Stopp domenetapet for norsk i akademia

Publisert:28. mai 2018Oppdatert:28. mai 2018, 09:12
Norske forskarar bør få utteljing òg for å skrive pensumlitteratur meiner Noregs Mållag, som vil styrke norsk fagspråk. Foto: Sandra Jecmenica

For å sikre at norsk held fram å vere det dominerande språket i Noreg, er det viktig å styrke stillinga til norsk språk på mange område. Eit av dei viktigaste områda å hindre dette domenetapet på er akademia.

Det er viktig å kunne tenke, forske og formidle på morsmålet sitt. Universitet og høgskular i Noreg utdannar ungdom som skal ut i arbeidslivet både innanfor og utanfor akademia. For at sjukepleiarar, lærarar, juristar, journalistar og sosialarbeidarar skal vere trygge på å gjere jobben sin på norsk, er det viktig at universiteta og høgskulane tar ansvaret dei har for norsk språk på alvor. Universiteta og høgskulane skal danne og bu studentane på å bli demokratiske deltakarar og gode språkbrukarar i det norske samfunnet.

Utdanningsinstitusjonane må også ta språkrettene til studentane på alvor. At fleire universitet og høgskular systematisk nedprioriterer nynorsk og bryt både mållova og eksamensforskrifta, gjer ikkje studentane til trygge språkbrukarar. Studentar må bli trygge brukarar av fagspråk både på nynorsk og på bokmål. I fag der pensum er på engelsk, skal utdanningsinstitusjonane tilby norskspråkleg støttemateriell. Vidare vil Noregs Mållag peika på at der det blir undervist og forska på norsk språk, historie, samfunnsliv, folkeminne og rettsvitskap, er det særleg viktig at ein held fast ved og utviklar ein norsk fagterminologi. Forsking som vert gjord i desse faga må i sin heilskap vera tilgjengeleg for ålmenta på norsk. Men òg innanfor realfaga er dette viktige mål å streva etter. Særleg er fag som geologi og biologi avhengige av nær kontakt med ålmenta for si faglege utvikling.

Etter universitets- og høgskulelova har utdanningsinstitusjonane eit ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Utan eit norsk fagspråk blir ikkje forskinga tilgjengeleg for ålmenta, og institusjonane oppfyller ikkje dette samfunnsoppdraget. Når forsking blir viktigare enn utdanning og formidling, blir norsk fagspråk svekt. Derfor må forskarane få utteljing for å skrive pensumbøker og drive med forskingsformidling på norsk, slik at dette arbeidet blir høgare prioritert.

Noregs Mållag meiner:

  • Teljekantsystemet må endrast, slik at forskarar får insentiv til å utarbeide norsk fagspråk og pensumlitteratur.
  • Studentar skal møte meir norsk pensumlitteratur. I fag der pensumlitteraturen er på engelsk, skal det finnast støttemateriell på norsk.
  • Profesjonsutdanningane må lære studentane å gjere jobben sin på det språket dei skal møte brukarane på.
  • Utdanningsinstitusjonane skal møte sanksjonar ved brot på mållova eller eksamensforskrifta.
  • Undervisings- og opplæringsspråket fram til og med bachelornivå ved norske universitet og høgskular skal halde fram med å vere norsk.
  • Norsk skal halde fram å vere administrasjonsspråk ved universitet og høgskular.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed