Rektor vil heller ha nasjonal glans enn lokalt grums

Publisert:3. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:41
For UiB-rektor Dag Rune Olsen kan det tilsynelatande vere meir verd å ha ein nasjonal arena som ser på overordna spørsmål, enn lokal, kritisk journalistikk. Men det er kritikken som gjer forsking og utdanning betre.

Dette er dei to tinga UiB-rektor Dag Rune Olsen vil oppnå ved å leggje ned På Høyden: Få meir journalisitikk om landets høgskular - og fjerne ein lokal debatt og ei kritisk, lokal røyst.

UiB-rektor Dag Rune Olsen vil leggje ned UiB si eiga universitetsavis, og heller ha eit distriktskontor av Khrono, avisa til det ferske universitetet OsloMet.

Det vil gi meir journalistikk om universitet og høgskular rundt i landet, men mindre lokal, kritisk journalistikk. Det vil dessutan fjerne debattarenaen til universitetsdemokratiet ved UiB.

Ved ei slik omlegging vil Olsen oppnå to ting:

For det første vil han styrke Khrono som ein av fleire nasjonale aktørar innan utdannings- og kunnskapssektoren. Khrono-redaksjonen er drivande flinke, og har med stor iver tatt ein posisjon som passar perfekt med OsloMet-rektor Curt Rice sine nasjonale ambisjonar. For leiarsjiktet ved universitet og høgskular er det viktig å vere synlege i samfunnsdebatten. Dette gjeld særleg for Rice, som har sett klare mål for institusjonen sin, og Olsen, som har ein posisjon å forsvare som forskingsuniversitet i eit landskap med stadig fleire nye universitet.

Det er samtidig viktig å vere merksam på at merkelappen «nasjonal» har eit mangslunge innhald: Khrono marknadsfører seg som nasjonale, men har ein trafikk på storleik med ei lokalavis som Bygdanytt, som dekker Arna og Osterøy. På Høyden har med sine 1,5 millionar sidevisningar i 2017 om lag halvparten av det igjen.

Olsen har i lang tid boikotta På Høyden ved å sende innlegg til Khrono, men ikkje til På Høyden, med mindre dei er særleg lokale. Då UiB i vinter arrangerte ein nasjonal bærekraftkonferanse blei kronikken som var skriven for å marknadsføre arrangementet først freista seld inn til Aftenposten, som takka nei. Det same skjedde hos Bergens Tidende, før han enda opp i Khrono, med nokre få hundre visningar som resultat.

Eit nasjonalt organ passar godt for leiarar som ønskjer å gjere seg sjølv og institusjonane deira synlege for beslutningstakarar i departement og forskingsråd.

Fjernar lokal kritikk og debatt

For det andre fjernar Olsen ein debattarena og ei kritisk, lokal røyst, som i aukande grad har irritert UiB-leiinga på Museplass.

Sjølv om Olsen forsikrar at det skal vere ein viss prosent UiB-saker i Khono er dette eit ønskje som er i konflikt med ambisjonen til avisa, som er å lage den best mulege nasjonale avisa for sektoren. Frå å vere eit reint organ for Høgskolen i Oslo og Akershus har Khrono fått mindre og mindre stoff om lokale konfliktar og tilhøve, noko som har skapt misnøye hos tilsette ved institusjonen.

For På Høyden har det vore særleg viktig å drive journalistikk kring universitetsdemokratiet, slik at ulike røyster kjem til orde. Vidare har primæroppgåva vore å spegle universitetssamfunnet på godt og vondt, gjennom fri journalistikk.

Sakene leiinga misliker

Sjølv om det store fleirtalet av saker er små og store nyheiter om universitetet, er det lett at leiinga hugsar best dei kritiske sakene. For dersom nokon får kritikk er det ofte dei som sit på toppen som har ansvaret.

Saker som UiB-leiinga har mislikt sterkt har til dømes vore sakene om matematikk-professor Jan Martin Nordbotten, som drog på jordomsegling utan å ta permisjon frå jobben. Som eit resultat at reiseverksemda blei han kasta ut av det prestisjetunge Vista-programmet.

Det  truleg største strategiske grepet Olsen gjer i sine to rektorperiodar er å omdirigere midlar til klyngesatsingar ved UiB. At ikkje alle er like begeistra for alle delane av planane til leiinga er noko På Høyden har omtalt.

