Notiser om nye bøker og publikasjoner, samt notiser om personer som har fått priser, utmerkelser, jubileer eller er nyansatt ved UiB kan legges inn her. Vi krever en gyldig e-post-adresse på innsender for å sjekke autensitet, og vi modererer innlegg. 

Pensjonist

Sven-Erik Grieg-Smith

Då Sven-Erik Grieg-Smith runda 70 år og tok steget inn dei pensjonerte sine rekker tidlegare i år, vart overgangen til emeritus markert i Knut Fægris hus.

– Ein sjeldan plante, trur eg vi kan kalle deg i akademia. Du har hatt ein spesiell yrkeskarriere og hatt nesten to til tre jobbar samstundes, og du har vore ute i fagfelta dine heile livet, uttalte Jan Heiret, leiar for Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitskap (AHKR), då han opna markeringa 3. desember.

Sven-Erik Grieg-Smith byrja som førstelektor i historiedidaktikk ved Historisk Institutt (seinare AHKR) i 2004, men hadde allereie ein lang karriere bak seg innanfor Forsvaret, skuleverket og universitetet. Til historisk institutt kom han frå Institutt for praktisk pedagogikk der han hadde arbeidd som førstelektor i samfunnsfagdidaktikk. Han er utdanna fallskjermjeger, major og historikar og han har gitt ut fleire bøker og delteke i to utanlandsoperasjonar for FN, i Gaza i 1965 og i Libanon i 1978-79.

Einar Thomassen, prodekan ved Det humanistiske fakultet, sa at Grieg-Smith har hatt ein imponerande produktivitet som historikar. Han har skrive mykje om andre verdskrig og dei norske omstendene, og ifølgje Thomassen har forskingsinnsatsen vore både stor og veldig viktig.

– Det blir sett pris på hjå det store publikumet, eit publikum du møter gjennom gjennom bøker og ein iherdig føredragsaktivitet. Universitetet er heilt avhengig av folk som deg, og vi er nøydde til å vise at vi driv på med ting som interesserer folk flest. Vi treng fleire som deg, sa Thomassen.

Grieg-Smith har fått tildelt ein emeritusplass ved universitetet, noko som har gjort det enklare å gå over i pensjonistrekkene.

– Å vere ein historikar, eller forskar generelt, inneber ei oppleving av alltid å vere undervegs, alltid ha noko nytt å lære og aldri vere utlært. Historie er ikkje eit ferdigheitsdag og det manar til at ein må vere klar over at det er mykje meir ein ikkje veit enn det ein tross alt meiner at ein veit. Det er samstundes ein kumulativ vitskap, og eg trur eg aldri eg har hatt meir kunnskap og innsikt i historie enn i dag.

– Det er med vemod og spenning eg takkar av, avslutta Sven-Erik Grieg-Smith.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed