Alle treng ikkje doktorgrad

Publisert:6. februar 2018Oppdatert:6. februar 2018, 12:12
Alle treng ikkje doktorgrad, og ein må sjå på andre ordningar, som til dømes praksisprofessorar, skriv Geir Anton Johansen.

Høgskular som blir universitet trugar ikkje profesjonserfaringa sin plass i høgare utdanning.

I eit debattinnlegg i Bergens Tidende 29. januar uttrykkjer kollega Joar Sande frykt for ei akademisering av høgskulane i Noreg. Mange i universitets- og høgskulesektoren i Noreg er opptekne av akademisering, men det er eit vanskeleg omgrep å ta omsyn til.

I sektoren vår blir det stadig høgare krav om at meir av verksemda skal vere tufta på forsking og forskingsbasert kunnskap. Dette betyr likevel ikkje at vi gjev avkall på det profesjonsnære og arbeidslivsretta. Det er ikkje lenger slik i Noreg at eit universitet er eit universitet. Vi snakkar gjerne om dei gamle universiteta og dei nye, som tidlegare var høgskular.

Dei nye universiteta har framleis ein meir profesjonsretta profil enn dei gamle, med hovudvekt på anvendt forsking.

Utviklinga vi opplever no, er ei følgje av at vi i dag lever i eit kunnskapssamfunn som er i rask utvikling, til dømes innan datateknologi. Det ikkje lett å føreseie den vidare utviklinga, utover at den vil gå stadig fortare. Den same utviklinga fargar også næringslivet og andre sektorar som tilset våre kandidatar.

Dei uteksaminerte studentane må følgjeleg ha ein annan ballast i dag enn dei hadde for få år sidan.

Sande har heilt rett i at våre studentar, som ein del av denne omstillinga, også framover må bli eksponert for lærarar med profesjonserfaring, og ikkje berre dei som har forskingserfaring. Denne balansen er utfordrande, sidan dei fleste av forskarane vi tilset sjeldan har profesjonserfaring. I tillegg må det setjast av tid til forsking og utvikling av studieprogram på master- og doktorgradsnivå, samtidig som bachelorutdanningane skal vere som før.

Det gjer det ikkje enklare at høgskulane og dei nye universiteta er dårlegare finansiert enn dei gamle universiteta.

For mange små- og mellomstore bedrifter er dette spesielt viktig, sidan mange av desse ikkje har eigne forskings- og utviklingsavdelingar.

Ingeniørfaga arbeider tett saman med ulike typar klyngjer og nettverk, med medlemmar både frå næring, høgskule og universitet og andre bransjar. Vi har stor støtte i næringslivet for vidareutvikling av våre ingeniørstudiet, også finansielt.

Men vi er tvungne til å heile tida tenkje nytt: Vi må hente ekstern finansiering og vi må få på plass fleire kandidatar for nærings-ph.d.-ar, som delar arbeidstida mellom bedrifter og høgskule eller universitet.

«Praksisprofessor» er ein ny stillingskategori som er under utgreiing i Noreg, etter modell frå utlandet. Dette kan vere godt kvalifiserte fagfolk med lang næringserfaring, som blir ein permanent del av fagmiljøa. Det gir godt håp for framtida, og for sterke profesjonsutdanningar som utdannar dyktige fagfolk, at desse vert betre finansiert. Dette er også under utgreiing.

I tillegg vil vi fortsette å tilsette fagfolk med profesjonserfaring som høgskulelektorar. Det er ikkje eit mål at alle skal ha doktorgrad.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed