Tomt museum
-
Eit kunnskapshol skal læra dagens elevar om verda slik ho var. Og slik ho er. Foto: Tor Farstad
-
I kjellaren har det vorte skulelaboratorium. Men veggane er like tjukke som dei alltid har vore. Foto: Tor Farstad
-
Barn fødd på 2000-talet har mykje å verta fascinert over i eit gamalt museumsbygg. Ein heis, til dømes. Foto: Tor Farstad
-
Gamal sal, ny leik. Foto: Tor Farstad
-
Den gamle heisen er freda – og oppgradert. Foto: Tor Farstad
-
Mange kvadratmeter å boltra seg på når museet er tomt! Foto: Tor Farstad
-
Det er gjort eit enormt arbeid i vestibylen. Omtrent slik såg det ut då tipp-tipp-tipp oldemor, som òg heitte Kristiane, levde òg. Foto: Tor Farstad
-
Då dyra flytta ut i 2013 var ho berre 2 ½. Når dei kjem inn att, seks år etter, er ho i perfekt museumsalder. Foto: Tor Farstad
-
Herifrå kan ein skua utover byen. Kor mykje har ikkje den endra seg sidan museet var nytt i 1865? Foto: Tor Farstad
-
Tårnsalen har ikkje vore open for publikum på lenge. No kjem ein langt opp, nesten til taket. Foto: Tor Farstad
-
Trappa er skatten! Foto: Tor Farstad
-
Tenk at dette har vore eit levande pattedyr! Historia sit i veggene i Muséplass 3. Foto: Tor Farstad
-
Det er nokre vanvittige dimensjonar i bygget, som kanskje ikkje er like lett å sjå når det er utstillingar her. Kristiane gjekk ut ei dør – og fann dette. Foto: Tor Farstad
-
Arbeidstittel: Den vesle jenta og eventyret om museet. Her har barn stått før henne. Foto: Tor Farstad
-
Ein ekte hai! Brugda er det einaste dyret som er att, bortsett frå kvalskjeletta. Kristiane Strand Øksnes (7 ½) fekk utforska det tomme museet før alle andre. Foto: Tor Farstad