Arild Sørensen vil bruke mest muleg tid med barnebarna i jula. Og musikken må gjerne vere på nynorsk!
Arild Sørensen vil bruke mest muleg tid med barnebarna i jula. Og musikken må gjerne vere på nynorsk!

Møt UiB-nissen 16. desember

Publisert

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av utsøkt sjokolade.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Den viktigaste juletradisjonen etter at eg blei bestefar er å tilbringe så mykje tid som muleg saman med barnebarna. Om morgonen ser vi på teiknefilmar saman og så må vi ha ein god lunsj.

UiB-nisse 16. desember

Namn: Arild Sørensen

Alder: 59 år

Jobb: Campus-bussjåfør

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– Det er ikkje den store julesteminga no, for no har mange ein del stress med eksamenar og slikt. Men rundt om kring på avdelingane har folk kome i gang med ein del pynting, og då blir det julestemning.

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Eg foretrekker pinnekjøtt.

– Har du ein favorittjulesong?
– Det lyser i stille grender, av Jakob Sande. Det er gode minner frå barndommen! Og det er ei av dei få nynorske julesangane. Sjølv om eg er bergensar er eg veldig glad i nynorsk.

– Kva ønskjer du deg til jul?
– Eg er veldig glad i få bøker til jul. Gjerne krim, men og reiseskildringar og biografiar.

– Kva ynskje har du for UiB i det nye året?
– Ønsket mitt er at dei skal halde fram på den trenden som har byrja, og utvikle samarbeid mellom fakultet og internasjonalt endå meir. Eg ser mange av dei utanlandske som kjem hit for å få ei tudanning, men som reiser heim igjen etterpå. Men heldigivs blir ein del verandre i Bergen.

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til [email protected] innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ei eske med utsøkt sjokolade, som kan hentast hos oss i Christies gate 13. I går spurde vi kva som er det mest sette juleprogrammet på fjernsyn. Svaret er <<Kvelden før kvelden>>, som går på lillejulaften. Else Skjøndal på Universitetsbiblioteket visste dette, og vinn dagens kalenderpremie!

Dagens spørsmål:
– Kor kjem Jakob Sande frå?