Det er positivt å ha lågt klimaavtrykk

Publisert:16. januar 2019Oppdatert:16. januar 2019, 08:42
Alle kan bidra til lågare klimaavtrykk, skriv dekan Helge K. Dahle. Foto: Shutterstock

For å vere tydeleg: Det er eit mål i seg sjølv å ha lågt klimaavtrykk.

I På Høyden blir eg sitert på at «– Det er ikkje i seg sjølv positivt at eg har lågt klimaavtrykk.» Dette må eg vedkjenne å ha sagt.  Eg kan heller ikkje skulde På Høyden for å ha teke sitatet ut av konteksten. Men det er lett å oppfatta feil, og sitatet utrykkjer heller ikkje klart kva eg meiner.

Poenget er at målet om lågt klimaavtrykk må vegast opp mot andre mål, som til dømes at vi skal vere representert og synlig. Det siste krev av og til at vi må reise, også med  fly. Som rektor seier til På Høyden: «… en del av mine arbeidsoppgaver er rett og slett å reise for å presentere og representere universitetet vårt overfor andre universiteter og foraer».

Om vi reiser nok, er synlege nok, og lobbyerer slik vi bør, er det sikkert delte meiningar om, og er noko andre får avgjere. Men at dette er viktige oppgåver for leiinga av både fakultetet og institusjonen UiB, slik rektor er inne på, er det ingen tvil om.

Uansett, alle kan bidra til lågare klimaavtrykk og bidra til eit meir berekraftig levesett. Men korleis vi nærmar oss problemet  medfører også mange dilemma. Må vi til dømes ofre naturrikdom for å få til nødvendig energiomstilling? I samband med UiB sin Berekraftkonferanse vil eit av panela drøfte dette dilemmaet («Does climate mitigation trump other concerns?»). Der håper eg det er mange som møter opp!

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed