Notiser om nye bøker og publikasjoner, samt notiser om personer som har fått priser, utmerkelser, jubileer eller er nyansatt ved UiB kan legges inn her. Vi krever en gyldig e-post-adresse på innsender for å sjekke autensitet, og vi modererer innlegg. 

Pris

Edvin Schei

Professor Edvin Schei (Institutt for global helse og samfunnsmedisin) er tildelt Olav Thon stiftinga sin nasjonale faglege pris for framifrå undervisning innan medisin.

Stiftinga deler i år ut to prisar til forskarar som yter framifrå undervising av studentar innan det matematisk-vitskaplege og medisinske fagområde ved norske lærestader, og det er ein føresetnad for tildelinga at studentane også stiller seg bak forslaget.

Ein pioner

ei pressemelding grunngjev stiftinga tildelinga med at Schei har vore ein pioner i å introdusere praksis og profesjonsøving tidleg og som ein integrert del av medisinstudiet ved Universitetet i Bergen. Han har bidrege til utviklinga av fyrstesemesterkurset i «Pasientkontakt», og til utviklinga av ei ny mentorordning med profesjonsgrupper der ynge studentar blir rettleia gjennom heile studietida.

Kunnskapsformidling

Som ein del av arbeidet med å formidle kunnskap om pasientkontakt og kommunikasjon mellom lege og pasient, har Schei nyleg gjeve ut boka «Lytt – Legerolle og kommunikasjon». Boka rettar seg mot både medisinstudentar og legar som ynskjer å utvikle seg i sin profesjon. Den tek også for seg legerolla og vil gje meir kunnskap om denne typen kommunikasjon.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed