Gerd Kvale og Bjarne Hansen eksporterer nå suksessen med 4-dagarsbehandlinga til USA, der Houston blir ein node. Foto: Dag Hellesund
Gerd Kvale og Bjarne Hansen eksporterer nå suksessen med 4-dagarsbehandlinga til USA, der Houston blir ein node. Foto: Dag Hellesund

Eksporterer 4-dagarsbehandling mot tvangsliding frå Bergen til Houston

Neste veke set Bjarne Hansen seg på flyet til Houston. Behandlinga mot tvangslidingar som er utvikla i Bergen har blitt eksportvare.

Published

Ved å ta dei beste elementa frå allereie eksisterande, forskingsbasert behandling av tvangslidingar har forskarane ved nyoppretta Bergen Center for Brain Plasticity utvikla ein metode som er i ferd med å revolusjonere psykiatrien.

Tvangsliding

Tvangsliding, òg omtalt som OCD (Obsessive Compulsive Disorder) er ei psykisk liding som rammar 1-3 prosent av befolkninga.

Uønska tankemønster dukkar opp i hovudet, og kan ofte handle om frykt for å bli smitta eller smitte andre, brann, innbrot eller ulukker. Tankane kan og vere upassande, med seksuelt eller blasfemisk innhald.

Tankane fører ofte til at pasientane utfører tvangshandlingar.

Overdriven vasking eller sjekking av låste dører, komfyrplater etc. er vanleg. Overdriven symmetri og mentale ritual som å telje til særskilde tal er òg vanleg.

Kjelder: Ananke, Wikipedia

Metoden fekk Time Magazine i 2018 til å utrope professor Gerd Kvale og førsteamanuensis Bjarne Hansen til to av dei 50 mest innflytelsesrike personane når det gjelder å forbetre helsevesenet.

Forskinga i Bergen

Mens nordiske klinikkar skal få opplæring i Bergen, vil engelsk- og spanskspråklege behandlarar om ei tid få opplæring i Houston.

— Men Bergen kjem til å halde i det heile vegen, forsikrar Kvale.

Klinikken i Houston er spesialisert på tvangslidingar, eller OCD. Dette er ei pasientgruppe som tidlegare har vore vanskelege å hjelpe med annan terapi.

Houston er tenkt å bli den noden der ikkje-skandinavar skal komme for å få opplæring i metoden.

Gerd Kvale

Kvale ser for seg å få opp nodar i New York, Seattle og Los Angeles òg etterkvart. Men metoden skal òg spreiast frå Houston til andre delar av verda, og ein klinikk i Singapore står høgt på lista. Klinikkar i land som Tyskland, Frankrike og Storbritannia har allereie bede om å få ta i bruk metoden.

— Houston er tenkt å bli den noden der ikkje-skandinavar skal komme for å få opplæring i metoden, seier Kvale.

Kvalitetskontroll og systematisk, kontinuerleg forsking er heilt sentralt i 4-dagarsbehandlinga.

— Det er viktig å understreke at vi ikkje har laga ei ny behandling. Vi har berre sett saman og konsentrert det som ein frå forsking veit veit virkar til eit nytt format, seier Kvale.

Der har frå første stund vore viktig å integrere kvalitetssikring i sjølve formatet. Det tydar at ein alltid undersøker om den einskilde pasienten får den endringa som er ønskeleg, og om laga som gjer behandlinga over tid oppnår dei forventa resultata. Denne systematikken i måten å drive klinikk på er eit særs godt utgangspunkt for å la seg kombinere med basalforsking der ein er ute etter å beskrive grunnleggande mekanismar for hjerneplastisitet. Og forskinga skjer i Bergen.

70 prosent friske etter fire år

— Det er først dei seinare åra at OCD-pasientar har fått eit tilbod. Det er av lidingane det har vore mest behandlingspessimisme rundt, forklarar Kvale.

Den nyaste statistikken viser at rett i underkant av 70 prosent av pasientane var heilt friske fire år etter behandlinga. I tillegg hadde ti prosent fått ei kraftig forbetring av tilstanden. Og forvandlinga frå ein tilstand der alt dreiser seg om å tilfredsstille tvangstankane, til eit normalt liv, skjer i løpet av fire dagar.

Behandlinga er vår gåve til folk der ute.

Gerd Kvale

— Det er akkurat som om folk bryt eit mønster fullstendig, seier Kvale.

Behandlingsformatet har vist seg å vere nyttig for unge ned til 12 år.

Gåve til heile verda

I tillegg til ulike former for angst håper Hansen og Kvale at behandlinga kan utvidast til pasientar med lettare depresjonar etterkvart. No er behandlinga i ferd med å verte tatt i bruk for eit spekter av angstlidingar, og alle resultata frå den integrerte kvalitetssikringa blir samla i Bergen

Det blir forska vidare på kor god metoden er å bruke på andre lidingar, og alle resultata blir samle i Bergen

— Saman med forsking på basale mekanismar for hjernekapasitet blir det eit skattkammer for forskarar i heile verda. Og den kliniske innovasjonen frå Bergen spreier seg til heile verda. Behandlinga er Haukeland universitetssjukehus, UiB, Trond Mohn Stiftelse og Kavlifondets gåve til folk der ute, seier Kvale.