universitet er ein god stad å plassera hovudpersonen i ein roman dersom ein vil skriva om makt, meiner ho. Foto: Silje Katrine Robinson
Utanfor Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Her var Agnes Ravatn student for 15 år sidan. Eit universitet er ein god stad å plassera hovudpersonen i ein roman dersom ein vil skriva om makt, meiner ho. Foto: Silje Katrine Robinson

Det vart aldri mastergrad på Agnes Ravatn. No sparkar ho vennleg mot akademia.

Kva skal ein med litteraturvitarane, spør hovudpersonen i Agnes Ravatn sin nye roman.

Publisert

—Her stod eg den første dagen min på HF. Det var heilt fantastisk!

Forfattar Agnes Ravatn står i haustsola utanfor Sydneshaugen skole i Bergen. Her held deler av Det humanistiske fakultetet til, og hit kom Ravatn som student i nordisk språk og litteratur i 2005. Då var ho 22 år, og hadde allereie tatt eit par grunnfag på høgskulen på Stord. For å koma til universitetet, det våga ho ikkje.

Agnes Ravatn

Agnes Ravatn

Fødd i fødd 1983 i Ølen, Vindafjord i Rogaland

Debuterte i 2007 med romanen Veke 53

Har skrive fleire essaysamlingar, og var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2014.

I 2013 kom Fugletribunalet, som ho fekk P2-lytternes romanpris for.

Aktuell med ny roman: Dei sju dørene

— Eg tenkte at det var for dei aller flinkaste. Men då eg kom hit var studentane folk i russegenser som sendte lappar under førelesing. Det var litt skuffande.

Det er knappe to veker sidan Ravatn sin ferske roman «Dei sju dørene» kom ut. Og hovudpersonen er plassert nettopp ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen. Nina Wisløff er professor i litteratur, med greske tragedier som spesialfelt. Ho er gift med Mads Glaser. Han er overlege og byråd, og den einaste dotra deira, Ingeborg, er òg lege. Nina og Mads eig ein stor einebustad. Men huset må rivast fordi Bybane-traseen skal få plass.

— Kvifor plasserte du hovudpersonen på Universitetet i Bergen?

— Fordi eg ville skriva om makt. Mange i romanen har nettopp det; ein helsebyråd, professor, dirigent. Og foreldre, dei har òg makt. Dersom ein skal skildra eit fall er det greitt med ei viss fallhøgde, humrar Ravatn, og legg til at historia er lagt opp som ei gresk tragedie. Der er det ein av høg rang som misser noko.

For det skjer sjølvsagt noko med familien. Dotra Ingeborg kjem hysterisk og fortel at dei har fått skjeggkre i huset. Dessutan treng dei større plass – ho er gravid. Då kjem mora på at familien faktisk eig eit hus til – eit hus ektemannen arva frå ei gamal tante. Det er i dag leigd ut. Men mor og dotter bestemmer seg for å sjå på huset, og møter vel ikkje leigebuaren Mari, ei åleinemor med ein tre år gamal gut, på ein særleg taktfull måte. Det går ikkje så lang tid før kvinna er sporlaust forsvunne.

Omlag samstundes vert Nina Wisløff invitert til ein debatt på Litteraturhuset i Bergen. Der slær ho skråsikkert fast at litteraturprofessorarar, dei burde jobba som politietterforskarar. Og snart er Wisløff i gang med si eiga etterforsking.

Ville vera intellektuell

Ravatn drikk kaffi i haustsola, på uteserveringa til kafeen på Bibliotek for humaniora. Ho var ikkje så mykje her då ho var student, seier ho, eigentleg var ho ikkje så mykje på universitetet i det heile. Ho var heime – eller på kino.

Sjå på meg, eg er ikkje på førelesing, for eg er så intellektuell, eg.

Agnes Ravatn

— Sjå på meg, eg er ikkje på førelesing, for eg er så intellektuell, eg, hermar ho etter seg sjølv.

— Men ingen la jo merke til at eg ikkje var der, for eg var jo faktisk ikkje der!

Etter mange år i dei store byane i Noreg, fire i Bergen og ni i Oslo, flytta ho med mann og barn til Valevåg. Her har ho ei lita skrivarstove – utan Internett. Det er heilt medvite. Ravatn kvitta seg med Facebook-kontoen Psin for mange år sidan. Når ho skriv har ho heller ikkje med seg telefonen sin.

— Men kva dersom barnehagen ringjer?

— Jo, altså, eg har faktisk ei apple-klokke, som eg mest har fordi barnehagen skal kunne få tak i meg. Då kan eg svara dersom nokon ringjer, men eg kan ikkje gjera så mykje meir.

Hadde ho hatt Facebook-konto, hadde ho aldri skrive bøker, meiner Ravatn.

I boka «Operasjon sjølvdisiplin» frå 2014 skildrar ho alle desse tinga ein gjer som stel frå det ein eigentleg ville – og kanskje burde – gjera.

«Eg har vore ein kronisk e-post-sjekkande, mobilklåande utsetjar i mange herrens år, utan impulskontroll eller sjølvrespekt, og dagleg gått til sengs med ein stor, svart klump i magen, ulykkeleg over min eigen vanlagnad», skriv ho i forordet.

— Men fungerer det å ikkje ha Facebook-konto i 2019? Ein skal jo vera med i grupper for ungane sine klassar, for idrettslaget, for velforeininga...

— Ungane mine er så små endå, så det er ikkje eit problem. Men jo, eg ser poenget. Men mannen min får vera med i slike grupper, og så får han vidareformidla det viktige til meg. Han er meir sjølvdisiplinert enn meg.

Agnes Ravatn kom til Universitetet i Bergen og håpa ho skulle verta fylt av kunnskap.Ho vart litt skuffa då ho oppdaga at ho mellom anna måtte vera med i kollokviegrupper med andre studentar. Foto: Silje Katrine Robinson
Agnes Ravatn kom til Universitetet i Bergen og håpa ho skulle verta fylt av kunnskap.Ho vart litt skuffa då ho oppdaga at ho mellom anna måtte vera med i kollokviegrupper med andre studentar. Foto: Silje Katrine Robinson

Lurte ikkje på noko

Korridorane på Sydneshaugen skole er som dei har vore. Men kanskje verkar dei ikkje så milelange lenger, snart femten år etter at Agnes Ravatn kom hit som student i nordisk språk og litteratur. Og kanskje er det her romanfigur Nina Wisløff underviser, og treffer nokre som liknar på dei studentane forfattaren sjølv møtte. Ho underviser, kanskje ikkje heilt uventa, om den greske tragedien.

«Den greske tragedien, begynner ho, framstiller ein person av høg rang som gjennomlever eit omslag frå lykke til ulykke, som fører til denne personens undergang.

Studentane sit med blikket festa på kvar sin laptop. Gudane må vite kva dei eigentleg driv med, der dei sit med sine kaffibeger, sine enorme skjerf og runde briller. (...)

Spenninga blir skapt ved at den dramatiske knuten blir stramma – desis – fram mot det plutselege omslaget. Frå peripetien skjer så ei fallande handling, knuten lausnar – lysis – fram mot den avgjerande tragiske hendinga. Katastrofen.

Ho har eit bestemt minne om at studentane i tidlegare tider sat som tende lys under forelesinga hennar om den greske tragedien. Det var ein respekt, ei interesse for faget den gongen som – tenker ho og høyrer seg sjølv».

— Eg turte ikkje studera litteraturvitskap, sjølv om det var det eg var interessert i. Ikkje i språk, seier Ravatn, og mumlar noko om dårlege karakterar i språkemna ein tek som del av nordisk-faget.

Eg er nok ikkje så teoretisk orientert, og fann ut då eg byrja på master at eg ikkje eigentleg hadde noko eg ville finna ut av. Det som står i bøkene er det som står i bøkene.

Agnes Ravatn

— Men eg fekk gode karakterar i litteraturemna! Eg er nok ikkje så teoretisk orientert, og fann ut då eg byrja på master at eg ikkje eigentleg hadde noko eg ville finna ut av. Det som står i bøkene er det som står i bøkene, seier ho.

— Medstudentane mine hadde prosjekt der dei ville sjå på den og den metaforen for Gud eller arbeid i det eller det forfattarskapet. Eg ville berre lesa, eg. Så eg slutta.

Overføringskjærleik

Ein professor som stod og doserte i eit fullt auditorium. Ho sjølv som eit tomt kar som skulle fyllast med kunnskap.

Slik var det Agnes Ravatn håpa at studentlivet skulle vera. Ho meiner sjølv ho kunne møtt overføringskjærleik, som kanskje er hovudtema i «Dei sju dørene». Det er her maktelementet i romanen for alvor kjem inn. Overføring er eit omgrep frå Freud, og i romanen er dette tema mellom Nina og bestevenninna Kaia. Det viser seg nemleg at den forsvunne Mari har vore gift med ein dirigent. Sjølv var ho ein svært talentfull fiolinist.

«Kaia samlar hendene bak hovudet og set seg tilbake i kontorstolen.

Vel. Svært forenkla så er jo overføring kjensler pasienten utviklar overfor behandlaren sin. Det må ikkje vere forelsking, men i mange tilfelle er det det. Overføringskjærleik, seier Nina, og Kaia nikkar. (...)

Kaia reiser seg og snur seg mot bokhylla mens ho held fram med å snakke.

Freud var ikkje dummare enn at han forstod at det ikkje var tilfeldig at pasientane dreiv og forelska seg i behandlaren sin over ein låg sko: Behandlarane måtte berre ikkje innbille seg at dei var så attråverdige som pasientane ville ha dei til å tru. Derimot var det sjølve den terapeutiske situasjonen som utløyste desse sterke kjenslene. Ifølge Freud er det nær sagt uunngåeleg at pasienten forelskar seg i terapeuten sin.»

Maktbalansen er mykje snakka om når ein diskuterer #metoo i akademia. Makt og relasjonar og det Ravatn meiner kan kallast frivillig overgrep er tema i romanen. Foto: Silje Katrine Robinson
Maktbalansen er mykje snakka om når ein diskuterer #metoo i akademia. Makt og relasjonar og det Ravatn meiner kan kallast frivillig overgrep er tema i romanen. Foto: Silje Katrine Robinson

— Handlar dette om #metoo-rørsla?

— Eg er glad for at du spør. Eg skriv ikkje dette som ein kommentar, men eg meiner dette er eit perspektiv som har mangla i #metoo-debatten. Eg har verkeleg googla intenst, men eg har ikkje sett at denne teorien har vorte nemnt, seier Ravatn.

Ho meiner at mange #metoo-saker er svært føreseielege, og peikar på det Haddy Njie sa i programmet Lindmo, som vart sendt på NRK fredag kveld. Njie er som kjent gift med Arbeiderparti-politikar Trond Giske. Han måtte til slutt trekka seg frå politiske verv etter at det kom fleire varslingssaker mot han, knytt til seksuell trakassering.

— Den makta du har gjer at andre menneske sine grenser kan verta flytta. Eller ho gjer at andre menneske føler at dei kjem i ein ubehageleg situasjon, som er ubehageleg fordi du er den du er, seier Njie i intervjuet, og held fram:

— Eg skjønar at det er eit slags sympatisk trekk å vera seg sjølv uansett kor mykje makt du får, men på eit tidspunkt må du faktisk verta bevisst den makta du har, også utanfor jobben.

— Eg synest ho skildrar det fint, seier Ravatn.

— Det er noko som skjer som gjer at andre kan verta usikre på sine eigne grenser.

Det kan oppstå ein tilknytingsdynamikk, meiner Ravatn. Denne er ofte einvegs, men ikkje alltid. I eit forhold mellom lege og pasient er det tydeleg, då legg ein som pasient bokstaveleg tala i hendene på legen. Men også møte mellom andre grupper, som professor og student, kan ha det same i seg. Den eine parten vert veldig viktig for den andre, og har utruleg mykje makt.

— Utan å pålegga offer noko som helst ansvar, meiner eg at ein til ei viss grad ofte kan snakka om frivillige overgrep, seier Ravatn.

I romanen viser det seg at det ikkje berre er ein dirigent, men også andre autoritetspersonar, som har vore viktige i den forsvunne Mari sitt liv. Ho har hatt eit forhold til ein annan enn ektemannen – som har resultert i eit barn.

— Men er Mari eigentleg eit offer?

— Det er ein maktubalanse i det forholdet Mari går inn i. Mannen misbrukar tilliten hennar – og ho vil jo berre ha han, ho, seier Ravatn, og legg til:

— Det er ikkje så rart at nokre vel å benytta den posisjonen dei har. Dei opplever at nokre vert fascinerte av dei, dei vert beundra – men dette treng ikkje bety at dei eigentleg ønskjer eit seksuelt forhold.

Med Økland som nabo

Det er framleis midt på dagen. Om nokre timar skal Agnes Ravatn fortelja om den siste boka si på Litteraturhuset i Bergen. Ho var på Litteraturhuset kvelden før òg, for å intervjua Dag Solstad.

— Eg stilte med altfor vanskelege spørsmål, og brukte heldigvis ikkje eitt.

I Valevåg, som ifølgje Ravatn er perfekt plassert, med to timar reisetid til både Bergen og Stavanger, er forfattar Einar Økland næraste nabo.

— Kanskje er det nokre sider av meg som ikkje vert stimulert no når eg har flytta frå byen. Men Einar Økland er jo nesten altfor stimulerande, humrar ho.

Eg saknar ikkje bylivet elles. Eg brukte jo ikkje kulturtilboda medan eg budde der, eg gjekk jo berre på mine eigne litteraturarrangement.

Agnes Ravatn

— I tillegg har eg tre-fire personar eg verkeleg likar å vera med. Det er rein og skjer flaks. Eg saknar vennene mine som bur i Oslo, men eg saknar ikkje bylivet elles. Eg brukte jo ikkje kulturtilboda medan eg budde der, eg gjekk jo berre på mine eigne litteraturarrangement.

— Gjer det det lettare å skriva om bylivet når du ikkje bur der sjølv?

— Eg prøvde å skriva om byen då eg budde i Oslo, og fekk det ikkje til. Distanse er nok ofte ein fordel. No er eg ikkje ein del av kultureliten – skriv det gjerne med gåseauge – i hovudstaden. Kanskje det er grunnen til at eg har skrive ei bok i den uglesette krimsjangeren? Eg kjenner ikkje trong til å bevisa noko, seier Ravatn.

Ho plasserer seg sjølv på utsida av det akademiske miljøet. Difor kan ho koma med nokre spark. For kva skal ein eigentleg med humaniora? Og med litteraturteorien? Romanperson Nina Wisløff seier noko om dette då ho i siste liten vert invitert med i ein debatt på Litteraturhuset i Bergen – den same debatten der ho altså konkluderer med at slike som henne burde jobba i politiet.

«Litteratur gir opplysning, erkjenning, underhaldning, ferdig med det. For meg er det store spørsmålet, og i større og større grad: Kva skal me med litteraturvitarane? (...)

Ei handfull av studentane mine, held ho fram, er jo faktisk hardtarbeidande unge menneske, som kan lese meining inn i sjølv det mest håplause vesle dikt. Dei skriv gjennomtenkte, detaljerte avhandlingar om lite gjennomtenkte, slepphendte og tilfeldige romanar. Dei grublar, trekker linjer, siterer i utgangspunktet ubegripelige teoriar i hytt og vêr, seier Nina og tar ein pause, mens ho lurer på kva resonnementet hennar vil munne ut i. Men for kva, seier ho, og lar det gå endå nokre sekund».

Ravatn skriv òg om eit forskingsprosjekt som minner om det litteraturvitskapsprofessor Arild Linneberg leia. Det var støtta av forskingsrådet, heitte «Justismordets dramaturgi. Om konstruksjonen av falske eller fiktive fortellinger i retten. En tverrfaglig undersøkelse», og vart kritisert av professor Eivind Kolflaath i ein artikkel i Nytt norsk tidsskrift.

— Det verkar som om mange får piggane ut dersom ein snakkar om relevans og nytte av humaniorafaga. Eg meiner ein bør ha høgare sjølvtillit på vegne av faga, seier Ravatn.

— Forskinga skal vera fri, og kanskje har systemet tippa heilt over når ein no stadig må søkja om midlar. Men eg meiner at det ikkje er heilt urimeleg at sivilsamfunnet, skattebetalarane, spør kva dei eigentleg får att for pengane som går til all denne foskinga. Vidare er det jo elles sånn at ein kan nytta humaniora. Etter 22. juli var det til dømes humaniora-forskarane som kunne setja terroristen inn i ein kontekst og seia at det han gjorde faktisk inngår i ein tradisjon og eit visst tankesett.

Ravatn forsvarar Linneberg sitt prosjekt.

—Det ser på korleis ein kan opna litteraturvitskapen, noko eg synest er heilt strålande. Elles vert det fort eit lukka krinsløp.

