Skandalen er at Langeland ikkje blei tatt tak i lenge før

Publisert:17. januar 2019Oppdatert:17. januar 2019, 11:29
Dersom Universitetet i Stavanger hadde tatt kraftigare tak i problema til Nils Rune Langeland mykje før, kunne det vore til hjelp for både han og kollegaene. Foto: Marie von Krogh
KOMMENTAR:

Det var først då Langeland blei ein omdømerisiko for Universitetet i Stavanger at begeret rann over. Akademia sviktar når det gjeld å ta tak i arbeidsmiljøproblema sine.

Oslo tingrett har slått fast at det var grunnlag til å gi historieprofessor Nils Rune Langeland sparken. Det er enno ikkje klart om saka blir anka.

Men det er verd å merke seg at Langeland allereie i 2009 sende meldingar til sin kvinnelege instituttleiar av typen «Du er et fittesvin utan ære» og «Dette gjer de berre ein gong. De skal dø som rotter». Det skjedde ikkje berre ein gong, men over ti gonger, har den tidlegare instituttleiaren forklart for retten. Andre kvinnelege kollegaer fekk same type meldingar. Og i 2010 sende han igjen liknande meldingar til kollegaer i fylla.

Omdømerisiko førte til handling

På konferansar, seminar og andre reiser har Langeland vore både full og ufin, og åtferda hans har prega arbeidsmiljøet på ein slik måte at kollegaer har unngått sosiale samankomster der han er tilstades. Sjølv har Langeland slite med eit alkoholproblem, og på same måte som mange andre med det same problemet, har han bagatellisert og bortforklart alkoholbruken sin.

Slik har åra gått, med stadige tilfelle av fyll i faglege samanhengar, og sjikanerande kommentarar frå Langeland.

Men det var først då Langeland blei ein omdømerisiko for Universitetet i Stavanger at begeret rann over. Ti års frustrasjon over ein kollega som blir opplevd som eit problem i miljøet enda i ei vond avskjedssak, der sjikanerande meldingar til unge kvinner og medieomtale berre er ein utløysar.

Langeland-saka er nok eit døme på at ein ofte ikkje tek godt nok tak i personalproblem i UH-sektoren. Det skulle vore gjort mykje meir, lenge før. Ein slik prosess kan hjelpe den tilsette med å få kontroll på problema sine. Eller ende opp utan jobb.

Svært ulikt utfall i saker

Ved Universitetet i Bergen kom det klagar om at ein mannleg professor klådde på kvinnelege studentar allereie i 1988. Men først i 1997 fekk han avskjed, etter å ha utsett fleire kvinnelege kollegaer for grovt sexpress. Avskjeden blei endeleg stadfesta av Høgsterett i 2002.

På Kunsthøgskolen i Oslo kom det etter #metoo-bølga fram at fleire tilsette har trakassert studentar seksuelt. Ein tilsett har fått avskjed, og ein annan har slutta frivillig. Òg ved Universitetet i Stavanger har tilsette slutta etter klager om seksuell trakassering.

Tala er små, men ein kan lure på om fagleg tilsette slepp lettare unna enn teknisk eller administrativt tilsette. Ein fagleg framifrå person som Langeland kan vere vanskelegare å ta eit oppgjer med. I hans tilfelle blei han forfremja til professor i mai 2011, berre månader etter at hadde fått ei åtvaring for alkoholbruk i tenesta, i samband med ein julefest og ein konferanse i København.

I eitt tilfelle ved UiB fekk ein fagleg tilsett tilgjeving, men skriftleg refs, etter at han måtte sone to månader i fengsel for køyring i narkorus og for oppbevaring av til dels store mengder narkotika, inkludert metamfetamin.

Administrativt tilsette har derimot fått avskjed for tenestefeil som ikkje har ført til fengselsstraff. Ein administrativt tilsett fekk avskjed etter å ha laste ned mellom anna over 50 000 ebøker og andre datafiler på ei av datamaskinene til UiB. Maskina blei òg infisert av virus gjennom nedlastinga.

I eit anna tilfelle fekk ein administrativt tilsett avskjed då han fikk ein dom på omlag eitt års fengsel for overgrep mot unge gutar. Arbeidsgivar ville ikkje gi han permisjon til å sone straffa.

Opnare om vanskelege personalsaker

Det er grunn til å stille spørsmål ved ein del av vurderingane universitet og høgskular gjer rundt tilsette med ulike personlege problem. Å la vere å gripe inn hjelper verken dei eller omgjevnadane.

Institusjonane har i stor grad ønska å halde vanskelege personalsaker hemmelege. Sakene over som gjelder UiB har På Høyden måtta klage på til overordna organ for å få innsyn i. Då Forskerforum og På Høyden ba om innsyn i arbeidsmiljørapportar frå sektoren fekk vi nei frå institusjonane, men ja frå Felles klagenemnd.

Handsaming av vanskelege personalsaker er krevjande, og her trengst det både større openheit og ei kritisk tilnærming. Difor treng vi endå meir journalistikk om korleis arbeidsgivarane i UH-sektoren ter seg når dei møter utfordrande personalsaker. I nokre tilfelle vil det ende med avskjed, som i Langeland-saka. Det er ingen menneskerett å vere professor.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed