Den ekte, opphavelge, norske nissen - kor bur han? Foto: Gudrun Sylte
Den ekte, opphavelge, norske nissen - kor bur han? Foto: Gudrun Sylte

Kvar bur han?

Publisert

Denne nissen er plassert ute i bybiletet. Men kvar ville han helst ha vore?

Kjem julenissen ned gjennom pipa? Og korleis kjem han seg i så fall inn hos barn som bur i hus utan pipe? Viktige spørsmål for mange barn no når det berre er halvanna veke att til jul. I På Høyden sin adventskalender er det forskarar som kan noko om noko meir «julete» enn oss andre som stiller spørsmål i år. Denne veka er det pensjonert amanuensis Wigdis Espeland som spør. Ho er kulturvitar, og oppteken av jul og tradisjonar.

Veit du svaret på dagens spørsmål sender du ein epost til [email protected] innan måndag klokka 10.

Torsdag var spørsmålet kva det vil seia å dra nisselua godt nedover øyrene. Då høyrer ein ikkje etter, ein tek ikkje imot impulsar utanfrå, og ein er kanskje litt trangsynt. Kirsti Nordstrand er trekt ut som vinnar, gratulerer!

Kor held nissen, ifølgje den norske tradisjonen, til?