Debatt i På Høyden
Eit av hovudmåla med På Høyden er å skape ein god, open debatt for å skape eit best muleg universitet. Debattinnlegg, kronikkar og anna kan sendast inn til redaksjonen på tips(krøllalfa)pahoyden.no. Det er òg høve til å delta i debatten gjennom lesarkommentarar. Dette er reglane som gjeld for debatt i På Høyden:

  • Debatten skal vere inkluderande, og er open for alle.
  • Vis respekt! Trakassering er ikkje tillate.
  • All debatt skal skje under fullt namn. Redaksjonen kan gjere unntak frå regelen i særlege tilfelle, til dømes varslingssaker, men då må redaksjonen kontaktast på førehand.
  • Alt innhald i innlegg og lenker må halde seg innanfor norsk lov.
  • Reklame eller anna kommersielt innhald er ikkje tillate.  
  • Det er god skikk å dokumentere påstandar, òg i nettdebatt. Lenk gjerne til anna innhald.
  • Innlegg kan bli fjerna eller redigerte utan varsel. Debattantar kan òg bli utestengde.