Førsteamanuensis Kikki Kleiven har fått publisert ein artikkel i prestisjetunge Science for tredje gong. Foto: Hilde Kristin Strand
Førsteamanuensis Kikki Kleiven har fått publisert ein artikkel i prestisjetunge Science for tredje gong. Foto: Hilde Kristin Strand

Kleiven er medforfattar i Science

Som einaste norske forskar og einaste kvinne, er Kikki Kleiven medforfattar i ein stor artikkel i Science.

Publisert

– Eigentleg er det litt som å spela brettspelet Risk. Det er mykje politikk, og nokre konflikter. Men samstundes skal ein skapa forsking saman.

Kikki Kleiven humrar. Ho fortel om korleis det er å vera på store, internasjonale forskingstokt. Sjølv var ho på sitt siste, store internasjonale tokt for ti år sidan. Men endå ti år før det igjen var ho på toktet som no er årsaka til at ho i dag, fredag, saman med ni forskarkollegaer frå mange andre land, får presentere ein stor artikkel i topp-tidsskriftet Science.

– Science er jo det største, enkelt og greitt, seier Kleiven stolt.

– Det er mykje snakk om impact. Med publisering i Science veit ein at ein får ei god spreiing av forskinga si. I tillegg er det heile så proft. Me fekk attende manus med handskrivne kommentarar, og i tillegg vert det laga gode illustrasjonar og ein eigen pressepakke. Meininga er at resultata skal presenterast slik at det er mogleg å forstå, òg for dei som ikkje er forskarar innan dette feltet, seier Kleiven.

Mindretal av kvinner

På Høyden skreiv tidlegare i dag om arrangementet «Kvinner i forskning», som vert arrangert 8. mars. Bibliometrikar Susanne Mikki viser at kvinner publiserer mindre enn menn. I tillegg er kvinnene framleis i klart mindretal i akademia, særleg blant professorar.

Kleiven er førsteamanuensis ved Institutt for geovitskap. Av om lag 45 fast tilsette forskarar er ti kvinner. Kleiven er paleoseanograf. Ho rekonstruerer forhistorisk klima og klimaendringar, og kan slik seia noko om kor viktig prosessane i hava er for dagens klimasituasjon.

– Det er veldig stas at denne artikkelen vert offentleggjort på kvinnedagen. For eg kjenner på at eg er i eit mindretal, og eigentleg kjenner eg meir på det på UiB enn når eg jobbar internasjonalt. Forskingsvenninnene mine har eg i utlandet, eller ved andre norske institusjonar, seier Kleiven.

Ho seier at ho har vore heldig, og vart plukka opp som veldig ung forskar. Allereie då ho var masterstudent, med professor Eystein Jansen som rettleiar, var ho på forskingstokt. Der fekk ho dei første viktige kontaktane, som sendte henne både ut på det store, avgjerande toktet, men òg ga henne eit nettverk som inviterte henne både til Florida og Cambridge, og som fysisk tok henne med rundt i korridoren og introduserte henne for fagfeller.

Så sat ein der saman, og fann ut at desse toppforskararane berre er menneske. Dei har barn og er fotballtrenarar på fritida.

Kikki Kleiven

– Noko som mellom anna vart gjort, som eg no prøver å gjera sjølv når eg er på internasjonale konferansar, var å arrangera middagar der me som var unge forskarar fekk treffa dei meir anerkjende. Så sat ein der saman, og fann ut at desse toppforskararane berre er menneske. Dei har barn og er fotballtrenarar på fritida, humrar Kleiven.

Noko anna ho trekkjer fram som viktig, er at det vart lagt til rette for at ho kunne ha med seg sonen då han var liten. Fire månader gamal var han med mor på ein stor konferanse i Frankrike. Ein av toppforskarane tok på seg å trilla babyen, slik at ho kunne få med seg det faglege.

– Pengar til barnepass er noko av det eg legg inn i store søknader, seier Kleiven.

Kikki Kleiven har vore totalt seks månader ombord på forskningsskipet RV Joides Resolution som vert drive av International Ocean Discovery Program. Foto: Arito Sakaguchi
Kikki Kleiven har vore totalt seks månader ombord på forskningsskipet RV Joides Resolution som vert drive av International Ocean Discovery Program. Foto: Arito Sakaguchi

Kvifor vart istidene meir intense?

