Sjå dei historiske bileta frå abortkampen si historie her:

Den lange historia om abortlova

Det tok mange år før Noreg fekk ei lov om sjølvbestemt abort. Saka har vore politisk betent heilt sidan tidleg på 1900-talet.

Publisert   Sist oppdatert

Det er lett å vera ung og historielaus, og tenkja at retten til sjølvbestemt abort er heilt sjølvsagt. Men faktisk er dagens kvinner den første generasjonen som har hatt dette. Abortlova vart vedteken i Stortinget først i 1978- med eit fleirtal på ei stemme. Sidan den tid har det vore temmeleg stille – med nokre unntak av prestane Ludvig Nessa og Børre Knudsen sine aksjonar mot abort på 1980- og -90-talet.

Men så skjedde det noko.

– Når ein kjenner historia, var det slett ikkje uventa at Solberg lokka med abortlova då ho ville at Kristeleg Folkeparti skulle velja å forhandla med Høgre, Venstre og Frp om å gå inn i regjeringa. Og abortlova kom i spel. Det seier Kari Tove Elvbakken. Ho er professor i administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB, og forskar for tida på abortlova si politiske historie. Onsdag skal ho halda eit føredrag i regi av Selskapet til Vitenskapens Fremme om nettopp abortlova.

I 2014 og 2018

I 2014 var 8.marstoga lenger enn dei hadde vore på mange år. Bakgrunnen var forslaget om at legar skulle kunne reservera seg mot å visa gravide kvinner vidare i helsevesenet, slik at kvinnene skulle kunne ta abort. Det var eit resultat Krf oppnådde i Nydalen-forhandlingane, som støtteparti for Høgre og Frp-regjeringa i 2013. Tusenvis protesterte, og mange, òg privatpersonar, sendte inn høyringssvar. Enden på visa vart at fastlegar ikkje lenger skal ha ei rolle når ei kvinne ønskjer å ta abort før svangerskapsveke 12.

Men så, på slutten av 2018, kom det altså ein ny runde. Krf ville fjerna paragraf 2C i abortlova, den som seier at abort kan verta innvilga dersom «det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom, som følge av arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet». Regjeringsforhandlarane vart ikkje samde om dette, men dei vart samde om å fremja forslag om å endre abortlova, så det ikke vert lovleg utføra såkalla tvillingabort, altså fosterreduksjon, før veke 12. Resten av lova skulle vera uendra. Så vart det utviding av regjeringa, og lovendringsforslaget er alt sett fram.

– Gjennom heile abortlova si historie har det handla om to ting: Kva er legitim grunn for å kunne ta abort? Og kven skal bestemma når ei kvinne skal få ta abort? Det er dette som igjen har vore i spel, seier Elvbakken.

Kunne straffast

I Straffeloven frå 1902 var abort forbode. Deretter var abortspørsmålet oppe til politisk handsaming fleire gongar opp gjennom første halvdel av 1900-talet, fram til den første abortlova vart vedteken i 1960.

Kva er legitim grunn for å kunne ta abort? Og kven skal bestemma når ei kvinne skal få ta abort?

Kari Tove Elvbakken

– I ettertid har det vorte hevda at det både tok lang tid å få på plass ei lov om abort, og at det var så stille rundt saka. Det tok lang tid. Men det var slett ikkje så stille, seier Elvbakken.

– Tvert om viser det seg at det var politisk aktivitet rundt saka òg i dei åra der abort var forbode – og det vart dessutan gjennomført abort – heilt lovleg.

I eit rundskriv frå 1899 heitte det nemleg at abort ikkje var ulovleg dersom «kvinnens liv og helbred» var i fare. Det vart ifølgje Elvbakken tolka ulikt, og meir liberalt med åra, og grunnane vart drøfta i medisinen. Tuberkulose, epilepsi og sinnssjukdom kunne dømes vere lovlege grunnar for abort. Abort etter voldtekt kunne óg verta sett på som lovleg.

– Det har vorte peika på at Sverige og Danmark fekk liberale lover om abort allereie på slutten av 1930-talet, og at Noreg, grunna Nygaardsvold-regjeringa, ikkje følgte denne lina. Noreg fekk inga lov, det er rett, men lovene i nabolanda var strengere enn det praksisen i Noreg var. På slutten av 1930-talet vart det gjennomført fleire lovlege abortar i Noreg enn i nabolanda, seier Elvbakken.

Arbeiderkvinnene først

«Aldri mer strikkepinner» stod det på plakatane som vart brukt i demonstrasjonar for sjølvbestemt abort på 1970-talet. Den mest kjende delen av kampen for sjølvbestemt abort gjekk føre seg på 1970-talet, men før den tid var det nokre som kjempa i fleire tiår: Arbeiderkvinnene. Katti Anker Møller var ei av dei som tok til orde for det som var tre saker som heng saman: Tilgang til prevensjon, fødselskontroll og fri abort. Det vart oppretta mødrehygienekontor frå midt på 1920-talet, og eit av formåla med desse kontora var å gi kvinner tilgang til prevensjon. Pessar vart arbeiderkvinnene sitt prevensjonsmiddel.

– Desse mødrehygienekontora vart organiserte som aksjeselskap, for at dei skulle kunne selja prevensjonsmiddel. Men under krigen vart dei oppløyst. Då kom det òg ei ny abortlov, som skulle stramma inn den praksisen som hadde vore – bortsett frå dersom det galdt rasemessige forhold, fortel Elvbakken.

