Gro Nesse-Bremer elskar jula, og håpar det vert ei kvit jul på garden i Sogn. Foto: Hilde Kristin Strand
Gro Nesse-Bremer elskar jula, og håpar det vert ei kvit jul på garden i Sogn. Foto: Hilde Kristin Strand

Møt UiB-nissen 2. desember

Publisert
LUKE 2:

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av dagens premie.

–Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
–Det er å henga opp godterikremmerhus til tanteungane mine. Det skjer vesle julaftan heime hos mor og far i Sogn. Me er fire søsken med familiar som feirer saman heime på garden. Eg lagar kremmerhus og hengjer dei ute på trea. Så julaftan om morgonen må ungane kle på seg og koma seg ut og leita. Då vert det ein uteaktivitet, samstundes som tida går. Eldstemann er 18 no, men forventar framleis å få godteri frå «mosti». Det andre eg må gjera før julefreden senkar seg, er at eg må krangla med søstrene mine om korleis kålrabistappen skal smaka. Eigentleg handlar det berre om at me alle synest det er så godt, så det er berre ei orsaking for å få ta ein liten smak til. Og så ender det med at far vår må skjera gjennom.

UiB-nisse 2. desember

Namn: Gro Nesse-Bremer

Alder: 42 år

Jobb: Tilsett som førstekonsulent ved Universitetsmuseet. Er museumspedagog, og har ansvar for å ta i mot skular og barnehagar og for å arrangera spesielle familiedagar ved museet.

–Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
–Eg elskar jula. Som du ser, har eg allereie snike fram litt julepynt (intervjuet vart gjort i november, journ.anm, og då låg det nokre julekuler diskret plassert i eit hjørne), og me er i full gang med mandarinetinga. Det er første året me på museet har kontor i Harald Hårfagres gate, og eg har tenkt å gjera mitt beste for at det skal verta julestemning her. Eg har planar om å blanda meg inn, for å seia det sånn.

–Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
–Både òg. Og heimelaga kjøtkaker. Mor mi hadde tradisjon med røykt pinnekjøt, far min med ribbe, og kjøtkakene kom då ungane var små. Alle skal få det dei likar best på julaftan. Difor hadde me òg lenge tre ulike dessertar.

–Har du ein favorittjulesong?
–Det er «Det lyser i stille grender». Den syng me tostemt før me et julemiddag, og er ein song som har følgt meg sidan barndommen.

–Kva ønskjer du deg til jul?
–Eg ønskjer meg ein bag til bassgitaren min, slik at eg kan bera han på ryggen. Ein gig-bag.

–Kva ønskje har du for UiB i det nye året?
–Eg trur eg må smalna spørsmålet inn til min sfære. Eg håpar at endå fleire finn vegen opp til oss på museet, og at me klarar å nå ut med alt det spanande me har innanfor dørene. Og så håpar eg at eg kan bidra til å gi innbyggjarane som kjem til oss gode opplevingar.

 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til [email protected] innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13.

Dagens spørsmål:
Kva namn hadde jernaldermenneska på fjøsnissen?

 

1. desember var spørsmålet korleis siste verselinje i første strofe av “Det lyser i stille grender” er. Svaret er “mot himmelen ljosi held”. Nissen har godeteke svaret “mot himmelen ljosa held”. Det var det fleire som visste, og Ingrid Nymoen vart trekt ut som vinnar. Ho kan koma innom Christies gate 13 og henta premien sin. Men nissen har mykje å gjera i desse førjulstider, så det kan vera lurt å venta til 3. desember…