I Tyskland finst det eit enormt lager av forskingsmateriale frå dei store tokta. I Bremen er det eit kjernelager, like stort som fleire fotballbaner. Her ligg rør med innhald som er henta fleire kilometer nede på havbotnen.

Kleiven var med på eit tokt til Sørishavet i 1998. Ho var den einaste norske forskaren om bord, og fekk plass på det prestisjetunge toktet med International Ocean Discovery Program litt via-via, mellom anna fordi ein skulle inn i norsk territorialfarvatn, og ville ha ein representant frå Noreg ombord. Toktet varte i to månader. Kleiven har brukt noko av materialet før, men dei siste tre åra har ho jobba meir intenst med det. No kan studien, som er leia av professor Samuel Jaccard frå universitetet i Bern, forklara korleis istidene på eit tidspunkt vart meir intense.

– Gjennom millionar av år har istider kome og gått. Dette heng saman med jorda si hellingsgrad mot sola, som vert endra kvart 41 000 år. Men så, plutseleg, for 600 000 år sidan, finn ein eit skifte. Då varte istidene 100 000 år. Dei vart altså både lengre og meir intense, forklarar Kleiven.

CO₂ har ei rolle når det gjeld den naturlege drivhuseffekten på jorda. Når mindre CO₂ vert frigjort frå havet har det noko å seia for temperaturen – det vert kaldare.

– Tidlegare har ein tenkt at CO₂ vart att i havet. Men så kom tanken: Kva om det er overflatevatnet som vart endra, spør Kleiven.

Eldgamle dyreplanktonrestar

Med utgangspunkt i prøvane som har lege lagra i tjue år, gjekk forskarar i fleire land i gang med analysar. Bittesmå dyreplankton har levd i havet i uendra form i halvannan million år. Små bitar av skala deira gjorde at forskarane kunne rekonstruera skilnaden i saltinnhald og temperatur mellom overflatevantet og djupvatnet i kjernematerialet frå Sørishavet. Desse to faktorane er mellom anna med på å bestemma kor intenst vassmassane vert blanda. Overflatevatnet under istidene vart kaldare og mindre salt. Dette førte til at blandingane av laga i vassmassene vart redusert, noko som igjen førte til at det vart frigitt mindre CO₂. Det påverka den naturlege drivhuseffekten – og ga meir intense istider.

Materialet til studien vart henta i norsk territorialfarvatn rundt Bouvetøya i Sørishavet Foto: Marius Bratrein, NPI
Materialet til studien vart henta i norsk territorialfarvatn rundt Bouvetøya i Sørishavet Foto: Marius Bratrein, NPI

– Dette viser naturlege svingingar i CO₂. Det kan høyrast ut som noko klimaskeptikarane kan trykka til sine bryst?

– Ja, difor er det kjempeviktig at me forskarar har kontroll på kva som skjer i dei naturlege klimaendringane, seier Kleiven.

Ho seier at ein dei siste tiåra, med auka global oppvarming, har sett at det sørlege vestavindsbeltet har vorte sterkare. Dette gjer at det vert meir blanding av vassmassene og frigitt meir CO₂ – altså vert det varmare.

— Men dette kan igjen gi meir issmelting. Ferskvatnet vil legga seg i overflatemassene i havet, noko som gjer at CO₂ ikkje stig opp – altså vert det kaldare att, forklarar Kleiven.

Nytt tokt?

Kleiven skildrar djuphavet som eit stort arkivskap. Jo lenger ned ein kjem, jo eldre er prøvane. No har ho site time etter time framfor mikroskopet sjølv og jobba intenst for å finna nokre av puslespelbitane. Andre bitar vart funne av kollegaer i andre land.

Men sjølv om det no altså vart artikkel i Science, er det mykje forskarane ikkje veit. Kikki Kleiven lurer på om tida er inne for å reisa på eit nytt, stort tokt.

– Me treng fleire studier som kan rekonstruera klima, og me treng klimasimuleringar for å betre kunne forstå korleis sirkulasjonsdynamikken i Sørishavet vil utvikla seg i framtida, seier ho.