Som ein ser - rektor Dag Rune Olsen har lua <span class="caps">OPPÅ</span> øyrene. Og strengt teke er ho vel på fordi På Høyden-redaksjonen spurte veldig fint…
Som ein ser - rektor Dag Rune Olsen har lua OPPÅ øyrene. Og strengt teke er ho vel på fordi På Høyden-redaksjonen spurte veldig fint…

Noko raudt på toppen

Publisert

Har ein nisselua godt nedpå øyrene berre fordi det er kaldt?

Nisselue. Dette plagget som finst i ulike variantar; korte og lange, raude og til og med blå. Blånissane i Blåfjell er etterkvart kjent av mange, men allereie i 1987 fanst det ein nisse med blå lue: Sørpolnissen, som fanst i Barnetimen for dei minste.

Dette var strengt tatt eit sidespor, reint bortsett frå at dagens kalenderspørsmål handlar om nisselue. Det er Wigdis Espeland som stiller spørsmål denne veka, ho er pensjonert amanuensis i kulturvitskap. I år har På Høyden nemleg invitert nokre forskarar som kan meir om noko «julete» enn oss andre. Dei stiller spørsmål til lesarane. Svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande premie. Svaret sender du til [email protected], og svar på dagens spørsmål må me ha innan fredag klokka 10.

Kva betyr det å dra nisselua godt nedover øyrene?

Kjell Trengereid var blant dei som visste korleis nissen ser/skal sjå ut: Liten, gråkledd mann, med skjegg - og sjølvsagt raud nisselue. Gratulerer som vinnar!