Den samfunnsforplikta høgskulen

Publisert:31. juli 2017Oppdatert:31. juli 2017, 16:20
Sogn og Fjordane er representert i HVL-leiinga, sjølv om ingen kjem frå kampusen i Sogndal, slår Gunnar Yttri fast.

Leiarartiklar om Høgskulen på Vestlandet er som ei lissepasning å rekne, skriv Gunnar Yttri. 

På treningsfeltet i 1970-åra oppnådde det unge fotballtalentet legende-status ved å oversjå lissepasningar frå trenaren. I 2017 må ein ny og ambisiøs høgskule ta godt vare på lissepasningar.

Eg vaks opp i grenda Kvam, nokre kilometer aust for Sogndalsfjøra.  I kameratflokken handla det meste om fotball. Harald  Aabrekk, det unge fotballtalentet frå Eid, vart tidleg i 1970-åra snøgt ein av dei store heltane. Talentet var udiskutabelt. Det var kraft, presisjon og tempo, og sjeldsynte tekniske detaljar.

Men det som verkeleg sette spor var forteljingar om dei ikkje-sportslege prestasjonane. Dei eldste i kameratflokken følgde tidt treningane til fotball-laget Sogndal. Dei rapporterte om ein unggut som kunne gjera mest utenkjelege ting på treningsfeltet. Eit døme var ei øving der ein trena på avslutningar på mål. Trenaren slo innlegg, alle spelarane avslutta etter beste evne, berre ikkje Harald Aabrekk. Om han ikkje var nøgd med innlegget let han det passera forbi, jamvel om det var opplagt for alle at han med litt innsats kunna ha nådd fram til ballen. Men kroppsspråket og blikket til 17 år gamle Harald Aabrekk var ikkje til å ta feil av. Det var trenaren som måtte ta seg kraftig i saman.

Med nær 1600 årsverk, over 16 000 studentar og eit budsjett på meir enn 1,7 milliardar kroner, talar me om ein ny og mektig samfunnsinstitusjon

Kva slik åtferd betydde for trenargjerning og lag-ånd skal her vera usagt. Men i kameratflokken min var det denne miksen av formidabelt talent og anti-autoritær, bohem-aktig åtferd, som sikra Harald Aabrekk legende-status mange år før sportslege resultat tilsa det.

Den nye høgskulen
Høgskulen på Vestlandet vart skipa 1.1.2017 med Berit Rokne som rektor. Med nær 1600 årsverk, over 16 000 studentar og eit budsjett på meir enn 1,7 milliardar kroner, talar me om ein ny og mektig samfunnsinstitusjon. Med campus i Førde, i Sogndal, på Stord, i Haugesund og i Bergen, vil Høgskulen på Vestlandet spela ei nøkkelrolle i regionen. «Høgskulen på Vestlandet skal ha eit nært samarbeid med samfunns-, arbeids- og næringsliv, og yta bidrag til regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsutvikling.» Dette er  grunnpremissar i avtalen som ligg til grunn for den nye institusjonen.

Sut for høgskulen

«Høgskulen og framtida i vest» var tittelen på leiarartikkelen i Sogn Avis 24. juni 2017. Leiaren uttrykkjer uro for fylket Sogn og Fjordane sin representasjon i styre og leiing, og peikar på at det er langt fram til universitetsambisjonen kan realiserast.  I det heile har leiaren vanskar med å finna positive konsekvensar av at styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane i juni 2016 valde å  gå inn i ein fusjon med Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund.

Leiaren uttrykkjer uro for fylket Sogn og Fjordane sin representasjon i styre og leiing, og peikar på at det er langt fram til universitets- ambisjonen kan realiserast

Er det grunn til uro? Er det ingen positive konsekvensar i sikte? Dette kan det vera ulike vurderingar av. Både som tilsett i høgskulen og som representant i styret har eg lyst til å koma med nokre.

Det nye høgskulestyret

Leiarartikkelen gir inntrykk av at  Sogn og Fjordane ikkje er representert i det nye høgskulestyret. Dette stemmer ikkje. Styresamansetjinga i inneverande periode fram til sommaren 2019 er i tråd med det dei tre tidlegare høgskulane vart samde om i fusjonsavtalen i juni 2016.  To av 13 styrerepresentantar (ein fagtilsett og ein student) er frå den delen av høgskulen som er omtala som nær-region Sogn og Fjordane. Dette er på lik linje med nær-region Stord/Haugesund, medan nær-region Bergen har fire. Dei fem styreplassane som då står att består av eksterne representantar. Også her er det lagt opp til ein viss geografisk representasjon og styreleiaren er mellom dei eksterne representantane. Styreleiar er Arvid Hallén.

Den nye leiarskapen

Leiaren uttrykkjer også uro for at ingen av prorektorane som er tilsette våren 2017 har bakgrunn frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er ei uro eg noko på veg deler. Men mi uro har eit anna grunnlag enn bustadadresse. Høgskuleverksemda i Sogndal og i Førde har dei seinare åra  vore inne i ei fin utvikling. Resultata innanfor utdanning  og forsking var i 2016 betre enn nokon gong tidlegare. Noko av grunnlaget er at leiarskapen har vore gjennom ei gradvis fornying og modernisering. Arbeidet har i mykje vorte leia av ein ny generasjon leiarar; målmedvitne, fagleg og administrativt dyktige, med erfaring og resultat frå nasjonale arenaer,  og med evne til å byggja ulike fagmiljø i topp og breidde.

Når ingen frå denne nye generasjonen leiarar vert del av det nye rektoratet, kan ein gjerne stilla spørsmål ved fornufta i dei interne prosessane. Ein kan lett verta mismotig. Det er i det heile eit vanskeleg trekk ved samanslåinga at fleire leiarar som kvar for seg gjorde godt arbeid som topp-leiarar i dei tre tidlegare høgskulane, ikkje vert del av det første rektoratet. I det generelle gjeld ikkje dette berre Sogn og Fjordane, det gjeld også Bergen og Stord/Haugesund.

Som styremedlem i Høgskulen på Vestlandet er eg likevel nøgd med å ha tilsett tre prorektorar med solid leiarerfaring frå dei to andre fusjonspartnarane.  Frå 1. august 2017 er  Bjørg Kristin Selvik prorektor for utdanning, Gro Anita Fonnes Flaten er prorektor for forsking, og Liv Reidun Grimstvedt er prorektor for samhandling.  Prorektorane har i tillegg til fagleg ansvarsområde for heile institusjonen også eit særskilt geografisk ansvar. Bjørg Kristin Selvik er i tråd med dette prorektor i nær-region Sogn og Fjordane, Gro Anita Fonnes Flaten for nær-region Bergen og Liv Reidun Grimstvedt for nær-region Stord/Haugesund.

Dei fire fakulteta

Den nye toppleiinga består likevel av meir enn rektorat. Den nye høgskulen har organisert seg i fire fakultet og det er tilsett dekanar til å leia kvar av desse frå 1. august i år. Randi Skår (Førde) er dekan for fakultet for helse- og sosialfag, Anne Isabelle Robbestad (Haugesund) er dekan for fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, Geir Anton Johansen (Bergen) er dekan for fakultet for ingeniør- og naturvitskap, og Asle Holthe (Bergen) er dekan for fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Det er ikkje korrekt slik det går fram av leiarartikkelen i Sogn Avis at «fylket blir ståande utan representantar i den øvste leiinga». Randi Skår har lang fartstid i den tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane, som lærar, forskar og leiar, både i Sogndal og i Førde. Ho er opphavleg frå Stryn i Nordfjord.  Dei siste åra har Randi Skår vore dekan for Avdeling for helsefag i Førde. Det nye fakultetet for helse- og sosialfag som ho er fagleg og administrativ leiar for, har verksemd på alle dei fem campusane til den nye høgskulen, og er i omfang åleine større enn det Høgskulen i Sogn og Fjordane var.

Det er ikkje korrekt slik det går fram av leiarartikkelen i Sogn Avis at «fylket blir ståande utan representantar i den øvste leiinga»

I siste møtet før sommaren tilsette styret elles Tage Båtsvik som organisasjonsdirektør. Stillinga som økonomidirektør vert lyst ut eksternt. Det er å håpa at gode søkarar melder seg.

Det samfunnsforplikta universitetet

Universitetsambisjonen til Høgskulen på Vestlandet var oppe til drøfting i det same styremøtet. Drøftingane kunne ta utgangspunkt i eit solid utgreiingsarbeid utført av ei intern arbeidsgruppe med utsendingar for alle nær-regionar. Arbeidsgruppa legg vekt på at universitetet som skal byggjast må vera ein ny type universitet, eit universitet som er særskilt engasjert og byggjande i regionen. Dette samfunnsforplikta universitetet kan springa ut av Høgskulen på Vestlandet sin ambisjon om å vera ein viktig aktør for innovasjon og framtidig verdiskaping på Vestlandet.

