Kalenderen er allereie komen til den niande luka. Har du kontroll på alt som skal gjerast før jul? Foto: Hilde Kristin Strand
Kalenderen er allereie komen til den niande luka. Har du kontroll på alt som skal gjerast før jul? Foto: Hilde Kristin Strand

Sjå dagens julespørsmål

Publisert

Stian Suppersberger Hamre har gitt ut ei eiga kokebok med julekakeoppskrifter. Her er hans kalenderspørsmål.

Eigentleg er han biologisk antropolog og skjelettekspert, men Stian Suppersberger Hamre er med i På Høyden sin adventskalender fordi han har stor kompetanse på julebakst. I 2012 ga han ut boka «Julens kaker & andre fristelser». I år har På Høyden nemleg invitert nokre forskarar som kan meir om noko «julete» enn oss andre. Dei stiller spørsmål til lesarane. Svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande premie.

Dagens spørsmål må me ha svar på innan måndag kl 10. Svaret sender du som vanleg på epost til [email protected]

Kva del av kroppen har eitt bein for kvar dag i advent?