Forskarforbundet bør gi Nils Rune Langeland advokathjelp

Publisert:10. august 2018Oppdatert:10. august 2018, 12:05
Nils Rune Langeland har saksøkt Staten etter at han mista professorstillinga ved UiS. Advokatutgiftene må han betala sjølv. Slik bør det ikkje vera, meiner Uniforum-redaktør Martin Toft. Foto: Marie von Krogh

Forskarforbundet må forklara kvifor foreininga ikkje vil betala advokatutgiftene til Nils Rune Langeland når han går til sak mot arbeidsgjevaren sin Universitetet i Stavanger for å ha sagt han opp.

Forskarforbundet vil ikkje betala advokatutgiftene til Nils Rune Langeland når han i desember går til sak mot staten i Oslo tingrett etter at han er blitt sagt opp frå stillinga som historieprofessor ved Universitetet i Stavanger. Men Forskarforbundet nektar overfor Forskerforum å koma med noka forklaring på kvifor dei ikkje vil dekkja rekningane til Nils Rune Langelands advokat Kjell Brygfjeld. Generalsekretær Hilde Gunn Avløyp vil berre svara at dette er ei sak mellom forbundet og medlemen, i dette tilfellet Nils Rune Langeland.

Me meiner at dette er for dårleg av Forskarforbundet. Både medlemar og andre har rett til å få vita grunnen til at fagforeininga ikkje vil finansiera advokatutgiftene til Nils Rune Langeland, medan det har gjort det med andre medlemar som har saksøkt arbeidsgjevaren, til dømes den tidlegare historieprofessoren ved UiO, Arnved Nedkvitne. Den gongen dekte Forskarforbundet advokatutgiftene både i tingretten og i lagmannsretten, trass i protestar frå fleire av medlemane.

Også det var ei kontroversiell sak for Forskarforbundet, så difor er det på sin plass at Nils Rune Langeland også får dekt advokatutgiftene sine av fagforeininga som han er medlem av. Universitetet i Stavanger sa opp Nils Rune Langeland rundt juletider i 2017 etter at han møtte opp i sterk bakrus på jobben i oktober i fjor. Arbeidsgjevaren meiner at det var dropen som fekk begeret til å renna over, etter at han også hadde vist upassande oppførsel i rusa tilstand på faglege tenestereiser i utlandet i løpet av ein periode på rundt åtte år. Desse episodane hadde han fått skriftleg åtvaring for frå før. Alkoholproblema var så store at han og arbeidsgjevaren hadde utarbeidt ein Akanavtale, som inneber at alkoholmisbruket hans skulle fylgjast opp.

Det var likevel ikkje denne oppførselen til Nils Rune Langeland som har vekt mest merksemd. Det er dei meldingane med seksuelt innhald han sende til fleire kvinnelege studentar på Facebook i fjor sommar. Ingen av dei var hans studentar eller studentar ved Universitetet i Stavanger. Desse meldingane var heller ikkje grunngjevinga som Universitetet i Stavanger gav opp, då dei sa han opp. Det blei forklart med alkoholmisbruken hans.

Uansett kva som blir resultatet av rettssaka, er det ingen tvil om at Nils Rune Langeland har oppført seg både ufint og dumt, både mot kollegar og dei omtalte kvinnelege studentane. Når han no har valt å gå til sak mot arbeidsgjevaren Universitetet i Stavanger, så er det viktig at alle sider av saka blir tatt opp. Då er det viktig at også han får ein advokat som kan gjera ein god jobb for han. Det er heilt opplagt at inntekta til ein oppsagt professor ikkje vil strekkja til for å kunna betala desse advokatutgiftene. Derfor oppfattar me det som rett og rimeleg at Forskarforbundet ser reint prinsipielt på saka og tar på seg desse utgiftene. Om dei likevel ikkje ynskjer det, må fagforeininga i alle fall gi medlemane sine ei forklaring. Elles kan det føra til at andre medlemar nøler med å gå til sak mot arbeidsgjevar i framtida, også når det handlar om moglege andre brot på rettane til arbeidstakarane.

Det er altså inga skam å snu for Forskarforbundet i denne saka.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed