Den andre musa er hoppande glad, og dansar over plassen. Kanskje ho gler seg til aulaen er ferdig? Fotomontasje: Redaksjonen
Den andre musa er hoppande glad, og dansar over plassen. Kanskje ho gler seg til aulaen er ferdig? Fotomontasje: Redaksjonen

Musene på plassen 2

Julekalender:

Aulaen er under bygging, og musene er kasta ut frå Museplass 3. I går feia Ove Botnevik plassen, men kven er det som har dukka opp i dag?

Det er triste tider for musene på Høyden. Statsbygg har tatt over sørfløyen, og musene har ikkje noko bord å danse på. Litt etter litt finn dei vegen til plassen dei ser på som sin eigen: Museplass.

Men det er noko kjent ved dei. Kan du sjå kven dei liknar på?

Den andre musa er hoppande glad, og dansar over plassen. Kanskje ho gler seg til aulaen er ferdig?

Kostemusa som var på plass 1. desember er Ove Botnevik. Runa Jakhelln frå personal- og organisasjonsavdelinga klarte å skilje snute frå verhår, og er den første vinnaren av sjokoladepremie. 

Kvar dag vil det komme ei ny mus på plassen. Om du ser kven det liknar på, så send svaret til [email protected] innan neste dag klokka 1000. Laurdag og søndag er fristen klokka 1100 måndag. Vi vil kvar dag trekke ut ein vinnar blant dei riktige svara. Premien er heider og utsøkt sjokolade, som kan hentast i På Høyden-redaksjonen i Christies gate 13, rom 230 i andre etasje. Vi har og bede om at deltaking i konkurransen kan telje når musemor skal telje alle kantane i musefamilien før jul, men det er noko usikkert om dette går gjennom i musestyret.