I korridorane inne i HF-bygget. Agnes Ravatn meiner skattebetalarane skal få noko att, og at ein må kunne diskutera korleis humaniora kan ha samfunnsrelevans. Foto: Silje Katrine Robinson
I korridorane inne i HF-bygget. Agnes Ravatn meiner skattebetalarane skal få noko att, og at ein må kunne diskutera korleis humaniora kan ha samfunnsrelevans. Foto: Silje Katrine Robinson

Dei gamle historiene

Agnes Ravatn meiner ho kunne skrive betre historier om Kaptein Sabeltann enn det som finst i dag. Eldstesonen, han er fire, vil ikkje ha noko godnatthistorie andre har skrive. Mor må til pers dei kveldane det er ho som skal legga, og ho skal fortelja om sjørøvarkongen. Ein sjørøvar med anna namn vert ikkje godkjent, det har ho prøvd. Men til mor si store glede har sonen òg oppdaga Æsop sine fablar.

Dei får òg ein viktig plass i romanen. Nina Wisløff er mormor til Milja. Ho er vel tre år, og svært glad i nettbrettet sitt. Men når mormora les dei gamle fablane, roar ho seg. Eit forsvar for litteraturen, med andre ord.

— Mange av oss hugsar fabelen om skilpadda og haren som skal springa om kapp. Men du har valt ein litt meir makaber variant?

— Haha, ja, kollektivt sjølvmord, ler Ravatn.

Det er det harane i fabelen «Harane og froskane» bestemmer seg for.

— Sonen min likte Æsops fabler. Dei aller fleste barn likar jo å høyra om ulvar og revar, og han ba sjølv om at me kunne lesa fleire.

Æsop skreiv ned fablane omlag 600 år før vår tidsrekning, men Ravatn meiner dei framleis har ein plass i vår tid.

— Dei er kjempegamle, men så fine. Det er voldsomt kjekt med dei klassiske, gamle tekstane. Dei er friske, og sjølv om det er eit hav av tid mellom oss gir dei meining og er uttrykk for ein sterk kontinuitet.

Tittelen på romanen har same namn som André Grétry sin opera, som byggjer på Charles Perrault sitt eventyr om Ridder Blåskjegg. Her handlar det om òg om løyndommar som ikkje toler dagens lys.

Det er voldsomt kjekt med dei klassiske, gamle tekstane. Dei er friske, og sjølv om det er eit hav av tid mellom oss gir dei meining og er uttrykk for ein sterk kontinuitet.

Agnes Ravatn

Fleire lag

Er det den nye krimprinsessa som vert fotografert inne på HF-bygget? Det var VG som kalla Agnes Ravatn det. Meldingane er stort sett gode, sjølv om forfattaren medgir at dei firarane som har vorte trilla irriterer henne.

— Det var nok ikkje slik at eg brann av lyst til å skriva ein krimroman, men eg trong den forsvinninga i historia. Men når eg først har skrive ein krim, er det viktig for meg at det er fleire lag, at det er noko å tyggja på for lesaren, seier Ravatn.

— Men det kan vera krevjande for lesaren å henga med, det er mange referansar her?

— Jo, men eg har prøvd å forklara referansane og setja dei inn i ein samanheng. Ein skal absolutt ikkje måtte vera akademikar for å kunne lesa denne romanen. Eg håpar det kan vera ein smart roman for dei som vanlegvis les krim, seier Ravatn, og legg til at for henne er det skilnad på underhaldningslitteratur og underhaldande literatur.

— Eg håpar eg har skrive det siste, og det var som sagt overføringstematikken det var viktig for meg å få fram. Men når det er sagt så har eg ikkje noko kjempebehov for å vera ei krimprinsesse, kjenner eg. Og eg merka meg at det var eit spørjeteikn i den tittelen.

Litt skjermtid skadar ikkje, meiner forfattar Agnes Ravatn. Men i romanen er det litteraturen som roar ned 3-åringen som helst berre vil sitja framfor eit nettbrett. Foto: Silje Katrine Robinson
Litt skjermtid skadar ikkje, meiner forfattar Agnes Ravatn. Men i romanen er det litteraturen som roar ned 3-åringen som helst berre vil sitja framfor eit nettbrett. Foto: Silje Katrine Robinson