Tre ting gjekk gale i skråstrek-saka

Publisert:25. oktober 2017Oppdatert:3. november 2017, 13:39
Ein skråstrek har sendt ei tilsetjingssak ved Det humanisitiske fakultetet ut på ein ekstra runde. Arkivfoto: Magnus Vabø

Me frå nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo har brukt frasen “sosiolingvistikk/dialektologi” i våre utlysingstekster. Men me har aldri meint at skråstreken skal tolkast slik komiteen i Bergen har gjort i dette tilfellet.

I to saker publiserte i På høyden 20. oktober, http://pahoyden.no/2017/10/skrastrek-forte-til-strafferunde-i-ansettelsessak og http://pahoyden.no/debatt/2017/10/en-skrastrek-til-besvaer, kjem det fram at tolkinga av ein skråstrek i ei utlysingstekst har ført til stor debatt.

I den akutelle utlysingsteksta heiter det at “Det er framfor alt ønskjeleg at den som vert tilsett, har forskingskompetanse i nordisk sosiolingvistikk/dialektologi”. Ein av søkjarane har sendt inn ein merknad og meiner, med tilvising til Språkrådet, at skråstreken her må tolkast som “eller”, d.e. “sosiolingvistikk eller dialektologi”. Komiteen går med på at dette er “normaldefinisjonen av funksjonen til en skråstrek”, men har likevel valt å tolka skråstreken annleis, etter det dei meiner var “intensjonen bak stillingsomtalen”.

Dei har tolka tekstfrasen slik at ordet “dialektologi”, som står etter skråstreken, skal vera inkludert i ordet “sosiolingvistikk”, som står framfor skråstreken. Dette grunnar dei på at “de fleste som arbeider med nordisk språkvitenskap vil være enige i [at] teoretisk og metodisk oppdatert dialektologi i vesentlig grad er inkludert i det som kalles sosiolingvistikk”. Difor sluttar komiteen at “kompetanse i sosiolingvistikk er uomgjengelig” og at “sosiolingvistisk kompetanse, ved at det står før skråstreken, er et ubetinget krav” og “et ufravikelig krav”.

Tre ting har gått gale her. For det fyrste skal ein sakkunnig komité vurdera søkjarane opp mot det som står skrive i utlysingsteksta, og ikkje det dei meiner har vore intensjonen bak teksta. For det andre kan ikkje komiteen slutta at ein viss kompetanse skal vera eit “ufravikelig krav” når det i teksta står at kompetansen er “ønskjeleg”. For det tredje er eg ikkje samd i at dialektologi er nøydd til å vera inkludert i sosiolingvistikken. Eg arbeider og publiserer innanfor båe dei to fagområda, so eg tykkjer eg skulle ha grunnlag for å meina noko om den saka.

Komiteen skriv sjølv at ein kan driva med forsking innanfor fagområdet dialektologi på to måtar som ikkje fell inn under sosiolingvistikk. Det eine er når ein studerer språkstrukturen, eller grammatikken, i ei eller fleire dialekter, som til dømes lydsystemet, ordbøyingane eller setningsoppbygginga. Desse språkstrukturane kan ein so granska isolert eller i jamføring, og på den måten få kunnskap om historisk utvikling eller dialekt-typologi (d.e. kva som er vanleg og uvanleg i dialektene). Komiteen meiner det er “urimelig” å tolka “dialektologi” på denne måten her, av di ordet framfor skråstreken er “sosiolingvistikk” og ikkje “strukturell lingvistikk”. Men dette vert ei sirkelslutning. Komiteen ser ut til å ha lagt til grunn at “dialektologi” skal tolkast inn under “sosiolingvistikk”, og difor meiner komiteen at det vert urimeleg å tolka “dialektologi” på ein slik måte at det ikkje høyrer inn under “sosiolingvistikk”. Premissen er med andre ord alt lagd.

Den andre måten å forska på dialektologi på som ikkje fell inn under sosiolingvistikk, er når ein studerer historisk språkvitskap og språkendringar, ei tilnærming som komiteen kallar “gammel, før-moderne og asosial”. Trass i desse negativt ladde orda går komiteen med på at desse “gamle metodene” er “valide og respekterte” enno i dag. Her ser det ikkje ut til at komiteen eingong har vurdert å la termen “dialektologi” femna om slik forsking, av di denne tilnærminga “undervises i liten grad i dag og […] har lavt rekrutteringspotensial blant studenter”. Eg er ikkje samd i den karakteristikken. Eg underviser i norsk språkhistorie ved Universitetet i Oslo, eit kurs som i stor grad dreiar seg om historisk dialektologi. Det kurset er no det mest populære mellom dei valfrie kursa på nordisk språkvitskap, so eg ser ikkje noko problem med rekrutteringspotensialet. Røynsla mi er at studentar og folk flest faktisk er ganske interesserte i språkhistorie og historisk dialektologi. Men dette skal uansett ikkje vera relevant i denne saka. Ein sakkunnig komité skal ikkje vurdera søkjarane opp mot område der komiteen sjølv meiner det er eit “rekrutteringspotensial blant studenter”, men han skal vurdera søkjarane opp mot dei kompetansekrava og -ynska som vert stilte i utlysingsteksta.

Det er liten tvil om at fagmiljøet på nordisk språkvitskap i Bergen vil ha ein sosiolingvist. Sidan leiaren i den sakkunnige komiteen kjem frå det same fagmiljøet, so har han direkte kjennskap til kva som har vore “intensjonen bak stillingsomtalen”. Det er ikkje fyrste gongen i universitetshistoria at eit institutt skriv ei utlysingstekst som viser seg å ikkje samsvara med det dei eigenleg ville ha. I slike tilfelle kan ein anten halda seg til teksta og tilsetja ein person som ein kanskje ikkje hadde i tankane, eller ein kan trekkja attende stillinga. Eg har sett båe desse utfalla sjølv. Det som verkar mindre heldig, er at den sakkunnige komiteen tolkar teksta på ein måte dei sjølve vedgår er unormal slik at ho kan passa med det fagmiljøet eigenleg meinte.

Til slutt kan eg opplysa om at me frå nordisk språkvitskap her ved Universitetet i Oslo sjølve har brukt frasen “sosiolingvistikk/dialektologi” i våre utlysingstekster, der me aldri har meint at skråstreken skal tolkast slik komiteen i Bergen har gjort i dette tilfellet. Det er difor vanskeleg å vera samd med komiteen om at “de fleste som arbeider med nordisk språkvitenskap vil være enige i [dette]”.