Både arbeidsgruppa og styret erkjenner at det må brukast tid til å byggja eit slikt universitet. Krava til utdanning, forsking og kompetanse er høge. Det ligg faktisk mykje klokskap i å bruka litt tid på universitetsambisjonen. Det eine er at dette lettare kan gi ulike fagmiljø i dei ulike nær-regionane eigarskap til ambisjonen. Det andre er at universitetsstatus ikkje er eit sjølvstendig mål, men primært er eit middel for å utvikla stadig sterkare utdanningar, forsking og formidling. Det tredje er at i alle åra fram til universitetsstatusen er nådd skal Høgskulen på Vestlandet vera ein samfunnsforplikta høgskule som set gode spor etter seg.

Blikket innover

Våren 2017 har Høgskulen på Vestlandet gjennomført eit omfattande arbeid for å gjennomføra fusjonen. Mykje tid og ressursar har vorte nytta til interne møte og ordskifte,  og naudsynte endringsprosessar. Jamvel med digitale hjelpemiddel har reiseverksemda vorte formidabel. Også til hausten og inn i 2018 vil det gå føre seg mykje internt prega arbeid. Ein ny høgskule skal byggjast fagleg og administrativt.

I slike prosessar har blikket til leiing og tilsette lett for å verta vendt innover mot eiga verksemd. For ein høgskule som har store regionale ambisjonar, ein høgskule som er skipa for å utgjera ein reell skilnad i eige omland, er dette opplagt ei utfordring. Det har vore  arbeidd intenst for at fusjonsarbeidet ikkje skal gå utover kvalitet og omfang innanfor utdanning og forsking. Resultat innanfor utdanning og forsking våren 2017 tyder på at ein langt på veg har lukkast med dette.

Positive resultat og lissepasningar

For mange av oss som arbeider i høgskulen er det ganske opplagt at fusjonen alt har gitt fleire positive resultat og ikkje minst eit sterkare fagleg grunnlag. Når gode fagfolk møtest til forpliktande samarbeid kan det skje fine ting. Nye samarbeid i utdanning og forsking er i kjømda. Eitt av fleire døme er at masterprogrammet i organisasjon og leiing med ansvarleg fagmiljø i Sogndal alt denne hausten også vert tilbydd i Haugesund. Fusjonen gir også auka og spanande ambisjonar. Kan til dømes fusjonen gi grunnlag for at fagmiljøa i økonomi og administrasjon dannar ein handelshøgskule på Vestlandet? Eller kan det fine idrettsfagmiljøet i Sogndal saman med kollegaer i dei to andre nær-regionane utvikla seg til ein ny idrettshøgskule på Vestlandet?

For å realisera dei gode måla som ligg til grunn for Høgskulen på Vestlandet, står det likevel særs mykje arbeid att. Det er uansett eit problem om arbeid, resultat, tilbod og ambisjonar ikkje vert gjort kjende i regionen ein arbeider i. Ser me til andre høgskular og universitet, finn me tidt og ofte ein leiarskap som tek aktivt del i og formar det offentlege ordskiftet.  I det vidare må Høgskulen på Vestlandet leggja langt større vekt på å kommunisera raskt, aktivt og inviterande, ikkje minst til nærings- og arbeidslivet på Vestlandet.

I ein slik samanheng er leiarartiklar i lokalaviser som viser sut for høgskulen for reine lissepasningar å rekna. Slike lissepasningar må  nyttast til å gjera arbeid og resultat betre kjende i det geografiske området der høgskulen har eit særskilt ansvar for å bidra i samfunnsutviklinga og til å finna gode samarbeidspartar.

Leiartikkelen i Sogn Avis har ikkje vorte kommentert offentleg av leiinga i høgskulen. Ein har late lissepasninga passera.

The Sound of Silence

Leiartikkelen i Sogn Avis har ikkje vorte kommentert offentleg av leiinga i høgskulen. Ein har late lissepasninga passera. Heller ikkje avtroppande prorektor Rasmus Stokke med kontorplass i Sogndal har funne grunn til å kommentera den suta høgskulen vert vigd på leiarplass. Det siste halve året har Stokke hatt særskilt ansvar for nær-region Sogn og Fjordane og har slik vore tettast på leiarkabalane som er lagde.

Teiing og stille er også ein bodskap, ein bodskap med eit uendeleg tolkingsrom. Det er eit slikt tolkingsrom ei ansvarleg leiing må ta grep om. The Sound of Silence er ein av dei vakraste songane til 60-tals duoen Simon & Garfunkel. Men den kan ikkje vera kjenningsmelodien til den samfunnsforplikta Høgskulen på Vestlandet.

Innlegget er først publisert i Sogn Avis 12. juli 2017 og på bloggen Krohnargument.