Ein føremiddag i november var det verken snø eller grantre i musehagen. Nissen har difor gøymt seg under treet «Apens skrekk». Foto: Hilde Kristin Strand
Ein føremiddag i november var det verken snø eller grantre i musehagen. Nissen har difor gøymt seg under treet «Apens skrekk». Foto: Hilde Kristin Strand

Møt UiB-nissen 1. desember

Publisert
LUKE 1:

Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen har eit spørsmål til deg. Svarar du rett, vert du med i trekninga av dagens premie.

– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– For at det skal verta jul, må eg laga delfiakake. Nokre år har me budd i utlandet og feira jul der, og då har eg fått hjelp frå Noreg. Det er nemleg berre her det finst ein feittype som kan koka utan at det vert klumpar. Eg lagar òg krydderkake, i min eigen versjon. Løyndommen er å koka rosiner, sukat, fiken og det andre ein har oppi, i vatn og smør.

UiB-nisse 1. desember

Namn: Jan Olav Gatland

Alder: 65 år

Jobb: Tilsett som førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket. Har ansvar for å kjøpa inn og klassifisera bøker innan fagfelta nordisk, fransk, teatervitskap og kunsthistorie. Rettleiar og underviser tilsette og studentar.

– Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
– Her på UB har me julefrukost ein dag like før jul. Då byrjar me klokka 8.15, og stengjer biblioteket fram til klokka 10. Alle har med seg ein rett. Først et me frukost saman, og så et me restar ut over heile dagen.

– Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
– Eg er van med lutefisk. Men eg har vorte nøydd til å eta kokt torsk. Sambuaren er frå Sørlandet, og nokre år feirar me jul der. I år skal me vera heime i Bergen, og då trur eg det vert pinnekjøt på julaftan.

– Har du ein favorittjulesong?
– Det er «Det lyser i stille grender». Den er på nynorsk, og veldig vakker.

– Kva ønskjer du deg til jul?
– Eg treng eit par nye skinnhanskar. Det er ikkje naudsynt å ønska seg bøker, det flyt over her på jobb. Eg kan låna det eg ønskjer. No er det slik at eg må argumentera for kvar bok eg kjøper, me har snart ikkje plass til fleire heime.

– Kva ønskje har du for UiB i det nye året?
– Eg ønskjer at UiB skal vera ein god arbeidsplass for alle tilsette og for begge kjønn, utan at nokon vert diskriminert.

 

Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til [email protected] innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13.

Dagens spørsmål:
Korleis lyder siste linje i første strofe av «Det lyser i stille grender»?