Vossingen Gunnstein Akselberg klarar seg ikkje utan pinnekjøt til jul. Og det må vera røykt. Foto: Hilde Kristin Strand
Vossingen Gunnstein Akselberg klarar seg ikkje utan pinnekjøt til jul. Og det må vera røykt. Foto: Hilde Kristin Strand

Møt UiB-nissen 6. desember

Publisert
LUKE 6:

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av dagens premie.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Det er pinnekjøt. Det vert ikkje jul utan. Eg prøver å ikkje eta pinnekjøt før jul, og eg prøver å ikkje eta det resten av året heller.

UiB-nissen 6. desember

Namn: Gunnstein Akselberg

Alder: 65

Jobb: professor i nordisk språk. Underviser studentar, i haust har han leia eit kurs i vestnordisk. Rettleiar studentar, både på master- og phd-nivå, og forskar.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– I mitt fagmiljø er det ikkje noko spesielt, men nokre av dei administrativt tilsette hengjer opp litt julepynt og set fram dukar og lysestakar. Eg synest det er noko med å markera ulike fasar i året, det signaliserer eit eller anna. Og uansett kva ein meiner om jula, så er det fint å markera det som ein fase.

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Pinnekjøt. Og det skal vera røykt, eg er vossing. Til pinnekjøtet må eg ha det me kallar nepestappa, kokte poteter og tyttebærsyltetøy. Det kan òg godt vera ein liten pølsesnabb til, og då sjølvsagt vossakorv.

– Har du ein favorittjulesong?
– Mitt hjerte alltid vanker. Den har tekst som eigentleg er dansk, og så er melodien ein folkemelodi frå Møre. Eg er ofte meir interessert i melodien enn i teksten, men i denne teksten er det òg noko med det lyriske. Elles er eg jo svak for Jakob Sande og Det lyser i stille grender.

– Kva ønskjer du deg til jul?
– Det er lett å seia bok eller plate, men ein professor treng vel strengt tatt ikkje fleire bøker. Eg ønskjer meg heller ein billett til Hellemyrsfolket neste haust! Eg skal sjå det no i helga, men då fekk eg den siste billetten som var att, og det er heilt bak. Så nokon kan godt kjøpa og pakka inn ein billett der eg kan sitja nede i salen.

– Kva ønskje har du for UiB i det nye året?
– Eg ønskjer at UiB vert meir synleg i bybiletet og i den offentlege diskursen, og at den kompetansen UiB forvaltar kjem tydelegare fram. Formidlingsdelen av samfunnsoppdraget vårt er legitimiteten for vår eksistens. Eg ønskjer òg at formidling som synleggjer UiB kan honorerast i forhold til timerekneskapen. No er det slik at ein får null poeng for slik verksemd. Dei som formidlar gjer universitetet meir synleg og kommuniserer med samfunnet utanfor. Det skulle vore ein post i rekneskapen for slikt.

 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Svaret på dagens spørsmål sender du til [email protected] innan måndag kl 10. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13.

Dagens spørsmål:
Kva betyr og kva er bakgrunnen for ordet skoltesøndag?