Universitetselektrikar Knut Øvrebø likar å pynte med lys til jul, men har ikkje lagd julehus med reinsdyr på taket.
Universitetselektrikar Knut Øvrebø likar å pynte med lys til jul, men har ikkje lagd julehus med reinsdyr på taket.

Møt UiB-nissen 17. desember

Publisert

Hver dag i desember vil På Høyden presentere en ny nisse. Og skjerp sansene: Nissen presenterer et spørsmål. Svarer du rett, blir du med i trekningen av dagens premie.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

UiB-nisse 17. desember

Namn: Knut Øvrebø

Alder: 62 år

Jobb: Universitetselektrikar

– Eg er veldig oppteken av at det skal pyntast litt, og det blir gjerne litt lys. Det må vere stemning både ute og inne. 

– Ribbe, pinnekjøt, eller noko heilt anna?

– Det blir pinnekjøt. Det har aldri vore snakk om noko anna! 

– Har du ein favorittjulesong?

O, helga natt er flott!

 

– Kva ønskjer du deg til jul?

– Barbermaskin. Eg er litt lei av å bruke høvel. 

– Kva ønskje har du for UiB i det nye året?

– Eg ønskjer meg eit rettferdig lønssystem på driftsavdelinga, som virkar motiverande. Og at UiB kan profilere seg endå meir når det gjeld forsking. 

 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til [email protected] innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13. Jakob Sande står sterkt på UiB, og svært mange visste at heimplassen hans var Dale i Sunnfjord, i Fjaler kommune. Vi trakk ut Kjell Trengereid på Eigedomsavdelinga som vinnar. Han har fått smaken for sjokolade, og svarer kvar dag. Vi gratulerer!

 

Dagens spørsmål: Kva helgen er julenissen basert på, slik vi kjenner han i dag?