Den første musa er opptatt av at det skal vere reint og fint på plassen, og sopar borti krokane med halen sin. Fotomanipulasjon: Redaksjonen
Den første musa er opptatt av at det skal vere reint og fint på plassen, og sopar borti krokane med halen sin. Fotomanipulasjon: Redaksjonen

Musene på plassen 1

Aulaen er under bygging, og musene er kasta ut frå Museplass 3. Men er det ikkje noko kjent med dei?

Det er triste tider for musene på Høyden. Statsbygg har tatt over sørfløyen, og musene har ikkje noko bord å danse på. Litt etter litt finn dei vegen til plassen dei ser på som sin eigen: Museplass.

Men det er noko kjent ved dei. Kan du sjå kven dei liknar på?

Den første musa er opptatt av at det skal vere reint og fint på eigedomen, og sopar borti krokane med halen sin:

Kvar dag vil det komme ei ny mus på plassen. Om du ser kven det liknar på, så send svaret til [email protected] innan neste dag klokka 1000. For laurdag og søndag er fristen klokka 1100 måndag. Vi vil kvar dag trekke ut ein vinnar blant dei riktige svara. Premien er heider og utsøkt sjokolade, som kan hentast i På Høyden-redaksjonen i Christies gate 13, rom 230 i andre etasje. Vi har og bede om at deltaking i konkurransen kan telje når musemor skal telje alle kantane i musefamilien før jul, men det er noko usikkert om dette går gjennom i musestyret.