Journalistikken i sektoren treng samarbeid

Publisert:28. november 2018Oppdatert:28. november 2018, 15:33
Universitets- og høgskulesektoren forvaltar store verdiar for framtida, og på sett og vis sjølve framtida. Universitetsstyret ved UiB forvaltar fem milliardar. Då trengs det god journalistikk over heile landet. Foto: Hilde Kristin Strand

Framgang i forsking og utdanning byggjer på fri, kritisk debatt. Difor treng vi òg meir journalistikk på området.

UiB og OsloMet har i lang tid snakka saman om eit samarbeid om Khrono, for å styrke uavhengig journalistikk rundt det stadig skiftande landskapet i universitets- og høgskulesektoren.

I bransjen finst det ei rekke fagblad, både på nasjonalt og regionalt plan, men Khrono har dei siste åra tatt mål av seg å bli ein nasjonal nyheitskanal, noko som har gjort stoffområdet betrakteleg meir synleg på nasjonalt nivå.

På same tid trengst det òg lokal journalistikk og debatt omkring forsking og høgare utdanning, og lokale saker bør òg løftast til nasjonalt nivå. Forsking og utdanning skjer over heile landet, og dette bør speglast i mediebiletet.

På Høyden har stått for samarbeid mellom sektormediene, for ressursane er for små til at det er nokon god idé å lage saker om same tema i alle dei små redaksjonane kring i landet. På same tid er det viktig å halde på eit mangfald, slik at meiningsbrytingane blir best muleg.

Styret ved Universitetet i Bergen har vedtatt at UiB skal prøve å få ein avtale med OsloMet om å bidra til Khrono, på same tid som På Høyden held fram som uavhengig redaksjon. Det har ikkje vore så lett reint praktisk å få til ei løysing som både tek vare på det lokale sjølvstendet, og gjer at ein best muleg kan samarbeide om det nasjonale stoffet.

Løysinga som torsdag blir presentert for universitetsstyret er difor eit kompromiss: På Høyden-redaksjonen blir ein del av Khrono under éin ansvarleg redaktør. På same tid startar Khrono med På Høyden som ei lokal flate, og går dermed bort frå den tidlegare strategien om berre å vere nasjonal. Avtalen med OsloMet plasserer ein stor redaksjon i Bergen, som både vil produsere nasjonalt og lokalt stoff.

Vi i På Høyden-redaksjonen ser fram til å bli ein del av ein samla, nasjonal redaksjon, med langt større slagkraft enn tidlegare. Løysinga gjer dessutan vegen mellom eigarar som finansierer kritisk, uavhengig journalistikk om eiga verksemd lengre, noko som prinsipielt er ein fordel. Ein nasjonal redaksjon der takhøgda er stor og synspunkt og vinklingar frå utanfor hovudstaden òg kjem på trykk kan dessutan få endå større breidde dersom fleire blir med i samarbeidet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed