Dagens mus har superkrefter, og balanserer på kanten av taket. Kva heiter han? Fotomanipulasjon: Redaksjonen
Dagens mus har superkrefter, og balanserer på kanten av taket. Kva heiter han? Fotomanipulasjon: Redaksjonen

Musene på plassen 3

Julekalender:

Aulaen er under bygging, og musene er kasta ut frå Museplass 3. Men kven er det dei liknar på?

 

Det er triste tider for musene på Høyden. Statsbygg har tatt over sørfløyen, og musene har ikkje noko bord å danse på. Litt etter litt finn dei vegen til plassen dei ser på som sin eigen: Museplass.

Men det er noko kjent ved dei. Kan du sjå kven dei liknar på?

Dagens mus har superkrefter og viser fram halsbrekkande og akrobatiske kunstar frå toppen av taket. Kva heiter han?

Kven kan dette vere? Om du synest han er vanskelig å kjenne igjen opp ned kan du prøve å snu skjermen på hovudet…

Gårsdagens dansemus var viserektor Oddrun Samdal, og Elin Johnsen på telefonsentralen er trekt ut blant dei mange som hadde gjetta riktig. Premien kan hentast hos På Høyden.

Oddrun Samdal dansar over Museplassen.

Kvar dag vil det komme ei ny mus på plassen. Om du ser kven det liknar på, så send svaret til [email protected] innan neste dag klokka 1000. Laurdag og søndag er fristen klokka 1100 måndag. Vi vil kvar dag trekke ut ein vinnar blant dei riktige svara. Premien er heider og utsøkt sjokolade, som kan hentast i På Høyden-redaksjonen i Christies gate 13, rom 230 i andre etasje. Vi har og bede om at deltaking i konkurransen kan telje når musemor skal telje alle kantane i musefamilien før jul, men det er noko usikkert om dette går gjennom i musestyret.