Notiser om nye bøker og publikasjoner, samt notiser om personer som har fått priser, utmerkelser, jubileer eller er nyansatt ved UiB kan legges inn her. Vi krever en gyldig e-post-adresse på innsender for å sjekke autensitet, og vi modererer innlegg. 

Minneord

Andrew Karpati Kennedy

Andrew Karpati Kennedy til minne

Professor emeritus Andrew Karpati Kennedy døydde 20. desember 2016 i Cambridge, Storbritannia. Han vart fødd i Györ i Ungarn i 1931. Etter den tyske invasjonen av Ungarn i 1944 var det meininga at han skulle sendast til Auschwitz saman med faren, mora og systera. Takk vere ein feil som ein tysk deportasjonsoffiser gjorde, enda ikkje togreisa i Auschwitz, men i ein transittleir utanfor Wien. Her måtte Kennedy arbeide med å produsere luftvernkanonar for Det tredje riket. Faren hans overlevde ikkje  krigen, medan han sjølv, mora og systera kunne vende tilbake til Ungarn då krigen var slutt. I 1947 forlét han Ungarn og flytta til Ware i Hertfordshire, England, for å bu hjå onkelen sin.  Han gjekk på Hertford Grammar School, og deretter studerte han filosofi og engelsk litteratur ved University of Bristol. Etter at han var ferdig med utdanninga si, var han tilsett i ymse stillingar i Frankrike og England. Han spesialiserte seg etter kvart i å undervise engelsk for utlendingar.

I 1966 vart Kennedy tilsett som universitetslektor ved Engelsk institutt, Universitetet i Bergen (UiB), der han i 1972 fekk opprykk til førstelektor etter at han hadde fullført ph.d.-graden ved University of Bristol same året. I 1990 fekk han opprykk til professor i britisk litteratur. Gjennom forskinga si bidrog han til å setje UiB på det internasjonale kartet. Han var gjesteforskar ved fleire utanlandske universitet (Edinburgh, Princeton, Washington og Cambridge), og han var ein etterspurd foredragshaldar på internasjonale konferansar. Då han gjekk av for aldersgrensa i 2000, flytta han tilbake til sitt kjære Cambridge, der han hadde budd før han kom til Noreg i 1966. Han var livstidsmedlem ved Clare Hall, University of Cambridge.

Kennedy var ein omtykt forelesar, rettleiar og kollega. Han sette sjenerøst av tid – både på kontoret sitt, i kantina og i heimen sin – til studentar og kollegaer som ønskte å diskutere faglege problem med han.

Forskinga hans er omfangsrik og femner om fleire litterære genrar. Han har òg gitt tilskot til desse genrane som kritikar og forfattar. Såleis har han skrive og publisert både poesi og noveller. Hovudinteressa hans var moderne drama og den dramatiske dialogen. Denne interessa går fram av tittelen på to av bøkene hans, Six Dramatists in Search of a Language: Studies in Dramatic Language (1975) og Dramatic Dialogue: The Duologue of Personal Encounter (1983). Arbeidet hans om dramatikaren og romanforfattaren Samuel Beckett er internasjonalt anerkjent. I 1989 publiserte han boka Samuel Beckett. I tillegg til desse bøkene (alle  utgjevne av det prestisjetunge forlaget Cambridge University Press) har Kennedy publisert ei lang rekkje vitskaplege artiklar. Han har òg publisert to band med noveller, Double Vision (1999) and The Antique Dealer’s Women (2006).  I 2012 kom Chance Survivor, ei bok om hans første 25 år, om barndomen hans og om flyttinga til Storbritannia frå Ungarn.

Det står stor respekt av Andrew Karpati Kennedy sitt liv og virke. Vi lyser fred over minnet hans.

Anne Holden Rønning og Leiv Egil Breivik

på vegner av kollegaer og vener ved tidlegare Engelsk institutt, UiB