Om På Høyden
På Høyden er Universitetet i Bergen si uavhengige avis, som sidan januar 2001 utelukkande har blitt publisert på internett. På Høyden driv fri og uavhengig journalistikk om Universitetet i Bergen og andre saker som gjeld universitetet, og legg til rette for fri debatt. Målgruppa er tilsette ved universitetet og andre som er interesserte i det som skjer på UiB.

Føremålsparagraf
På Høyden skal vere ei avis for Universitetet i Bergen (UiB), der hovudmålgruppa er tilsette ved UiB. Den redaksjonelle verksemda skal vere forankra i UiB sine grunnleggande verdiar slik dei er nedfelte i Universitets- og høgskulelova og i strategien til UiB. På Høyden skal bidra til å synleggjere ulike sider ved verksemda til universitetet innanfor undervisning, forsking og formidling, samt fremje meiningsutveksling og fri debatt. På Høyden skal søkje eit journalistisk perspektiv i tråd med ideala til den frie pressa.

Kontakt
Nettadresse: pahoyden.no
Epost: tips@pahoyden.no

Dag Hellesund, ansvarleg redaktør
Epost: dag@pahoyden.no
Telefon: 55 58 69 40 / 91 55 42 99

Ida W. Bergstrøm, journalist
Epost: ida@pahoyden.no
Telefon:  55 58 90 29 / 95 80 14 23

Marthe Njåstad, journalist
Epost: marthe@pahoyden.no
Telefon:  55 58 83 05 / 92 65 66 83

Hilde Kristin Strand, journalist (i permisjon)
Epost: hilde@pahoyden.no
Telefon: 55 58 83 05 / 97 16 14 08

Kontoradresse:
På Høyden
Christiesgate 13 (Vektergården, andre etasje, rom 230)
5007 Bergen

Postadressse:
På Høyden
Pb 7800
5020 Bergen

Debattreglar i På Høyden
Eit av hovudmåla med På Høyden er å skape ein god, open debatt for å skape eit best muleg universitet. Debattinnlegg, kronikkar og anna kan sendast inn til redaksjonen på tips@pahoyden.no. Det er òg høve til å delta i debatten gjennom lesarkommentarar. Dette er reglane som gjeld for debatt i På Høyden:

  • Debatten skal vere inkluderande, og er open for alle.
  • Vis respekt! Trakassering er ikkje tillate.
  • All debatt skal skje under fullt namn. Redaksjonen kan gjere unntak frå regelen i særlege tilfelle, til dømes varslingssaker, men då må redaksjonen kontaktast på førehand.
  • Alt innhald i innlegg og lenker må halde seg innanfor norsk lov.
  • Reklame eller anna kommersielt innhald er ikkje tillate.  
  • Det er god skikk å dokumentere påstandar, òg i nettdebatt. Lenk gjerne til anna innhald.
  • Innlegg kan bli fjerna eller redigerte utan varsel. Debattantar kan òg bli utestengde.

God presseskikk
På Høyden blir redigert etter Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Ver varsamplakaten. Om du meiner vi har brote god presseskikk bør du ta opp saka med journalisten eller redaktøren. Du kan òg klage oss inn for Pressens faglege utval. For å sikre På Høyden sin uavhengige posisjon skal eventuelle klager rettast til redaksjonen, ikkje styret. Merk at vi set pris på både ris og ros, så kom gjerne med tilbakemeldingar til redaksjonen.

På Høyden-styret
Universitetsstyret har oppnemnt eit styre for På Høyden. Styret har fått delegert utgjevaransvaret frå Universitetet i Bergen. Desse sit i styret:

Jan Heiret (leiar)
Marion Solheim
Nina Kristiansen
Eirik Holmøyvik