Elisabeth Müller Lysebo lagar julestemning på Marineholmen. Foto: Ingvild Festervoll Melien
Elisabeth Müller Lysebo lagar julestemning på Marineholmen. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Møt UiB-nissen 12. desember

Publisert

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av utsøkt sjokolade.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Det er koseleg å få julebesøk av foreldre, svigerforldre eller søsken. Og så vil nok ungane seie at eg er ganske nøye på at dei forskjellige julepyntane kjem på same plass rundt i huset, år etter år etter år.  

UIB-nisse 12. desember

Namn: Elisabeth Müller Lysebo

Alder: 47 år

Jobb: Administrasjonssjef på Institutt for biologi. Tek over som fakultetsdirektør på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet 1. februar.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– De i På Høyden gjer jo så godt de kan! Men i går var det veldig koseleg her på instituttet, for då song ein av kollegaene mine julesongar mens ho pynta. Då blir det veldig god julestemning. UiB er så store at her må ein ta ansvar sjølv.

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Pinnekjøtt, til tross for at eg er austlending. Eg er gift med ein sunnmøring, og blei introdusert for det heime hos han.

– Har du ein favorittjulesong?
– Det er ein litt ny julesong av Erik Hillestad og Carola: Himlen i min famn. Det handlar om den unge tenåringsmora, som Maria var, og som sit med dette barnet i hendene, og kva tankar ho gjer seg.

– Kva ønskjer du deg til jul?
– Eg har innsett at eg har behov for ein ny, middels stor koffert. Eg ventar meg at det blir litt meir reiseverksemd i den nye jobben. Og sjølvlagde gåver er utruleg flott å få.

– Kva ønskje har du for UiB i det nye året?
– Eg ønskjer meg at studentane som går her får glede, motivasjon og interesse for faga dei har valt, og at dei fullfører. Eg  ønskjer meg god forsking med spennande og banebrytande resultat, og at vi får godt tilslag på ekstern finansiering. Og så håper eg at vi klarer å dele det spennande vi jobbar med både med beslutningstakarar og andre.

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til [email protected] innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13. Torsdag var svaret på spørsmålet Tage Danielsson. Det visste mellom andre Arild Sørensen. Gratulerer!

Dagens spørsmål: Kva heiter den nære slektnigen av Maria som var gravid omtrent samtidig med ho?