Områdeleiar Haakon i Nokas ønskjer seg eit endå tryggare UiB til neste år.
Områdeleiar Haakon i Nokas ønskjer seg eit endå tryggare UiB til neste år.

Møt UiB-nissen 21. desember

Publisert

Hver dag i desember vil På Høyden presentere en ny nisse. Og skjerp sansene: Nissen presenterer et spørsmål. Svarer du rett, blir du med i trekningen av dagens premie.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

– Det er å reise heim til Nesttun og vere saman med familien, og nyte jula saman med dei og gode vener. Og så blir det litt jobbing. Det har diverre òg vore ein tradisjon dei siste åra. 

– Ribbe, pinnekjøt, eller noko heilt anna?

– Julaften er det heilt overordna at det blir pinnekjøt, med kålrabistappe og alt som høyrer med av tilbehør. Og så må vi jobbe oss gjennom både ribbe, lutefisk, torsk og kalkun resten av jula.  

– Har du ein favorittjulesong?

– O, helga natt med Jussi Bjørling. Då blir eg heilt sett ut. Den er kjempefin!

– Er det noko julestemning på UiB?

– Vi er litt over alt, så vi fangar opp det vi kan av julestemning. Men på kontoret har det kanskje blitt litt for lite. Vi har berre spist pepperkaker. 

– Kva ønskjer du deg til jul?

– Eg er særleg glad i gode, varme sokkar. Og eg er så heldig at eg får det, kvart år. Bøker liker eg òg å få. 

– Kva ønskje har du for UiB i det nye året?

– At alle tilsette og studentar tenkjer tryggleik i det dei gjer, både når det gjeld brann og innbrot. Og eg ønskjer at heile UiB får eit godt og trygt år. Det har vore ein god tendens etter at Nygårdsparken stengte, og vi håper at det held fram slik. 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til [email protected] innan kl 10 mandag. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13. 

Dagens spørsmål: Kor mange eggeplommer bruker Thorbjørn Egners bakarmeister Harepus i peparkakedeigen?