Ho understrekar at det er lite kjent korleis denne lova faktisk vart brukt.

– Ein har jo høyrt om desse strikkepinneabortane, som kunne gå alldeles gale. Kor mange slike illegale abortar vart gjennomført i Noreg?

– Det vart gjennomført mange illegale abortar, men truleg ikkje så veldig mange med strikkepinnar. Det fanst legar som gjennomførte abortar, det same gjorde nokre jordmødre eller andre kvinner med kunnskap om korleis dette skulle gjerast. Ein reknar med at det rundt 1960 vart gjennomført 10 000 illegale abortar i Noreg årleg.

Første lov i 1960

I 1960 kom den første lova som ga rett til abort, men berre dersom det var fare for kvinna sitt liv eller helse, dersom svangerskapet var resultat av voldtekt eller incest, eller dersom det var fare for at fosteret var skada. Dette kunne skuldast arv, at kvinna hadde hatt raude hundar i svangerskapet, men òg dersom kvinna hadde brukt legemiddel som kunne skada fosteret. På den tida vart det klart at legemiddelet thalidomid mot svangerskapskvalme kunne føra til misdanningar hos barnet.

Det som ikkje vart innført i lova i 1960, var løyve til abort utifrå sosiale indikasjonar. Dette var noko arbeiderkvinnene arbeidde for gjennom mange tiår, og noko som ein einstemmig komité tilrådde. Men det kom ikkje med i den endelege lova.

– Det vart lagt inn ein svært vid helsedefinisjon, slik at ein del abortar vart nok innvilga på bakgrunn av samfunnsmedisinske årsaker. Men den gong som no var det skilnad på abortnemndene, seier Elvbakken.

Aase Lionæs (Ap) var viktig i kampen for fri abort. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
Aase Lionæs (Ap) var viktig i kampen for fri abort. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

I 1967 vart Aase Lionæs frå Arbeiderpartiet den første representanten som tok opp spørsmålet om fri abort i Stortinget. To år seinare vedtok partiet at kvinner skulle få rett til sjølvbestemt abort.

– Men først i 1973 vart temaet ei hovudsak i valkampen. I stortingsmeldinga frå året etter vart fri abort føreslege. Dette vart nedstemt med ei stemme – Otto Hauglien frå SV, seier Elvbakken.

Toril Skar skriv i nettmagasinet Kilden om SV si konflikt knytt til abortlova. Stridens kjerne var om kvinnene skulle kunne bestemma heilt sjølv, eller om det måtte vera tvungen rådgiving for ei kvinne som ønska abort – der barnefaren òg kunne delta.

Då abortlova til slutt vart vedteken i 1978, skjedde dette med ei stemmes overvekt. Elvbakken fortel at det særleg i Høgre var interne konflikter, men at partipiska vart brukt.

– Er dette det same ein ser i dag? No har enkelte Høgre-politikarar gått ut mot statministeren.

– I 1980 vedtok Høgre sitt landsmøte at dei einskilde representantane skulle kunne stemma det dei ville i abortsaka. Dette var ei av årsakene til at KrF ikkje gjekk inn i Willoch si regjering året etter. Fleire i Høgre og Venstre var for liberalisering av abortlova i mange år før vedtaket i 1978, men dei bidrog ikkje i Stortinget, seier Elvbakken.

I 20-åra, gravid for sjette gong

– Kor viktig er abortlova for kvinner?

– Det er grunnleggande viktig å kunne bestemma over sin eigen kropp. Spørsmålet opp gjennom åra har vore om dette handlar om berre fødselsplanlegging, eller om det òg er ei seksualreform. Eg meiner det er begge deler, seier Elvbakken.

Kari Tove Elvbakken forskar på abortlova si politiske historie. Foto: Hilde Kristin Strand
Kari Tove Elvbakken forskar på abortlova si politiske historie. Foto: Hilde Kristin Strand

– Det er ganske gripande å lesa historier frå særleg kvinner frå arbeiderklassen. Det vert skildra kvinner som er i slutten av tjueåra, gravide med barn nummer seks, dei bur på to rom og barnefaren er arbeidslaus. Samstundes som dette skjedde meinte nokre at ein ikkje burde gi tilgang til prevensjon, for då kunne særleg unge koma til å ha sex.

Då den nye regjeringa vart presentert i januar, stilte 30 kvinner seg opp framfor Stortinget, kledd som kvinner frå TV-serien Handmaid’s Tale, der kvinner er sexslavar og fødselsmaskiner. Stuntet har fått mykje merksemd – og mykje kritikk. Men abortlova engasjerer tydelegvis framleis.

– Det er interessant å merka seg at fleire land i Europa går den andre vegen. Fram til 1936 var abort sett på som ei vanleg helseteneste i Russland, så vart det forbode, og først lovleg att frå sist på 1950-talet. Polen hadde fri abort i kommunisttida – no er abort forbode. På 60-talet reiste kvinner frå Sverige til Polen for å ta abort, no reiser polske kvinner til Sverige. I Spania var det forbode då Franco styrte, så vart det lovleg, før det igjen vart føreslege å forby abort, og Irland var kjent for si strenge abortlov. I England og Finland er det heller ikkje fri abort, men legebestemt, sjølv om det i praksis betyr at det er tilnærma fri abort. Det er faktisk berre Noreg, Sverige og Danmark som har betingelseslaus rett til abort, seier Elvbakken.