Kjenner du nesten lukta no? Eller plar du eta noko heilt anna julaftan? Foto: Hilde Kristin Strand
Kjenner du nesten lukta no? Eller plar du eta noko heilt anna julaftan? Foto: Hilde Kristin Strand

Kva er eigentleg julemat

Publisert

Veit du kva det er vanlegast å eta på julaftan?

Sjølv et ho lutefisk – men utan bacon og erter. Wigdis Espeland er tredje «juleforskar» ut i På Høyden sin adventskalender i år. På Høyden har invitert nokre forskarar som kan meir om noko «julete» enn oss andre. Dei stiller spørsmål til lesarane. Svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande premie. Svaret sender du til [email protected], og svar på dagens spørsmål må me ha innan onsdag klokka 10.

Dagens spørsmål:

Du veit nok at mange et pinnekjøt eller svineribbe julaftan. Men kva tre andre rettar kan reknast som mest vanleg å eta som julemiddag?

I luke ti var spørsmålet kva ei nidstang er. Det var det fleire som visste. Ein tok ei stang, sette eit dyrehovud på toppen, drog ut tunga og snudde hovudet mot den ein ville visa forakt. Kikki Kleiven vart trekt ut som vinnar, gratulerer!