Innovest-skandalen var i større grad Helse Bergen sitt ansvar, men den tidlegare UiB-leiinga heldt saka hemmeleg ved å unnta dokument frå innsyn. At noverande UiB-direktør braut lova i arbeidet med å rydde opp er heller ikkje populære saker på Museplass.

Også rettsoppgjeret etter Innovest har vore eit kjensleladd tema for UiB-leiinga, som har måtta møte i retten gjentekne gonger, utan å få medhald i krava sine om tilbakebetaling av millionar av kroner.

Ulikt syn på dokumentinnsyn har òg vore ein stadig diskusjon mellom På Høyden og UiB-direktørane, til dømes når det gjelder arbeidsmiljøundersøkingane i sektoren. Ved eitt tilfelle gjekk universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ut og beklaga at På Høyden hadde fått innsyn etter Offentleglova.

Rette styringssignal

På Høyden-redaksjonen har fått hint frå toppleiinga om at vi burde gjere som Khrono, og skrive om dei overordna, nasjonale sakene, og ikkje hengje oss slik opp i vanskelege tilsettingssaker, innsyn og anna lokalt grums.

Men diskré råd frå direktørar om at vi burde sjå meir på det nasjonale heller enn vanskelege saker lokalt, tek vi ikkje omsyn til. Å kalle inn redaktørar på rektors kontor ved misnøye er heller ikkje eit grep som høyrer heime i eit demokrati.

Vi skriv for dei 250 000 unike brukarane vi har kvart år, ikkje berre dei som sit på Museplass. Med 45 prosents vekst i 2017 må vi gjere noko rett. Signala vi følgjer er føremålsparagrafen vår, samt dialogen med På Høyden-styret og universitetsstyret. Føremålsparagrafen vår definerer tilsette ved UiB som våre primære lesarar. Denne har verken noverande eller tidlegare leiing ønska å gjere noko med, heller ikkje prorektor Margareth Hagen, som var medlem i det første På Høyden-styret, der den redaksjonelle linja i stor grad blei definert.

Har ikkje satsa på uavhengig journalistikk

Å satse på nasjonal journalistikk om kunnskapssektoren er sjølvsagt ikkje feil, og vi lager gjerne meir nasjonalt stoff saman med søsteravisa vår, Khrono. Særleg dersom UiB-leiinga gir På Høyden meir ressursar, slik Curt Rice har gjort med Khrono i Oslo, og muleggjort veksten.

Men å slå dei to redaksjonane saman til éin Oslo-styrt redaksjon vil gi mindre mangfald i sektoren, ikkje meir. Det er ei grense for kor mykje lokale saker og debattar ein kan ha i ei avis som vil vere nasjonal.

Jobben med å gjere UiB synleg i samfunnet finst det allereie ei kommunikasjonsavdeling til. Dei meir enn 40 tilsette har mellom anna som oppgåve å gjere UiB kjent blant studentar og departementsrådar.

Uavhengig, kritisk journalistikk har ikkje vore ei satsing for UiB-leiinga dei siste åra. UiB-Magasinet er framleis eit organ utan ambisjonar om uavhengig dekning av forskinga ved UiB, mens Universitetet i Oslo har redaktørplakat for sitt magasin, Apollon. På Høyden har fått nei når vi har spurt om fleire journalistar.

I den siste lesarundersøkinga til På  Høyden svarte 7 av 10 lesarar at dei var nøgde eller særs nøgde med På Høyden, og berre 2 prosent var misnøgde. Samtalane UiB-leiinga no har med OsloMet-leiinga skjer heilt utan at På Høyden-styret eller redaksjonen er tatt med på råd, på eit tidspunkt der UiB ikkje eingong har nokon fast tilsett kommunikasjonsdirektør. Sett frå sidelinja er det til å undre seg over eit leiarskap som set i gang slike prosessar utan å ta dei det gjelder med på råd, men heller styrer alt frå toppen.

Å flytte den strategiske redaktørmakta til Oslo og fjerne den lokale arenaen for debatt og journalistikk er lite framsynt politikk for eit universitet som er tufta på demokrati og ideal om fri og kritisk meiningsutveksling. Det er kritikken som gir ny kunnskap.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed