Professor Jørn Øyrehagen Sunde har jobba ved UiB i mange år, og har nyleg begynt i ny stilling ved UiO. Han fortel at førelesinga på 200 minutt kjem til å ha pausar - men det er mest for publikum sin del. Foto:
Professor Jørn Øyrehagen Sunde har jobba ved UiB i mange år, og har nyleg begynt i ny stilling ved UiO. Han fortel at førelesinga på 200 minutt kjem til å ha pausar - men det er mest for publikum sin del. Foto:

Øyrehagen Sunde skal halda Aarebrot-førelesing

Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde skal halda den andre Aarebrot-førelesinga. Sunde er glad for oppgåva — men redd 200 minutt kan verta litt lite.

Publisert

Professor Frank Aarebrot døydde hausten 2017. Året etter vart professoren, som kanskje særleg var kjent for si formidlingsevne, heidra med den første Aarebrot-førelesinga. Då var det professor Bernt Hagtvet som heldt føredraget.

Frank Henrik Aarebrot (1947-2017)

  • Norsk statsviter og professor ved Universitetet i Bergen
  • Oppvokst på Kronstad i Bergen
  • Tok artium ved Langhaugen gymnas i 1966
  • Cand.polit. i 1976 med hovedfag i sammenlignende politikk ved UiB
  • Ansatt ved Institutt for sammenlignende politikk fra 1977
  • Forsket på nye demokratier og demokratisering, valganalyse og metodikk, europeisk integrasjon og viet mye tid til forskningsformidling.
  • Er i Norge kanskje mest kjent som politisk kommentator og valgekspert.
  • Vant i 2007 Morgebladets kåring over landets mest siterte forskere. 
  • Holdt sin siste forelesning ved UiB i april 2017.

 Kilde: Wikipedia, SNL

Eg tenkjer på føredrag eg skal halda til dømes når eg går til fjells eller når eg vaskar opp.

Jørn Øyrehagen Sunde

I januar, som var Aarerot sin bursdagsmånad, vert den andre arrangert. Målet med førelesinga er å heidra den munnlege formidlingstradisjonen Aarebrot var ein sterk representant for, heiter det i ei pressemelding frå Universitetet i Bergen. I januar er det jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde som skal halda førelesinga.

— Eg vart kjempeglad då eg fekk spørsmålet. Det er ei stor ære, seier Sunde.

200 minutt

Sunde er sjølv ein stor formidlar, og har mellom anna halde føredrag under Christiekonferansen. I år skal han halda hundre føredrag utanfor universitetet.

— Eg førelas saman med Aarebrot ein gong, og eg har stor respekt for han. Mange prøver å anten underhalda eller vera strengt saklege når dei skal førelesa, men Aarebrot skapte eit rammeverk der dei som høyrde på kunne nytta sin eigen kunnskap, seier Sunde.

Aarebrot var særleg kjend for sine førelesingar på 200 minutt. Det byrja med 200 år på 200 minutt, som vart halde i høve grunnlovsjubileet i 2014. Deretter kom det 200 minutt med krig og krigshistorie. Aarebrot-førelesinga er også 200 minutt. Tusen år med rettshistorie på 200 minutt - og kvifor er demokratiet under press i dag? Det er tema for Sunde si førelesing.

— Eg er redd for at det er hundre minutt for lite, smiler Sunde.

Han fortel at han er dyslektikar, og stiller på scena heilt utan manus.

— Eg har lært meg teknikkar for å hugsa. Og meir enn å bruka mykje tid på å skriva ned det eg skal seia, brukar eg mykje tid på å tenkja. Eg tenkjer på føredrag eg skal halda til dømes når eg går til fjells eller når eg vaskar opp. Og eg har vore gjennom Aarebrot-førelesinga fleire gonger allereie, seier han.

Mønster tusen år tilbake

Sunde skal snakka om korleis kommunikasjonsteknologien endrar statsform. Han skal visa nokre mønster som går langt attende i tid.

— Korleis var det å leva i eit samfunn utan skrift? Og deretter utan trykt skrift? Og korleis hadde det vore i dag utan Internett?

— Kven er målgruppa for føredraget?

— Eg snakkar heilt likt om eg er i eit lokalt historielag eller i vitskapsakademiet. Det same gjorde Aarebrot. Eg prøver å vera nyansert og inkluderande, slik at ein treng berre vera allment interessert for å kunne forstå, seier Sunde.

— Jørn Øyrehagen Sunde er ein av dei sterkaste formidlarane me har. Dette vert 200 minutt med engasjerande kunnskap, seier UiB sin prorektor Margareth Hagen i pressemeldinga.