Annelin Eriksen samlar heile familien i jula. I år er første året ho får barn heim til jul, eldstedotra studerer i Skottland. Foto: Hilde Kristin Strand
Annelin Eriksen samlar heile familien i jula. I år er første året ho får barn heim til jul, eldstedotra studerer i Skottland. Foto: Hilde Kristin Strand

Møt UiB-nissen 5. desember

Publisert

LUKE 5: Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av dagens premie.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– 1. søndag i advent bakar me peparkaker. Då vert det så god lukt i huset. Elles er det viktigaste å samla heile familien. I år er første året eg får barn heim til juleferie, eldste dotra vår er student og kjem heim til jul.

UiB-nissen 5. desember

Namn: Annelin Eriksen

Alder: 42

Jobb: professor i sosialantropologi og prodekan for forsking ved SV-fakultetet. Leiar forskingsprosjektet «Gender and Pentecostalism Research Group», som ser på kjønn og kristendom i Stillehavet og Afrika sør for Sahara. Prodekan-stillingen går mellom anna ut på å følgja opp forskarutdanningsprogrammet og ha eit særleg ansvar for fakultetet sine søknader til Horisont 2020 og ERC.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– Eg synest det er god stemning her på instituttet. Me har mandarinar og peparkaker, me har julebord, og i alle fall nokre år plar yuccapalmen vår å verta pynta med glitter.

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Pinnekjøt, det er det eg vaks opp med. Mannen min har nokre vossegener, så han vil ha røykt pinnekjøt. Lenge hadde me begge deler, men eg kjenner for å vera ærleg ikkje den heilt store skilnaden. No har me landa på røykt, sidan det er han som lagar maten. Til pinnekjøtet har me kålrabistappe, god sennep, poteter og vossakorv. Pølse begynte me med då ungane var små, men me har det framleis. Nokre år har me hatt ein litt spicy chutney til julemiddagen òg, for å få litt søtt mot det salte. Etterpå et me moltekrem og krumkaker.

– Har du ein favorittjulesong?
– Det er mange som er fine. Eg likar mellom anna John Lennon sin Happy Xmas (War is over).

– Kva ønskjer du deg?
– Eigentleg vil eg ikkje seia kva eg ønskjer meg, for det kjekkaste er å få ting eg vert overraska over. Tidlegare har eg mellom anna fått klippekort på klesvask. Eg likar gøyale, gjennomtenkte gåver som ikkje treng å kosta så mykje, men som det ligg mykje tanke bak.

– Kva ønskje har du for UiB i året som kjem?
– No skal me for alvor starta opp ERC-prosjektet «Egalitarianism: Forms, Processes, Comparisons», som er leia av Bruce Kapferer. Forskargruppa mi har eit tett samarbeid med han. Me har lagt opp til eit spanande seminarprogram. Eg håpar dette vert like bra som eg trur det skal verta.

 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret på dagens spørsmål til [email protected] innan kl 10 måndag. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13.

4. desember var spørsmålet når Boxing Day er, og kva denne dagen vert kalla i Noreg. Rett svar er at det er 26.12, også kalla andre juledag. Det visste mellom andre Eldbjørg Sanden Søvik. Gratulerer!

Dagens spørsmål:
Kva går filipine-spelet ut på?